SKOGSTIEN startar ved RAUALØO og går gjennom vekslande skogterreng, med mange spennande og interessante detaljar undervegs. Klikk på knappane nedanfor for å få meir info om dei ulike tema og objekt som SKOGSTIEN vil omhandla. Sjå kart under RAUALØO.
Dette er altså slik me per i dag ser for oss at dei ulike temaa skal vera handtert når SKOGSTIEN ein dag står ferdig. Men det står mykje att før me er komne der. I mellomtida skal me kosa oss lenge og vel med å utvikla SKOGSTIEN vidare, under mottoet: 
Det er godt alt som er gjort. Men det er godt at ikkje alt er gjort.
Vinterbilde mot Såto, frå startpunktet for SKOGSTIEN.
Vinterbilde mot Såto, frå startpunktet for SKOGSTIEN.
Nesten to hundre lass med grus er køyrt på den første etappen av SKOGSTIEN.
Nesten to hundre lass med grus er køyrt på den første etappen av SKOGSTIEN.
Men stien blir veldig stabil og god når jobben er skikkeleg gjort.
Men stien blir veldig stabil og god når jobben er skikkeleg gjort.
SKOGSTIEN går gjennom lauvskogbeltet midt i bildet, frå høgre mot venstre.
SKOGSTIEN går gjennom lauvskogbeltet midt i bildet, frå høgre mot venstre.
Nøkken har nett fått siste strøk med maling, før han snart skal ut i dammen. Litt eventyr høyrer òg med i SKOGSTIEN.
Nøkken har nett fått siste strøk med maling, før han snart skal ut i dammen. Litt eventyr høyrer òg med i SKOGSTIEN.
Og no er nøkken kommen i sitt rette element, der han beint fram ser ut til å livna til.
Og no er nøkken kommen i sitt rette element, der han beint fram ser ut til å livna til.
Det meste kan lagast av tre, også blyantar. Denne er ikkje berre laga av tre, men han er tre meter lang!
Det meste kan lagast av tre, også blyantar. Denne er ikkje berre laga av tre, men han er tre meter lang!
Og når du er kommen til enden av SKOGSTIEN, og du trur at det ikkje er meir å sjå, ja då sit det kanskje eit ekorn og solar seg nett der.
Og når du er kommen til enden av SKOGSTIEN, og du trur at det ikkje er meir å sjå, ja då sit det kanskje eit ekorn og solar seg nett der.
OG HUGS SKOGVETTREGEL NUMMER EIN:
Legg ikkje ut på tur utan å ha appelsiner, sjokolade og sitjeunderlag med deg! 
Men skulle du likevel ha gløymt sitjeunderlag, kan du kjøpa hos oss. Dersom du vippsar 60 kroner (= sjølvkost) til 938 17 200, kan du finna deg eit av dei praktiske sitjeunderlaga som du ser på bildet til høgre. 
Du finn dei i SKOGSTIEN hos SVIN PÅ SKOGEN. Snart vil du også finna dei i RAUALØO og i gapahuken ved Fatlandsvatnet.
Tilbake til toppen