Kart over arenaer og trasear finn du i ein brosjyre i postkassen på RAUALØO. Ta den med deg i skogen.

KOR GÅR RUNDLØYPENE?
Rundløypene har fargekode blå, bortsett frå NATURSTIEN, som har grøn. Nedanfor kan du lesa meir om kvar enkelt løype.
Bruk gjerne kartet til venstre. Klikk for å sjå ein større versjon. Ved å høgreklikka på det, så kan du lasta det ned. 
Kartet er laga av Arne Gjerde, som har copyright. Du kan likevel bruka og distribuera det fritt, så lenge du ikkje endrar på noko av innhaldet, og så lenge føremålet med bruken/distribusjonen din ikkje på nokon måte strir mot føremålet til FATLANDSKOGEN. 
Det er ikkje lov å fjerna copyright-informasjonen på kartet.
Elles finn du eit større kart under RAUALØO i menyen.
NATURSTIEN
Kort og informativ sti som fortel om naturen, og som inneheld mange aktivitetar og ablegøyer undervegs. 20 minutt, eller meir dersom du undervegs slår deg ned ved dammen.
NB! Dette er ikkje ei skikkeleg rundløype før Trinn 2 er ferdig. Men du finn nok lett tilbake til RAUALØO likevel.
FATLANDSVATNET RUNDT
Kjapp og grei løype, 45 minutt. Eignar seg for trim, eller familierusling med små ungar. Ikkje rullestolvennleg.
I løypa finn du fleire spennande kulturminne, som REVABÅSEN, JERNVINNA, STEMMEN og STEMHILDEREN. På slutten av løypa er det ein gapahuk med utsyn over vatnet.​​​​​​​
HJARTESTIEN
Litt lengre løype, 90 minutt. Fin for trim, eller familierusling med større ungar.
Rett etter starten kjem du til ein gapahuk, med fin utsikt over Fatlandsvatnet.
Midtvegs passerer du HJARTET, som er blitt eit mål for mange.
Du passerer SÅTEFOTEN, der du kan ta ein snartur opp på SYDNESSÅTA om du føler deg sprek.​​​​​​​
GAMPESTIEN
Dette er ein litt lengre tur, for dei sprekaste. Du må kanskje rekna tre timar på turen. Her blir det fleire harde motbakkar å pusta og pesa seg opp, difor namnet GAMPESTIEN. Kanskje finn me eit endå betre namn etter kvart.
NB! Løypa er ikkje skilta endå! Dette vil ikkje bli gjort før ein gong i løpet av 2022.
Men du kan likevel prøva deg på eiga hand. Du startar ved RAUALØO og går innover HØGÅSVEGEN, forbi Stemkrysset og Geitura. Så tek du til venstre for Høgåsen, og til venstre for Nordåsen, til krysset Brakadalen, vidare den austre raude løypa sørover. Frå austfoten av Sydnessåta, klyv du så opp på toppen, og ned att på vestsida, til Såtefoten. Deretter ber det rett heimover att, via Bjelkahaugkrysset, Sinsenkrysset, Kjekaelva og Stølen. 

Når du kjem til toppen av Sydnessåta, må du skriva deg inn i boka. Skriv gjerne at du prøver GAMPESTIEN i dag.

Tilbake til toppen