KULTUR I NATURSTIEN
Mange former for kultur blir presenterte i NATURSTIEN, mellom anna held me på å få på plass nokre element som viser litt ultralokal historie om Fatland. Dessutan vil det i RAUALØO, som er startpunktet for NATURSTIEN, bli laga til ein utstilling (minimuseum) som viser korleis denne landbrukseigedommen har endra seg opp gjennom dei siste 70 åra.
Og sjølvsagt er det kultur, når Kjell Musland lagar slike fantastiske figurar langs løypa? Og når låvenissen i RAUALØO viser seg fram med det same han høyrer ordet "jul"? Og han spelar julelåtar frå låvedøra si, eller ein annan stad i NATURSTIEN?
Og NØKKEN i dammen er som henta rett ut frå Asbjørnsen & Moe si eventyrbok.
Og kva med friluftsgudstenestene som har vore årvisse på Fatland? Inntil oppslutnaden vart for liten, men dette skal me nok snart klara å få på plass att.
Ved DET LANGE BORDET vil det dessutan frå tid til anna bli skipa til kulturelle arrangement av ymse slag, både av oss og av andre.​​​​​​​
KULTURMINNE
Kulturminne finn du ein del av rundt i FATLANDSKOGEN, og desse vil bli presenterte i RAUALØO, ved starten av NATURSTIEN. Kulturminna finn du kanskje andre stader i FATLANDSKOGEN, mellom anna i arenaene HØGÅSVEGEN, FATLANDSVATNET RUNDT og TURLØYPER finst det mange spennande kulturminne. 
Sjå meir under kvar av desse i menyen over, og på bilda nedanfor.
Sjå nedanfor ein del bilde som syner ulike former for kultur, mest i FATLANDSKOGEN, men også litt elles i bygda.
Nøkken stikk hovudet opp av dammen i NATURSTIEN. Han ser nesten levande ut, henta rett ut av eventyret. Skummelt!
Nøkken stikk hovudet opp av dammen i NATURSTIEN. Han ser nesten levande ut, henta rett ut av eventyret. Skummelt!
Skogdag i 2011 i FATLANDSKOGEN, med tusenkunstnaren og tidlegare verdsmeister Olav Antonsen.
Skogdag i 2011 i FATLANDSKOGEN, med tusenkunstnaren og tidlegare verdsmeister Olav Antonsen.
Barjentene i cowboyparty på Fatland i 2009.
Barjentene i cowboyparty på Fatland i 2009.
Gamlehuset på Fatland, bygt før 1850, flott restaurert av Ingemund.
Gamlehuset på Fatland, bygt før 1850, flott restaurert av Ingemund.
Totempelen med tre ulike ansikt, laga av kunstnaren Kjell.
Totempelen med tre ulike ansikt, laga av kunstnaren Kjell.
Jonsokbryllaup i båthamna rundt 1993.
Jonsokbryllaup i båthamna rundt 1993.
Åshild Ulstrup fortel oss om huldrer på jonsokfesten, rundt 1993.
Åshild Ulstrup fortel oss om huldrer på jonsokfesten, rundt 1993.
Pappa Leiv stablar materialar på saga. Måleri av Ansgar Jacobsen.
Pappa Leiv stablar materialar på saga. Måleri av Ansgar Jacobsen.
Pappa Leiv, med Jobu Junior-saga, rundt 1958. Foto: Johannes Arnevik.
Pappa Leiv, med Jobu Junior-saga, rundt 1958. Foto: Johannes Arnevik.
Brørne Lars og Leiv ventar på posten. Kanskje på åttitalet?
Brørne Lars og Leiv ventar på posten. Kanskje på åttitalet?
Låvenissen ler av koronamaskene til fjompenissane.
Låvenissen ler av koronamaskene til fjompenissane.
Broder Torvald trakkar lasset på 60-talet. Arne køyrer og fotograferer.
Broder Torvald trakkar lasset på 60-talet. Arne køyrer og fotograferer.
Sjøhuset i Fatlandshavnen. Måla av Inga Juel Koløy.
Sjøhuset i Fatlandshavnen. Måla av Inga Juel Koløy.
Friluftsgudsteneste på GULLHAUG mai 2010, Terje Nag var prest.
Friluftsgudsteneste på GULLHAUG mai 2010, Terje Nag var prest.
Løa frå 1936 har her sett sine beste dagar. Foto Kari Brandal.
Løa frå 1936 har her sett sine beste dagar. Foto Kari Brandal.
Den store løa vår frå 1936, vart riven i 2008. Det tok 22 minutt!
Den store løa vår frå 1936, vart riven i 2008. Det tok 22 minutt!
Fatland, sett frå GULLHAUG, for over hundre år sidan.
Fatland, sett frå GULLHAUG, for over hundre år sidan.
Ein svært koseleg indianarfest på GULLHAUG i 2009, som overrasking til ein nybakt femtiåring. Foto: Unni Landa Haugland.
Ein svært koseleg indianarfest på GULLHAUG i 2009, som overrasking til ein nybakt femtiåring. Foto: Unni Landa Haugland.
Tilbake til toppen