FRILUFTSLIVET
I tillegg til skogbruket, så er det friluftslivet FATLANDSKOGEN er etla til. Det er her du lever det beste livet, ute i Guds frie natur, i alle slags vêr. Me kan gjerne gi deg info om dette, men det er viktigare med sjølve opplevinga. Dei mange aktivitetane det er og blir lagt opp til, både i NATURSTIEN og dei andre arenaene, må berre prøvast.​​​​​​​
TUR-ORIENTERING
Tur-orientering er populært, og det finst kvart år postar i og rundt FATLANDSKOGEN. Det er HALSNØY O-LAG og HAUG&HAMMER som administrerer dette opplegget, som gjerne blir kunngjort rundt påsketider. Då kan du kjøpa materiellet du treng på visse plassar på øya.
Sjå nedanfor nokre bilde om friluftslivet i NATURSTIEN.
Arne på tur i eigen skog.
Arne på tur i eigen skog.
Tilfeldig, men morosamt, med Anna og Arne sine initialar på tur-o-posten.
Tilfeldig, men morosamt, med Anna og Arne sine initialar på tur-o-posten.
Ein hyggeleg prat ved bålpanna i NATURSTIEN.
Ein hyggeleg prat ved bålpanna i NATURSTIEN.
Turgjengarar på veg innover mot FATLANDSKOGEN.
Turgjengarar på veg innover mot FATLANDSKOGEN.
O-sporten er ikkje heilt gløymd. Her tre Gjerde-funksjonærar under O-VM i Østfold i 2020.
O-sporten er ikkje heilt gløymd. Her tre Gjerde-funksjonærar under O-VM i Østfold i 2020.
Tilbake til toppen