Kart over arenaer og trasear finn du i ein brosjyre i postkassen på RAUALØO. Ta den med deg i skogen.

LØYPA
​​​​​​​Løypa eignar seg spesielt godt for trim, men også for familierusling med litt større ungar.
Det som særpregar løypa er at ho er lett og fin å gå, ikkje minst på grunn av alle kloppene og trappene over våte myrområde.  
Du startar ved RAUALØO, og så følgjer du skilta for HJARTESTIEN innover mot nordaust. Altså forbi Stemkrysset, vidare innover til Skaret ved Midtåsen.

Bruk gjerne kartet til venstre. Klikk for å sjå ein større versjon. Ved å høgreklikka på det, så kan du lasta det ned. 
Kartet er laga av Arne Gjerde, som har copyright. Du kan likevel bruka og distribuera det fritt, så lenge du ikkje endrar på noko av innhaldet, og så lenge føremålet med bruken/distribusjonen din ikkje på nokon måte strir mot føremålet til FATLANDSKOGEN. 
Det er ikkje lov å fjerna copyright-informasjonen på kartet.
Elles finn du eit større kart under RAUALØO i menyen.
ANSVARLEGE
HJARTESTIEN er ei løype som FATLAND VEL har ansvaret for å opparbeida og vedlikehalda, slik at ho er godt framkommeleg. Gode joggeskor er eit godt fottøy for turen. 
Leiaren Kjell Rune Asmervik har gjort ein fenomenal innsats, ved å bera ut plank og bord, og så snekra saman alle kloppene og trappene i løypa. Frå tidleg morgon til seine kvelden har du kunna treffa på han her, gjennom mange månader.
Grunneigar tek seg av skilting og informasjon i løypa elles.

Her er Kjell Rune i kjent stil, der han ber ut plank, for å laga fleire klopper lengre sør enn Hjartet, som du ser i bildet.

Tilbake til toppen