NATURSTIEN startar ved RAUALØO og går gjennom vekslande skogterreng, med mange spennande og lærerike detaljar undervegs. Denne sida fortel om dei ulike tema og objekt som NATURSTIEN har å by på. Kart finn du lengst nede på sida.​​​​​​​​​​
KVA ER EIN NATURSTI?
Ein natursti er ein sti i skogen, i naturen. Men ikkje ein kva som helst sti. Det er ein sti med innhald. Innhald om naturen, i naturen.
Natursti er eit etablert omgrep innan skogbruket. I tillegg til det at du skal få oppleva skogen på nært hald, inneheld naturstien fagleg informasjon om skog, skogbruk, dyreliv, planteliv, friluftsliv, kulturliv, folkehelse og geologi. Og dessutan om miljø, klima og berekraft, og om skogen sin enorme betydning på nett desse områda. 
Naturstiane kan undervegs ha nokre innlagde objekt, desse kan gi opplevingar som har samanheng med det faglege, eller i tillegg til dette.
05.12.2022

NATURSTIEN er lagt til rette for alle gåande, også rullestolar og barnevogner.

VÅR SPESIELLE NATURSTI
​​​​​​​NATURSTIEN her i FATLANDSKOGEN er ein natursti, slik som skildra ovanfor. Men me har lagt inn nokre C-moment i tillegg. Kanskje litt ultralokal kulturhistorie. Kanskje litt humor. Kanskje har me gjort nokre av objekta litt meir spektakulære enn det som er vanleg. 
NATURSTIEN passar svært godt for skuleklassar, familiar, seniorar, og andre som berre er på ein rusletur i lågt tempo.
Tredje etappe av NATURSTIEN er nå ferdig. Då står det att berre éin etappe før heile stien er komplett, noko me håpar kan skje i 2024.
Klikk på kartet ved sida av, for å sjå større utgåve. Du kan òg høgreklikka for å lasta det ned.
23.12.2023
TEMA OG OBJEKT I NATURSTIEN
NATURSTIEN tek for seg mange forskjellige tema. Vil du studera dei nærare, så kan du klikka på knappen nedanfor. 
Som du ser så er det eit ganske ambisiøst opplegg, og veldig mykje manglar per i dag. Difor er også nokre tema svært overflatisk skildra førebels. Men i løpet av nokre år bør NATURSTIEN vera komplett, slik me legg opp til i omtalen vår. 
Nokre av dei spesielle objekta som finst i NATURSTIEN treng òg kanskje nærare omtale. Den finn du under knappen nedanfor. Kom gjerne med innspel!
25.12.2023

Idyllisk og eventyraktig startpunkt på NATURSTIEN.

Berre pittelitt snø, så kjem det massevis av småidyllar fram i NATURSTIEN.

GALLERI
Me har laga nokre bildeseriar som viser kor kjekt det kan vera i NATURSTIEN under ulike forhold og årstider. Klikk på knappane under for å sjå desse. Og i kvar serie kan du klikka på eit bilde for å sjå større versjon. Bruk så høgrepil for å gå til neste bilde.
Siste serien som er lagt inn viser kor koseleg det er eit par dagar før jul i 2023. Bildet ved sida her er eit eksempel.
23.12.2023
ANSVARLEGE
Det er grunneigar (Anna og Arne Gjerde) som har ansvaret for opparbeiding og drift av NATURSTIEN. Sjølv om me dreg på åra og slit med at alt går mykje seinare, gjeld det å halda kroppen i vigør. Det gjer me mellom anna med å jobba i NATURSTIEN
Det er helsa og lommeboka som avgjer om og når me kjem i mål. For som grunneigar så kan me normalt ikkje gå til stiftingar og fond for å få ut pengar, me må betala alt sjølv. Og det går veldig mykje pengar til dette, difor prøver me oss likevel på nokre stiftingar/fond og ser om dei let seg overtala til å støtta arbeidet vårt.
Nokre få sponsorar har me fått med på laget, pluss at mange av gjestene våre tykkjer det er kjekt å putta litt pengar inn på sponsorkontoen vår. 
Hurra for sponsorane våre!!! Les meir om dei her.
03.11.2022
Arne køyrer ut grus, på fiberduk som Anna har lagt ut i førevegen. Juni 2020. Foto Anna Gjerde.
Arne køyrer ut grus, på fiberduk som Anna har lagt ut i førevegen. Juni 2020. Foto Anna Gjerde.
Anna målar DET LANGE BORDET, i den særmerkte grågrøne fatlandskogen-fargen. Mai 2020.
Anna målar DET LANGE BORDET, i den særmerkte grågrøne fatlandskogen-fargen. Mai 2020.
OG HUGS SKOGVETTREGEL NUMMER EIN:
Legg ikkje ut på tur utan å ha appelsiner, sjokolade og sitjeunderlag med deg! 
Men skulle du likevel ha gløymt sitjeunderlag, kan du låna eller kjøpa hos oss. Dersom du vippsar minst 60 kroner (= sjølvkost) til 72 44 33, kan du ta med deg eit av dei praktiske sitjeunderlaga som du ser på bildet. 
Du finn dei i NATURSTIEN. 
Tilbake til toppen