RARE FUGLAR
Dersom alt går etter planen vidare framover, vil det til sommaren komma noko som me kallar FUGLEDYREHAGEN, som eit eige objekt i NATURSTIEN.
Det blir ein liten hage, med sjeldne fuglar, og kanskje nokre dyr. Me ser etter kvart kva me får til.
Veit du kva ei berghøne er? Det er ein fugl i fasanfamilien, som høyrer til i Asia.
Eller ein emu? Emuen er verdas nest største fugl, like høg som eit vakse menneske, sjå bildet til høgre. Og han finst berre i Australia.
Men altså, snart også i FATLANDSKOGEN.
07.01.2022
Tilbake til toppen