TUR-ORIENTERINGA ER I GANG
Sigvald Robberstad melder at nå er tur-orienteringa i gang for 2023. Det same er Åsatrimmen.
I år er tur-orienteringspostane lagde i området sørover på Halsnøy. Det betyr at FATLANDSKOGEN ligg som eit smørauge midt i dette området. Parkering ved RAUALØO vil då vera naturleg for ein god del av postane.
Ansvarlege for opplegget i år som dei siste åra, er Halsnøy o-lag, i samarbeid med Haug & Hammar.
Tilboda er opne for alle, både store og små, unge og eldre. Deltakarkort og tur-o-konvoluttar er tilgjengelege i butikkane Buketten på Sæbøvik, og Anne Maries Blomster på Husnes.
Tek du ein tur gjennom rundløypene våre, vil du heilt sikkert treffa på ein eller fleire av tur-o-postane. Då er det frykteleg dumt å ikkje ha klippekortet og kartet med seg.
Så løp og kjøp!
27.03.2023

Her studerer Anna ein av årets tur-o-postar. Denne ligg midt i ei av rundløypene våre.
GULLBRYLLAUP PÅ GULLHAUG
Ja, me har snakka om det lenge. At gullbryllaup på GULLHAUG skal bli favorittarrangementet vårt. Og nå har det altså skjedd.
Den 10. mars hadde me gullbryllaup i kapellet, der Bente og Per Ove Kviteberg sa ja til kvarandre på nytt, etter femti års betenkningstid.
Arrangementet var fantastisk, seier både gullbrureparet og dei 10 gjestene.
Synest du det høyrest spennande ut? Og aldri så lite freistande?
Då han du lesa meir her.
21.03.2023
Foto: Atle Helland
DET BLIR PÅSKEFEST I NATURSTIEN!
I påskeveka i fjor var det flott vêr for det meste, og då var det naturlegvis massevis av folk i NATURSTIEN og elles i FATLANDSKOGEN. På nokre av dagane var det faktisk altfor få parkeringsplassar.
Blir det like fint i år, reknar me endå meir folk. For nå er FATLANDSKOGEN endå meir kjend mellom folk, over eit endå større distrikt. Difor byrjar me allereie å førebu oss.
Det eine er at me ryddar opp i stor stil inne på sagbruksområdet. Ved å stilla dette området til disposisjon for parkering i påskeveka, vil me meir enn dobla parkeringsarealet.
Ver merksam på at det berre er i påskeveka du kan parkera ved sagbruket!
Det andre er at me vil pynta litt til påske. Det lange påskebordet vil bli dekka opp, slik det har blitt dei to føregåande åra. Og Nissehuset blir gjort om til Hønsehuset.
Det tredje er at lommeboka skrik etter pengar nå. Etter at Arne pensjonerte seg ved nyttår, har inntektene hans slutta å komma. Dermed er det ikkje så mykje anna enn arbeid og materialar me grunneigarane kan bidra med framover. Viktig det òg, sjølvsagt, men det trengs ein god slump pengar i tillegg.
Etter nyttår har det komme veldig lite inn på sponsorkontoen vår. Me vil takka av heile vårt hjarte dei som faktisk har sendt oss pengar, også alle dei som gav i fjor er me svært takksame overfor. Me fekk gjort mykje i fjor for dei pengane.
Men me har så mykje me vil gjera i år òg. Etappe 3 i NATURSTIEN har me byrja på, og LABYRINTEN, STEMMEN og STEMHILDEREN er allereie på plass der. Men me vil gjerne ha resten av denne etappen ferdig også dette året.
Difor blir det frå og med onsdag i påskeveka, til og med påskedag, ein liten stand i NATURSTIEN. Altså frå og med 5. til og med 10. april.
Her vil me mellom klokka 1400 og 1600 kvar dag selja vaflar, kaker, kaffi, og ikkje minst lynlodd. Kanskje andre ting òg. Inntektene går uavkorta til arbeidet med Etappe 3. Har du vinstar du gjerne vil gi bort, tek me imot med takk. Verdien bør vera rundt 100 kroner.
Det vil seia, på onsdagen fyller Arne 75 år! Den femte april.
Den dagen vil han feira i skogen, saman med alle gode venner av FATLANDSKOGEN. Og då blir sjølvsagt all servering gratis, så langt lageret rekk av kaker og andre godsaker! Det skulle tatt seg ut om han tok betaling frå gjestene på bursdagen sin. Då hadde han sikkert komme i avisa. Og der har han vel aldri vore før.
Men lynlodda må du naturlegvis betala for. Fest & basar, med andre ord!
Dette skal bli kjekt! Me snakkast i NATURSTIEN under påskefesten, om ikkje før!
12.03.2023
PS. Prosjektet med FATLANDSKOGEN vart starta opp av Anna og Arne straks etter at landet vart stengt ned, for nøyaktig tre år sidan, på dagen i dag den 12. mars. Det har vore korona-prosjektet vårt seinare. Påskefesten er difor treårs-jubileumsfest samstundes!
PS2. Også i år skal me få besøk av påskeharen. Han vil ikkje leggja ut egg, slik han har gjort før, for egga kostar flesk, seier han. I staden legg han ut gule posar, med mykje velsmakande innhald i, langs NATURSTIEN. Også dette blir visstnok frå onsdag til påskedag.

