
Kart over arenaer og trasear finn du i ein brosjyre i postkassen på RAUALØO. Ta den med deg i skogen.
LØYPA
Løypa eignar seg spesielt godt for familierusling.
Du ser massevis av detaljar rundt deg. Du går gjennom lyse solrike område. Du går også gjennom mørke majestetiske granskogar, der du med litt fantasi både ser og høyrer trolla. Du kryssar bekker med små bruer. Og kanskje ser du nokre sauer undervegs. Eller ein hjort.
Det er kort og godt berre å starta ved RAUALØO, og følgja den blå løypa mot søraust. Altså forbi Stølen, og vidare retning Kjekavatnet.
Bruk gjerne kartet til venstre. Klikk for å sjå ein større versjon. Ved å høgreklikka på det, så kan du lasta det ned.
Kartet er laga av Arne Gjerde, som har copyright. Du kan likevel bruka og distribuera det fritt, så lenge du ikkje endrar på noko av innhaldet, og så lenge føremålet med bruken/distribusjonen din ikkje på nokon måte strir mot føremålet til FATLANDSKOGEN.
Det er ikkje lov å fjerna copyright-informasjonen på kartet.
Elles finn du eit større kart under FINN FRAM i menyen.
ANSVARLEGE
FATLANDSVATNET RUNDT er ei løype som FATLAND VEL har hatt hovudansvaret for å opparbeida og vedlikehalda, slik at ho er godt framkommeleg, med joggesko eller turstøvlar. Dette ansvaret vil vidare framover vera delt med grunneigar.
Leiaren Kjell Rune Asmervik er primus motor, og han har stått på seint og tidleg med dette prosjektet. Ja, så mange timar har han lagt ned at me kallar gjerne denne rundløypa for Asmervik-stien.
Grunneigar Anna og Arne Gjerde tek seg av skilting og informasjon elles.
Også grunneigar Einar Risa er delaktig, ved at løypa passerer hans eigedom vest i Lunddalen. Det er viktig at alle tek omsyn til at han driv med sau, og at alle grindar difor må vera forsvarleg lukka gjennom beitetida.
17.02.2023
Om det ikkje nett er gull Kjell Rune grev etter her, så er han iallfall gull verd. Læraren, snikkaren og altmoglegmannen.

Stien går faktisk rett gjennom den gamle jernvinna.
KULTURMINNE
I løypa finn du fleire spennande kulturminne.
Det gjeld REVABÅSEN, der det budde opphaveleg ein rev på 1800-talet, men der det under siste verdskrigen var lyttestasjon for radio.
Du passerer òg JERNVINNA, som det ikkje finst så mykje att av i dag, men som me kanskje kan laga eit lite restaurert minne om ein dag. Grunneigaren hugsar frå barndommen at han var med og grov ut dei siste restane av slagg etter jernvinna.
Du fér dessutan forbi tuftene etter to gamle kvernhus, ei i kvar ende av vatnet, der berre kvernsteinane ligg att i dag, og knapt nok det. Eitt av desse kvernhusa bør me ta sikte på å reisa opp att ein dag.
Og mot slutten av løypa kan du stikka bortom både STEMMEN og STEMHILDEREN, sistenemnde har restar etter ei kolmile.
GAPAHUKEN VED VATNET
På austsida av Fatlandsvatnet passerer du ein gapahuk, mot slutten av løypa, idyllisk plassert rett ovanfor vatnet. Mange er det som har sendt stemningsfulle foto herifrå, til familie og venner. Det er bålpanne og ved på plass, så det er berre å fyra opp, så sant det ikkje er forbod på grunn av tørt vêr.
Gapahuken er sett opp av prosjektet UNG MEISTRING som heldt til i gamle Fatland skule, dagens FATLAND AKTIVITETSHUS. Dette var eit tidlegare samarbeidsprosjekt mellom NAV, kommunen, sparebanken, Lions og grunneigar.
Sistnemnde har gitt materialar til dette og fleire andre slike prosjekt.
Også gapahuken ved Dottatjødno er laga av UNG MEISTRING, men der med Olav Svalland som grunneigar og bidragsytar.

Gapahuken er ein kjekk pitstop, anten du går vatnet rundt, eller du er på veg heim frå Såto.

Ingen stad smakar Fatland sine pølser betre enn i FATLANDSKOGEN! Foto: Heidi Medhus.

Fantastisk!

Idyllisk sommardag på berget nedanfor gapahuken.

I aprilsola kjem gjerne hengekøyene opp ved gapahuken. Somme overnattar faktisk. Foto: Heidi Medhus.

Nydeleg kveldsutsikt over Fatlandsvatnet frå gapahuken. Januar 2023. Foto Hildegunn Ruud.

Svanene liker seg i isråka på vatnet. Utsikt frå gapahuken. Januar 2023. Foto Hildegunn Ruud.

HAUG&HAMMER på tur retning FATLANDSKOGEN.

Idyllisk sommarkveld.

HAUG&HAMMER innover i FATLANDSKOGEN ein annan dag. Foto: Ole Horn.

Ungane stoppar alltid opp når dei passerer Vabekken.

Fatlandsvatnet, med Sydnessundet i bakgrunnen, sett frå Skaret.

Idyllisk heile vinteren, også utan snø. Februar 2004.

Troll som tek mot deg med opne armar. Foto: Oddny Tofte.

Eit litt latare troll, som ligg og kviler rett ovanfor STEMMEN. Foto: Oddny Tofte.

Svaner på vatnet ein vinterdag. Desember 2008.
GALLERI
Her ser du nokre bilde langs løypa, desse er tekne på ulike tider av året.
JANUARTUREN
I denne bildeserien kan du følgja ein tur FATLANDSVATNET RUNDT, som er gjort ein fredag ettermiddag i januar 2021, pluss ein oppfølgingsrunde neste dag, då det var nydeleg skeiseis etter gammalt, og massevis av folk.
Fotografen var litt seint ute på laurdagen, så dei fleste var på heimveg. Men dei han møtte let vel om at det hadde vore forferdeleg kjekt!
Klikk på det første bildet, og så brukar du høgre piltast for å byta til neste bilde.

Gjengen legg trøstig i veg, førebels med dei yngste som dei sprekaste.

Revabåsen er eit kulturminne.

Hallo?! Er du heime i dag, Mikkel?

Klopp (har ingen ting med Liverpool å gjera).

Jernvinna er også eit kulturminne.

'Klopp over bekken' er betre enn 'hopp over bekken'.

Trolla helsar på deg overalt.

Stien er fantastisk mjuk og fin å gå på.

Skilting må til, om ikkje turfolket skal tulla seg vekk.

Vil du føretrekkja brua til høgre eller til venstre?

Mange ovstore steinar ligg det nedunder Svartaberg.

Me må stengja godt for sauene.

Skeiseisen ligg blank og fin og ventar på morgondagen.

Grinda treng ikkje lukkast på denne årstida.

Det gamle stemmen frå 1800-talet eller tidlegare. Også denne er eit kulturminne.

Neste dag var det laurdag, og folk var allereie på heimveg frå isen då fotografen kom.

Eit sjeldant fotomotiv no for tida, så sjansen må nyttast.

Borte i gapahuken, på andre sida av vatnet, såg det ut til å vera varmt og godt.

Ungane ville gjerne ha skeist meir, men fekk ikkje lov.

Det var nydeleg på isen også for dei som kom på ettermiddagen.
