NÆRINGSEIGEDOMMEN
Hovudbruket på Fatland (gnr 1) er ein skogeigedom, med eige sagbruk og hall for produksjon av diverse trevarer. Skogen på garden blir difor stelt omhyggeleg med tanke på at det skal produserast mest mogleg skog som gir kvalitetstømmer. 
Å selja rundtømmer er ikkje god butikk, ein vanleg skogeigar må difor alltid ha anna arbeid ved sida av. Målet vårt er derimot at neste eigar av eigedommen skal kunna leva godt av å ta ut råvirke frå eigen skog, og foredla dette på sagbruket og i produksjonshallen. Og truleg kan det bli nokre fleire arbeidsplassar i tillegg.
Trass i at tømmerproduksjon er det primære for ein skogeigedom, har me lagt stor vekt på det som me kallar fleirbruksomsyn, altså at skogen skal gi meir enn berre tømmer. Friluftsliv og informasjon om skog er viktige element for oss i denne samanhengen.

TØMMERHOGSTEN
Det kan ofte sjå litt uryddig og sørpete ut under og etter at ein hogst er utført. Men med skikkeleg opprydding og tilplanting blir det fint att etter eit par år. I 2019 tok me i FATLANDSKOGEN ut bortimot 2000 m3 med tømmer, i Høgåsen, og rett vestom Skaret. 
Områda vart rydda, og vegane er no mykje betre enn før, noko som òg er kjekt for friluftslivet. Allereie no i 2021, berre to år etterpå, er dette eit fantastisk turområde. Og mykje lettare tilgjengeleg enn før hogsten.
Det vart sett ut 11 000 granplanter etterpå, men kanskje så mykje som tredjeparten har hjorten ete opp, så det må supplerast i 2021. Det blir lenge til neste storhogst på eigedommen, for no er aldersfordelinga av skogen perfekt. Det var nemleg eit overordna mål ved denne siste tømmerhogsten.​​​​​​​

Nedanfor er samla nokre bilde omkring skogbruket i FATLANDSKOGEN. Det er langt frå full aktivitet her no for tida, når ein kjem i syttiåra er det viktigaste å leggja til rette for dei som skal overta og driva vidare om nokre år. Og skogbruk er ein langsiktig aktivitet. 
Bildeserien er lagt opp sånn nokolunde etter skogen sin livssyklus, med planting først, deretter skogkultur, etterfølgt av hogst, og foredling til slutt.
Granplantene er ikkje stor når dei blir sette ut.
Granplantene er ikkje stor når dei blir sette ut.
Etter kvart veks skogen til, her eit flott felt med contorta-furu.
Etter kvart veks skogen til, her eit flott felt med contorta-furu.
Og her eit perfekt granfelt i framgrunnen, med furuskog i midten, og Skånevikfjellet bak.
Og her eit perfekt granfelt i framgrunnen, med furuskog i midten, og Skånevikfjellet bak.
Når skogen er vaksen nok, må han i bakken. Og det går fort med dagens maskinar.
Når skogen er vaksen nok, må han i bakken. Og det går fort med dagens maskinar.
Anna inspiserer hogst og tømmerkvalitet.
Anna inspiserer hogst og tømmerkvalitet.
Lassberaren køyrer tømmeret ut av skogen og ned til skogsbilveg.
Lassberaren køyrer tømmeret ut av skogen og ned til skogsbilveg.
Det må vera rikeleg velteplass til alt tømmeret.
Det må vera rikeleg velteplass til alt tømmeret.
Og så må det vera råd for tømmerbilen å komma til.
Og så må det vera råd for tømmerbilen å komma til.
Noko av tømmeret blir køyrt rett ned på vårt eige sagbruk i FATLANDSKOGEN.
Noko av tømmeret blir køyrt rett ned på vårt eige sagbruk i FATLANDSKOGEN.
Her har me laga oss eit flott anlegg, sagbruket til høgre, og produksjonshallen til venstre.
Her har me laga oss eit flott anlegg, sagbruket til høgre, og produksjonshallen til venstre.
Kva skal ein med traktor når denne el-trucken tek 11 stokkar i slengen?
Kva skal ein med traktor når denne el-trucken tek 11 stokkar i slengen?
Med eigne sagmaskinar går det radig å skjera tømmeret.
Med eigne sagmaskinar går det radig å skjera tømmeret.
Produksjonshallen er utstyrt med mange maskinar.
Produksjonshallen er utstyrt med mange maskinar.
Deriblant ein 4-kuttar høvelmaskin, som høvlar alle fire sider i ein operasjon.
Deriblant ein 4-kuttar høvelmaskin, som høvlar alle fire sider i ein operasjon.
Skrottømmeret går til ved.
Skrottømmeret går til ved.
Og veden må lagrast tørt.
Og veden må lagrast tørt.
Tilbake til toppen