Mon tru om det er slik Arne vil stilla opp i NATURSTIEN den femte april? Møt opp, så finn du det ut. Klikk på bildet for å sjå kor stor Arne er blitt! Bildet er frå kapellet på GULLHAUG. Foto: Anna Gjerde.
HJORTESTIEN ER ENDELEG GANGBAR
Det er lenge sidan me byrja å snakka om HJORTESTIEN, men først nå er han ferdig skilta heile vegen. Anna og Arne har tatt seg saman og fått det på plass.
Denne løypa er kanskje den mest krevjande av dei tre rundløypene våre. Første etappen er enkel, for den går på bilveg, inn til steinbordet i Åsabakken. Den andre etappen har bratt stigning, så her treng du kanskje kvila på vegen. Den tredje etappen er ganske flat og fin å gå. Og den fjerde, heimover att frå Skaret, er berre unnabakke.
Les meir under HJORTESTIEN i menyen på toppen. Der finn du også bilde frå løypa.
Du må berre prøva denne løypa. Her er det berre hjorten som har vore før deg!
God tur!
16.02.2023
LIVET I FATLANDSKOGEN
Dei som er litt oppe i åra hugsar vel gammalvalsen Livet i Finnskogen, komponert og framført av trekkspelkongen Carl Jularbo. Underteikna spelar framleis den av og til, når fingrane ikkje er altfor stive. Kanskje burde me laga ein tekst som byter ut Finnskogen med Fatlandskogen?
Ein skulle vel tru at det ikkje er særleg liv i FATLANDSKOGEN nå om dagen, sidan vêret helst har vore pottesurt etter nyttår. Og dei aller verste dagane kan du gjerne få ha for deg sjølv, om du skulle finna på å ta turen.
Men jamnt over, og særleg nå i februar, så er det faktisk ein del folk som går tur. På laurdagar og søndagar kan det vera folk som oppheld seg i mange timar, gjerne ved ei av bålpannene, og det synest me grunneigarane er fantastisk kjekt.
Det er bålpanne på tre stader (tørr ved er på plass):
- NATURSTIEN, ved DET LANGE BORDET
- FATLANDSVATNET RUNDT og HJARTESTIEN, i gapahuken ved vatnet
- HJORTESTIEN, oppe ved steinbrotet (rullestolveg heilt fram)
Veldig koselege og vakre bilde kan ein laga om vinteren òg. Du ser nokre få av dei her.
Nyt dagane!
14.02.2023
PS. I dag var me på framsida av VisitNorway sin Instagram-konto, sjå her. Så HJARTESTIEN byrjar kanskje å bli internasjonalt kjend etter kvart?

NATURSCENEN er kanskje på sitt spenstigaste når det ligg snø rundt i terrenget. Januar 2023. Foto Vibeke Teigen.

Carl Jularbo som ung. Han skulle me gjerne hatt på NATURSCENEN! Foto: Ukjent/Wikipedia.

Gapahuken oppe i HJORTESTIEN er kanskje litt undervurdert av mange. Men utruleg lunt og koseleg er det her. Og rullestolen køyrer du heilt opp, og rett inn. Januar 2023.

