ATTRAKSJON!
Etter det Kjell seier, så blir dette den største attraksjonen i SKOGSTIEN. Og sidan det er han som har laga dei flotte grisene, må me høyra på han. 
Her kan du ta bilde av venner du måtte klara å lokka til å stikka hovudet gjennom holet. Kanskje det kan bli julekort til neste år? Til folk som ikkje visste at vennene dine har svin på skogen?



EVENTYRET OM DEI TRE BLIDE GRISENE
Det står oppslått eit eventyr om dei tre grisene, og korleis dei hamna langt inne i skogen. Og ei vise om korleis dei opplever å vera her. Du ser dei tre versa på bildet til høgre. 
Det er faktisk eitt vers til på Svinevisa. Men du må nok ta ein tur i SKOGSTIEN viss du vil vita kva det går ut på.
HOPP OG SPRETT
På plassen rundt svina er det lagt opp eit aktivitetsområde der det skal bli råd å gjera visse kroppsøvingsaktivitetar. 
Førebels er det kommen på plass ei hoppegrop for lengdehopp utan tilløp. Dessutan nokre stylter som du kan rusla rundt på. 
Etter kvart skal det bli meir kjekke ting, med tanke på å oppnå olympisk toppform før OL i Tokio til sommaren.
OG HUGS SKOGVETTREGEL NUMMER EIN:
Legg ikkje ut på tur utan å ha appelsiner, sjokolade og sitjeunderlag med deg! 
Men skulle du likevel ha gløymt sitjeunderlag, kan du kjøpa hos oss. Dersom du vippsar 60 kroner (= sjølvkost) til 938 17 200, kan du finna deg eit av dei praktiske sitjeunderlaga som du ser på bildet til høgre. 
Du finn dei i SKOGSTIEN hos SVIN PÅ SKOGEN. Snart vil du også finna dei i RAUALØO og i gapahuken ved Fatlandsvatnet.
Tilbake til toppen