KVA ER TRINN2?
Den delen av NATURSTIEN som var ferdig tidleg i 2021, kallar me gjerne Trinn1. 
Den etappen som me no er i ferd med blir då Trinn2, som me satsar på å vera ferdig med i løpet av 2022.
Og etter det startar me på Trinn3, utan her og no å oppgi nokon stipulert ferdigdato for dette. 
Men når Trinn3 ein gong blir ferdig, då er heile traséen for NATURSTIEN komplett. Då har me fått ein spaser- og rullestolvennleg sti på rundt 1,2 kilometer. Arbeidet i åra deretter vil bli å vedlikehalda stien, pluss å opparbeida nye objekt langs denne. 
På kartet til høgre kan du sjå den grøne stien som har ferdiglaga trasé, og den grå som er planlagd som Trinn3.
03.06.2022
SPONSORAR
Det kostar mykje tid og drøssevis av pengar å gjera dette arbeidet. Me er ustyrteleg glade for å ha fått 300 000 blanke kroner frå Fjelberg Kraftlag Stiftinga hausten 2021. Dessutan har me fått tilsegn om 75 000 frå SMIL-midlane i landbruket i 2021. Til Trinn1 fekk me 40 000 derifrå. Og så har Hkraft løyvd 10 000.
Og i 2022 har me så langt fått 185 000 frå SIM sitt miljøfond. Dei vil bli brukte utover sommaren til å laga mellom anna ein trolsk utedo, skogsteateret, infoområde for barskog, infoområde for klima, miljø og berekraft. Dessutan skal me komma eit stykke på veg med leikelandsbyen Skogby.
Tusenvis av takk til alle sponsorane! Dei hjelper oss til å komma mykje lengre enn me hadde klart med berre eigne midlar.
Mange av turgåarane har bede om å få lov til å sponsa oss, og det er me òg naturlegvis glade for. Har du lyst, kan du overføra ein liten eller stor sum (middelstor går sjølvsagt også an) til Fatlandskogen sponsorkonto 3525 24 89361. Du kan like gjerne bruka Vipps 72 44 33 i staden.
10.07.2022
Her kjem Trinn2 ned til bilvegen att, ned den gamle traktorvegen i Stemdalen. Lastebilen kjem med stein til oss.
Her kjem Trinn2 ned til bilvegen att, ned den gamle traktorvegen i Stemdalen. Lastebilen kjem med stein til oss.
Det er såpass bratt opp her at massane i den gamle traktorvegen måtte skiftast ut med solid skotstein.
Det er såpass bratt opp her at massane i den gamle traktorvegen måtte skiftast ut med solid skotstein.
Her er Øystein gravar i full sving midt oppe i traséen. Me bruker gravemaskin på så mykje som råd, for å redusera manuelt arbeid.
Her er Øystein gravar i full sving midt oppe i traséen. Me bruker gravemaskin på så mykje som råd, for å redusera manuelt arbeid.
Endeleg var traseen for Trinn2 ferdig, i mars 2022.
Endeleg var traseen for Trinn2 ferdig, i mars 2022.
Skogskatten er sjølvsagt på plass attmed stien.
Skogskatten er sjølvsagt på plass attmed stien.
Og ramnen.
Og ramnen.
Og tiuren høyrer naturlegvis heime inne i skogen.
Og tiuren høyrer naturlegvis heime inne i skogen.
Kjell plasserer svana uti dammen. Hegren til venstre.
Kjell plasserer svana uti dammen. Hegren til venstre.
Nytt prangande skilt ved starten av NATURSTIEN (april 2022). Kjell har laga den flotte skogvaktaren.
Nytt prangande skilt ved starten av NATURSTIEN (april 2022). Kjell har laga den flotte skogvaktaren.
Utedoen KONGEHUSET stod klar i juli 2022.
Utedoen KONGEHUSET stod klar i juli 2022.
KVA INNGÅR I TRINN2?
Prosjektet må naturlegvis tilpassast den finansielle ramma me rår over, men dette er dei planlagde delprosjekta for Trinn2:
- Ny trasé som forlengar Trinn1-stien over Vestre Stemhaugen, og ned Stemdalen (ferdig mars 2022)
- Planering/pukking/klargjering av starten på traséen for Trinn3 (ferdig mars 2022)
- Fleire dyrefigurar (delvis ferdig mai 2022)
- Utedo med litt trolsk utforming (ferdig juni/juli 2022)
- Straum fram til DET LANGE BORDET (ferdig juni 2022)
- Fugledyrehage med sjeldne fuglar (berghøne, emu, mm)
- Skogsteateret: Frilufts-amfi med scene, straum fram dit- Info-område for barskog, med overbygde bord/benker.
- Furulunden: Info-område om skog, og om skogen si viktige rolle i samanheng med klima, miljø og berekraft
- Diverse møbel og tak langs traséen. Fleire info-plansjar.
- Skogby: Skogsleikeplassen, med leikelandsby og aktivitetar, bygd av lokale materialar. Kanskje indianarlandsby og cowboygate. Blir nok ikkje ferdig før langt ut i Trinn3.
10.07.2022

KOSTNADSOVERSLAG
Kostnadsoverslaget var sett til 1,3 millionar, men har blitt nedjustert ein god del. Dette skuldast dels at arbeidet går seinare enn den optimistiske opphavelege planen, slik at nokre delprosjekt har blitt reduserte. Og dels at det blir vanskeleg å finansiera eit så stort opplegg som me planla, innanfor den aktuelle tidsramma. Helsetilstanden til grunneigarane tilseier òg diverre at det må leigast inn folk til fleire av oppgåvene.
Prosjektet vil fortløpande bli justert etter dagens finansieringsplan. Per i dag er kostnadsoverslaget slik:
Graving, planering, stein og grus                                 360 000
Leige av arbeidskraft                                                 250 000
Innkjøp materialar til installasjonar                               160 000
Eigne materialar, stein, jord mm                                    50 000
Manuelt arbeid, eigenutført                                         120 000
Total kostnad                                                          940 000
10.07.2022
FINANSIERINGSPLAN
Tilskot SMIL (løyvde)                                             75 000
Tilskot Fjelberg Kraftlag-stiftinga (løyvde)                300 000
Tilskot frå SIM sitt miljøfond (løyvde)                      185 000
Tilskot frå Hkraft (løyvde)                                       10 000
Tilskot frå andre (ikkje løyvde)                                90 000
Sponsormidlar frå brukarar av Fatlandskogen           80 000
Eigne private midlar (kontantar)                              80 000
Eige arbeid (200,- x 600 timar)                             120 000
Total finansiering                                              940 000
10.07.2022
Til toppen