UTE
RAUALØO er startpunkt og samlingsplass for alle arenaene i FATLANDSKOGEN. 
På uteplassen finn du parkeringsplass, informasjonsplakatar, kart, og skilt til arenaene. Etter kvart vil omgrepet "samlingsplass" kunna bli utvida ein del.
I ein postkasse på veggen kan du ta deg din eigen vesle brosjyre, med kart over FATLANDSKOGEN. Denne tar du med deg ut i terrenget, slik at du ikkje tullar deg vekk. Elles er det godt skilta overalt i FATLANDSKOGEN, slik at mange vel å gå berre etter skilta. Brosjyren kan du forresten lasta ned her.
Sjå nedanfor korleis du finn fram til RAUALØO.
INNE
Inne i RAUALØO vil me utover våren 2021 rydda plass til at turgåarar kan vera innandørs. Gjerne sitja til bords og eta nista i ruskever. 
Og ein sjølvbetent loppemarknad blir det, til inntekt for FATLAND VEL. 
Tre info-tavler kjem opp: for FATLANDSKOGEN, FATLAND VEL og HAUG&HAMMER. 
Og etter kvart ei utstilling som viser utviklinga på ein landbrukseigedom gjennom 70 år.
Forslagskasse skal naturlegvis komma på plass. Me har mange gode idear sjølve, men med dine i tillegg må dette verkeleg bli bra!
På bildet, bakom låvenissen som spelar julesongar på veslejulafta 2020, ser du eit hus fullt av rot. Men dette skal det altså bli betre orden på etter kvart. Og kanskje blir porten erstatta med skikkelege gammaldagse låvedører?
FINN FRAM TIL OSS
Du finn fram til RAUALØO slik: Frå Husnes køyrer du gjennom Halsnøytunnellen. I rundkøyringa på Tofte tek du rett fram, mot Sydnes. I neste kryss tek du til høgre, mot Sydnes. Så køyrer du om lag 6 km, til Fatland. Det er to kilometer før ferjekaien på Sydnes. 
Når du er på Fatland, ser du bildet til venstre. Då tek du vegen oppopver mot venstre, slik du ser det på bildet, og dit skiltet "Turløyper" peikar. 
Nokre hundre meter oppover mot skogen så kjem RAUALØO midt i mot deg!
PARKERING
På høgre sida av vegen ved RAUALØO er PARKERING A, der det er plass til rundt 12 bilar. Det er den du ser på bildet. 
Køyrer du hundre meter vidare, er det plass til 20 bilar til, på PARKERING B. 
Parker berre på desse to plassane, så er du ikkje i vegen for aktivitetane som me har på eigedommen elles. 
NB: Parker på tvers av vegretningen, slik bildet viser, ikkje på langs! 
På fine dagar er det gjerne bruk for alle plassane.
KART OVER HEILE FATLANDSKOGEN
Til venstre ser du eit kart over heile FATLANDSKOGEN, og litt til. 
Klikk på kartet, for å sjå ein større versjon.
Ein liten brosjyre, med karta i, finn du i postkassen ved RAUALØO. Ta med deg ein slik ut i løypa, så er det større sjanse for at du finn heim att. 
Kartet til venstre er ein variant (orientert mot aust) som står oppslått i Stemkrysset, som er 300 m innanfor RAUALØO, der den raude sirkelen viser. Du vil kunna finna fleire variantar av kartet rundt i FATLANDSKOGEN, kvar av dei er tilpassa staden og retningane der dei er oppslått.
Ved å høgreklikka på kartet kan du lasta det ned. 
Kartet er laga av Arne Gjerde, som har copyright. Du kan likevel bruka og distribuera det fritt, så lenge du ikkje endrar på noko av innhaldet, og så lenge føremålet med bruken/distribusjonen din ikkje på nokon måte strir mot føremålet til FATLANDSKOGEN. Det er ikkje lov å fjerna copyright-informasjonen på kartet.
KART OVER NÆROMRÅDET
Til høgre ser du eit kart som berre dekkar nærområdet rundt RAUALØO og SKOGSTIEN. 
Også dette kartet er med i brosjyren som du finn i postkassen ved RAUALØO.
Ved å høgreklikka på kartet kan du lasta det ned. 
Kartet er laga av Arne Gjerde, som har copyright. Du kan likevel bruka og distribuera det fritt, så lenge du ikkje endrar på noko av innhaldet, og så lenge føremålet med bruken/distribusjonen din ikkje på nokon måte strir mot føremålet til FATLANDSKOGEN. 
Det er ikkje lov å fjerna copyright-informasjonen på kartet.
Parker gjerne her på PARKERING A viss det er plass. Og parker bilen slik som vist på bildet.
Parker gjerne her på PARKERING A viss det er plass. Og parker bilen slik som vist på bildet.
Parker ikkje her i vegkrysset ved sagbruket, er du snill!
Parker ikkje her i vegkrysset ved sagbruket, er du snill!
Men vidare innover frå krysset, på PARKERING B, må du svært gjerne parkera.
Men vidare innover frå krysset, på PARKERING B, må du svært gjerne parkera.
Start for løyper og arenaer.
Start for løyper og arenaer.
Porten til Såto, som du skimtar i bakgrunnen.
Porten til Såto, som du skimtar i bakgrunnen.
Om sommaren blir rundkøyringa tilplanta med massevis av blomar.
Om sommaren blir rundkøyringa tilplanta med massevis av blomar.
Planlegging av turen startar gjerne her i rundkøyringa.
Planlegging av turen startar gjerne her i rundkøyringa.
NOKRE BILDE FRÅ RAUALØO
Denne vesle bildeserien viser litt av miljøet rundt RAUALØO.
Fleire bilde vil komma når me har fått orden på lokalet inne.
OG HUGS SKOGVETTREGEL NUMMER EIN:
Legg ikkje ut på tur utan å ha appelsiner, sjokolade og sitjeunderlag med deg! 
Men skulle du likevel ha gløymt sitjeunderlag, kan du kjøpa hos oss. Dersom du vippsar 60 kroner (= sjølvkost) til 938 17 200, kan du finna deg eit av dei praktiske sitjeunderlaga som du ser på bildet til høgre. 
Du finn dei i SKOGSTIEN hos SVIN PÅ SKOGEN. Snart vil du også finna dei i RAUALØO og i gapahuken ved Fatlandsvatnet.
Tilbake til toppen