SAMLINGSPLASSEN
RAUALØO er startpunkt og samlingsplass for alle arenaene i FATLANDSKOGEN
Her er parkeringsplass, informasjonsplakatar, kart, og skilt til arenaene. 
I ein postkasse på veggen kan du ta deg din eigen vesle brosjyre, med kart over området. Denne tar du med deg ut i terrenget, slik at du ikkje tullar deg vekk. Elles er det godt skilta overalt i FATLANDSKOGEN, slik at mange vel å gå berre etter skilta. 
Brosjyren kan du forresten lasta ned her.​​​​​​​
FINN FRAM TIL OSS
Du finn fram til RAUALØO slik: 
Frå Husnes køyrer du gjennom Halsnøytunnellen. I rundkøyringa på Tofte tek du rett fram, mot Sydnes. I neste kryss tek du til høgre, mot Sydnes. Så køyrer du om lag 6 km, til Fatland. Det er to kilometer før ferjekaien på Sydnes. 
Når du er på Fatland, ser du bildet til venstre. Då tek du vegen oppopver mot venstre, slik du ser det på bildet, og dit skiltet "Turløyper" peikar. 
Nokre hundre meter oppover mot skogen så kjem RAUALØO midt i mot deg!
PARKERING
På høgre sida av vegen ved RAUALØO er PARKERING A, der det er plass til rundt 12 bilar. Det er den du ser på bildet. 
Køyrer du hundre meter vidare, er det plass til 20 bilar til, på PARKERING B. 
Parker berre på desse to plassane, så er du ikkje i vegen for aktivitetane som me har på eigedommen elles. 
NB! Ver snill å ikkje parkera i vegkrysset inn til sagbruket, då dette er snuplass for vogntog!
NB: Parker på tvers av vegretningen, slik bildet viser, ikkje på langs! På fine dagar er det nemleg gjerne bruk for alle plassane.
KART OVER HEILE FATLANDSKOGEN
Her ser du eit kart over heile FATLANDSKOGEN, og litt til. 
Klikk på kartet, for å sjå ein større versjon. Ved å høgreklikka på kartet kan du lasta det ned. 
Ein brosjyre, med karta i, finn du i postkassen ved RAUALØO. Ta med ein slik ut i løypa, så er det større sjanse for at du finn heim att. 
​​​​​​​Kartet er laga av Arne Gjerde, som har copyright. Du kan likevel bruka og distribuera det fritt, så lenge du ikkje endrar på noko av innhaldet, og så lenge føremålet med bruken/distribusjonen din ikkje strir mot føremålet til FATLANDSKOGEN. Det er ikkje lov å fjerna copyright-informasjonen på kartet.
OG HUGS SKOGVETTREGEL NUMMER EIN:
Legg ikkje ut på tur utan å ha appelsiner, sjokolade og sitjeunderlag med deg! 
Men skulle du likevel ha gløymt sitjeunderlag, kan du låna eller kjøpa hos oss. Dersom du vippsar minst 60 kroner (= sjølvkost) til 72 44 33, kan du ta med deg eit av dei praktiske sitjeunderlaga som du ser på bildet til høgre. 
Du finn dei i NATURSTIEN hos SVIN PÅ SKOGEN og ved NATURSCENEN, dessutan ved Kleivo i HJARTESTIEN
Tilbake til toppen