DET LANGE JULEBORDET 2020
DET LANGE JULEBORDET 2020
DET LANGE PÅSKEBORDET 2021
DET LANGE PÅSKEBORDET 2021
DET LANGE MAIBORDET 2021
DET LANGE MAIBORDET 2021
ATTRAKSJON!
DET LANGE BORDET er ein eigen attraksjon i NATURSTIEN. Det er 14,03 meter langt, og me vil påstå at det finst ikkje eit lengre spisebord enn dette i landet, når kravet er at ingen plankar skal vera skøytte. 
Bordet er laga av tre-toms granplank, plassert oppå fire solide granrøter. Det skal lagast benker rundt heile bordet. Då er det plass til 60 personar totalt, eller 14 par med korona-avstand.
Det er Anna og Arne som har laga bordet, men på grunn av storleiken måtte dei sjølvsagt ha hjelp med arbeidet. Arild Landa var med på å kløyva stokkane opp til plank, og Kjell Musland var med og monterte det. Desse to skal ha sin solide del av æra for at det vart eit slikt gasta bord til slutt.
I bildeserien heilt nedst kan du sjå kor koseleg det er rundt bordet i desember 2021.

VIL DU BRUKA BORDET TIL EIT LITE SELSKAP?
NB! Du kan gjerne slå deg ned ved bordet når det er ledig plass. Men dersom ein klasse eller ei større gruppe vil slå seg til her for ein time eller meir, vil me gjerne vita om det på førehand. 
Ta kontakt med Arne (938 17 200 eller arne.gjerde@n-lt.no) eller Anna (99 24 25 36). 
Det vil truleg kosta noko å bruka det til slike føremål, men reglar for dette kjem me tilbake til. Nett no er alt gratis.
Nedanfor er nokre bilde av DET LANGE BORDET, tekne frå jule- og nyttårshelga 2020, og utover i 2021, og til sist desember med julepynt og førjulskos.
Anna legg siste hand på pyntinga av "det lange påskebordet" onsdag i påskeveka, så no er det berre å komma!
Anna legg siste hand på pyntinga av "det lange påskebordet" onsdag i påskeveka, så no er det berre å komma!
Offisiell opning ved låvenissen på veslejulaftan 2020.
Offisiell opning ved låvenissen på veslejulaftan 2020.
Ivrige hender dekkar fort opp bordet med knask.
Ivrige hender dekkar fort opp bordet med knask.
Nissar med ekte rim på gjer seg godt som bordpynt.
Nissar med ekte rim på gjer seg godt som bordpynt.
Godsaker både for nissar og folk. Og sikkert for nåsåar også, om dei skulle dukka opp.
Godsaker både for nissar og folk. Og sikkert for nåsåar også, om dei skulle dukka opp.
Juletrefest!
Juletrefest!
Det er plass til 60 personar rundt "det lange julebordet". Eller 14 par med korona-avstand.
Det er plass til 60 personar rundt "det lange julebordet". Eller 14 par med korona-avstand.
Juletreet, talarstolen og bordet er klart.
Juletreet, talarstolen og bordet er klart.
Bålpanna legg ein ekstra dimensjon til juletrefesten.
Bålpanna legg ein ekstra dimensjon til juletrefesten.
Så er me komne til starten av desember 2021, og julelysa ved DET LANGE BORDET er på plass.
Så er me komne til starten av desember 2021, og julelysa ved DET LANGE BORDET er på plass.
Juletreet er tent, dessutan nokre småtre nede ved dammen.
Juletreet er tent, dessutan nokre småtre nede ved dammen.
Rundt bålpanna samlar ein familie seg, med mat og mykje kos.
Rundt bålpanna samlar ein familie seg, med mat og mykje kos.
Både dammen og bordet er godt opplyst, sjølv om det no er stummande mørkt.
Både dammen og bordet er godt opplyst, sjølv om det no er stummande mørkt.
Nede til høgre skimtar du NØKKEN, som må vera ganske blåfrosen.
Nede til høgre skimtar du NØKKEN, som må vera ganske blåfrosen.
Ungane elskar å laga snølykter, det legg ein ekstra dimensjon til den koselege stemninga.
Ungane elskar å laga snølykter, det legg ein ekstra dimensjon til den koselege stemninga.
Tilbake til toppen