DEFINISJON
Ein skogssti (skogs-sti) er ein sti i skogen. Ein kva som helst sti, som finst i ein eller annan skog.
Ein skogsti (skog-sti) derimot, er ein skogssti med fagleg innhald. Ordet skogsti er altså eit etablert omgrep innan skogbruket. I tillegg til det at du skal få oppleva skogen på nært hald, vil skogstien innehalda fagleg informasjon om skog, skogbruk, natur, dyreliv, planteliv og friluftsliv. Gjerne med innlagde objekt undervegs, som kan gi opplevingar som har samanheng med det faglege, eller i tillegg til dette.​​​​​​​

VÅR SPESIELLE SKOGSTI
SKOGSTIEN her i FATLANDSKOGEN er ein skogsti, som skildra ovanfor. Men me har lagt inn nokre C-moment i tillegg. Kanskje litt ultralokal kulturhistorie. Kanskje litt humor. Kanskje har me gjort nokre av objekta litt meir spektakulære enn det som er vanleg. SKOGSTIEN passar svært godt for skuleklassar, familiar, og andre som berre er på ein rusletur i lågt tempo.


UNDER ARBEID
SKOGSTIEN er under kontinuerleg opparbeiding og vil vera det gjennom heile 2021 og iallfall delar av 2022. I dag er han berre rundt 350 meter (Trinn 1), men tanken er at det skal bli ei rundtløype (frå RAUALØO til RAUALØO) på over ein kilometer innan påske 2022, når Trinn 2 er ferdig.
Trinn 1 skal vera kort tid etter påske 2021. Deretter vil me så starta arbeidet med Trinn 2.
På bildet er Anna i ferd med å måla DET LANGE BORDET, som står sentralt i SKOGSTIEN.
ANSVARLEGE
Det er grunneigar (Anna og Arne Gjerde) som har ansvaret for opparbeiding og drift av SKOGSTIEN. Sjølv om me dreg på åra og slit med at alt går mykje seinare, gjeld det å halda kroppen i vigør. Det gjer me mellom anna med å jobba i SKOGSTIEN. 
Me legg duk under stien, for å stabilisera underlaget. Og det er ikkje radt få lass (nærare 200) med grus Arne har køyrt ut med minidumper, berre i Trinn 1. Vinteren 2021 går med til å komma i mål med dette første trinnet av SKOGSTIEN.
Det er helsa og lommeboka som avgjer om og når me kjem i mål. For som grunneigar så kan me ikkje gå til stiftingar og fond for å få ut pengar, me må betala alt sjølv. Og det går veldig mykje pengar til dette. 
Einaste alternativet me har for å få tilskot, som grunneigar, er dei såkalla SMIL-midlane i landbruket. Frå SMIL fekk me 40 000 kroner i 2019, og me håpar sjølvsagt på å få mykje meir i 2021.
Sjå nedanfor nokre bilde som illustrerer litt kva SKOGSTIEN er.
Ved starten av SKOGSTIEN studerer Liv Micheila skiltet og plakaten. Foto: Liv Lillebø (med løyve frå foreldra til publisering).
Ved starten av SKOGSTIEN studerer Liv Micheila skiltet og plakaten. Foto: Liv Lillebø (med løyve frå foreldra til publisering).
Og slik er stien blitt når han får sett seg litt, fast og fin å gå på.
Og slik er stien blitt når han får sett seg litt, fast og fin å gå på.
Koronanissane har slått seg til under eit provisorisk tak.
Koronanissane har slått seg til under eit provisorisk tak.
Langs stien står DET LANGE BORDET med talarstolen.
Langs stien står DET LANGE BORDET med talarstolen.
Dette er ein annan koseleg sti, ein annan stad i FATLANDSKOGEN.
Dette er ein annan koseleg sti, ein annan stad i FATLANDSKOGEN.
Vesle Mads strålar av lukke når han har funne påskeegget i SKOGSTIEN. Foto: Liv Lillebø (med løyve frå foreldra til publisering).
Vesle Mads strålar av lukke når han har funne påskeegget i SKOGSTIEN. Foto: Liv Lillebø (med løyve frå foreldra til publisering).
Tilbake til toppen