Eik og osp til høgre, gran og furu til venstre, og regnbogen midt i.

SKOGBRUK OG FRILUFTSLIV
NATURSTIEN går naturleg nok gjennom skogen. I denne skogen finn du mange av treslaga våre, og dei du ikkje finn her, finn du gjerne rundt om i dei andre arenaene i FATLANDSKOGEN. Gjennom NATURSTIEN finn du mange plansjar som fortel om dei ulike treslaga. Plansjane har stor skrift, slik at dei er leselege for både unge og gamle. 
Det er mykje flott skog innover frå Fatland, sett bådet frå skogbrukets og friluftslivets synsstad.
SKOGEN PÅ HALSNØY
På Halsnøy er det eit uvanleg rikt planteliv, ikkje minst finn du svært mange treslag her. Det er naturleg å tenkja at dette har samanheng med at Halsnøy er ei øy, der Golfstraumen, som kjem rett inn Hardangerfjorden, deler seg og såleis omsluttar øya på alle kantar. Dette gir eit mildt, fuktig og skogvennleg klima gjennom heile året.


Furuskog med to aldersklassar.
Furuskog med to aldersklassar.
Granskog er det planta mykje av i FATLANDSKOGEN.
Granskog er det planta mykje av i FATLANDSKOGEN.
Det blir mykje fint skurtømmer av dette.
Det blir mykje fint skurtømmer av dette.
Kristtorn har gode vilkår på Fatland. Denne er planta.
Kristtorn har gode vilkår på Fatland. Denne er planta.
Skoddedis på Fatlandstølen.
Skoddedis på Fatlandstølen.
Typisk barskog i FATLANDSKOGEN.
Typisk barskog i FATLANDSKOGEN.
Skogkledde Sydnessåta, med Fatlandsvatnet nedst i dumpa.
Skogkledde Sydnessåta, med Fatlandsvatnet nedst i dumpa.
Tilbake til toppen