Frå gapahuken ved FATLANDSVATNET RUNDT kan du sitja og studera svanene på isen. Januar 2023. Foto Hildegunn Ruud.

Ikkje gløym å ta turen oppom GULLHAUG viss vêret er fint. Bruk den vesle porten til høgre. Januar 2023.

GULLHAUG er berre gullhaug, meir er det ikkje å seia om det. Bortsett frå at utsikten er formidabel i sånt vêr. Januar 2023.

NY FLOTT VEGVISAR FOR RUNDLØYPENE
Mange er det som har stått ved RAUALØO og klødd seg i hovudet. Og spurt seg sjølve eller andre om kor dei skal gå for å finna denne vidgjetne HJARTESTIEN.
Det står jo skilt om dette, men ikkje alle har enno blitt vane med å lesa skilt, dei liker helst å berre gå i veg. Difor har me gjort litt for å informera betre.
Denne staselege vegvisaren, med retningspil for alle dei tre RUNDLØYPENE våre, står nå plassert rett ved parkeringsplassen. Og den som ikkje no klarar å sjå kva retning dei skal gå i, må snarast gå til optikar.
Det er Kjell Musland som har laga skilta. Sjølvsagt, hadde eg nær sagt. Og sidan dette var rett før jul, og han var i julestemning, og me bedyra at me hadde vore snille heile året, og han faktisk trudde på oss, så gav han skilta til FATLANDSKOGEN. Heilt gratis!
Tusen takk, Kjell! Endå ein gong!
23.01.2023
GODT NYTT ÅR!
Klikk på knappen 'Aktuelt i 2022' viss du vil sjå deg tilbake på året som gjekk.
Godt nytt år, ja. Me hadde eit godt år i fjor i FATLANDSKOGEN, då skjedde det mykje. Men året 2023 teiknar diverre ikkje like godt førebels.
Det er kanskje ikkje vanleg å starta eit nytt år med så pessimistiske tonar, spesielt når me har så mykje me vil ha gjort framover. Men problemet er pengar. Eller rettare, mangel på slike.
Nå ved nyttår sluttar eg, Arne, å jobba, og datafirmaet mitt har eg alt lagt ned. Sidan eg blir 75 til våren er det sanneleg på tide. "Alle" seier at eg fortener det no. Og takk for det, eigentleg!
Men så er det nå eingong slik at utan jobb og kundar, så sluttar pengane å komma inn. Tidlegare har me brukt alt av tid og pengar som var til overs, på å utvikla FATLANDSKOGEN. Nå blir det ingen pengar til overs i det heile.
Dessutan har det vore svart hav i det siste, når me har prøvt å få pengar frå fond og stiftingar. Me vil prøva litt til, men dersom det er like svart utover vinteren og våren, så vil det skje svært lite nytt dette året. Me jobbar med ein plan som kanskje kan gi resultat på litt sikt. Men førebels må arbeidet diverre gå på sparebluss.
Men du må gjerne gå tur nå om dagane, sjølv om vêret vekslar stadig. Når det er kuling og iskaldt rundt om, er det gjerne heilt vindstille i FATLANDSKOGEN. Nyttårsdag var eit typisk døme på dette, der folk koste seg i sola i skogen, mens det var iskald vind på GULLHAUG.
Bilda ved sida av her, viser litt om korleis det er i NATURSTIEN nå om dagane. Lysarrangementet vil stå oppe iallfall til og med kommande helg. God tur!
03.01.2023

Ulven, som Kjell Musland har laga nyleg, er kommen i sitt rette element.

Denne ugla er no på plass. Ho er den einaste dyrefiguren som ikkje er laga av Kjell, men derimot av sjølvaste verdsmeisteren i motorsagkunst. Han heiter Oliver Vogt.
Den lange blyanten har flytta på seg i det siste. Men han er framleis av tre. Og tre meter lang.

Kan du høyra ei knappe... eh ... furunål falla? Foto: Magne Djuve.

Nissane er framleis på plass i huset sitt, men verre er det med peparkakehjarta. Dei har nemleg fuglane ete opp! Foto: Magne Djuve.
