MUSEUM I RAUALØO?
RAUALØO fungerer per i dag som eit lager for aktivitetane våre. Men tanken er at det seinare kan lagast eit slags museum her, som viser utviklinga gjennom dei siste 70 åra for denne vestlandsgarden. Det er så langt som Arne kan hugsa attende. Eventuelt kan det lagast eit eige bygg for museet.
Denne garden har utvikla seg gjennom tida på ein heilt annan måte enn vestlandsgardar flest. Difor kan eit slikt museum ha stor grad av kulturhistorisk interesse. Litt frå resten av bygda er sjølvsagt òg aktuelt å ha med i museet.
Dette er altså ein draum førebels, men me held på å samla inn ting som kan vera med i eit slikt museum. Skulle du ha noko å bidra med, er me veldig takksame. Det kan vera bilde eller ting, eller gjerne historier.
Bildet til høgre viser låvenissen som spelar julesongar på veslejulafta 2020. På nedste bildet held Stig på å montera nye låvedører i januar 2022, dører av den gamle låvedørtypen.
14.05.2022
Tilbake til toppen