DYRELIVET
Dyrelivet er godt illustrert ved plakatar og plansjar i NATURSTIEN, men ikkje minst gjennom dei fenomenale utskjeringane i tre som er gjort av motorsagkunstnaren Kjell Musland. Alt skal vera kortreist her i FATLANDSKOGEN, og Kjell, som bur på Seimsfoss i Kvinnherad, er naturlegvis ikkje noko unnatak.
PLAKATAR OM DYRELIVET
Kjell Musland har med motorsaga si laga mange skulpturar av dyr gjennom NATURSTIEN. Alle dyra er presenterte med sin eigen plakat, som fortel i grove trekk litt om dyret sine eigenskapar, og kor det er å finna.
Sjå nedanfor nokre bilde om dyrelivet i NATURSTIEN.
Kråka ertar visst bjørnen, som snur seg vekk.
Kråka ertar visst bjørnen, som snur seg vekk.
Fotomotiv i fleng.
Fotomotiv i fleng.
Kjell legg siste målingstrøket på bjørnen.
Kjell legg siste målingstrøket på bjørnen.
Reven ligg under bjørkerot, og haren hoppar på lette fot. Slik song Bjørnstjerne Bjørnson.
Reven ligg under bjørkerot, og haren hoppar på lette fot. Slik song Bjørnstjerne Bjørnson.
Kjell klappar bjørnen på aksla.
Kjell klappar bjørnen på aksla.
Ørna og ikornet glir fint inn i omgivnadene.
Ørna og ikornet glir fint inn i omgivnadene.
Tilbake til toppen