
Endeleg (mars 2022) er gapahuken ved steinbrotet i ferd med å bli ferdig. Dei pensjonerte snikrane Henrik Meyer Eide (t.v.) og Evald Såtendal syter med stødig hand for at det blir eit kvalitetsbygg til slutt.

I hogstfeltet i Høgåsen er det tusenvis av revebjøller (juli 2021). Eit fantastisk syn, med mange ulike fotomotiv.

Stien kjem oppover i søkket til høgre i bildet.

Info og skiltjungel er plassert ved det naturlege utsiktspunktet, som ligg litt nedanfor toppen av Høgåsen.

Frå utsiktspunktet ser du halve Sunnhordland.

Og på utsiktsbenken kan det sitja 7 personar ved sida av kvarandre. Godt å få kvila etter den strabasiøse oppturen.

Gjennom toppen av åsen går det eit markert skar mot sør.

Frå skaret og mot nordvest ser du revebjøller, skog, Ådnaviksneset, Utøyo, Huglo og Stord.

Går du gjennom skaret og ned på sørsida av åsen, går du gjennom denne fantastisk flotte naturlege blåbærfuruskogen. Denne typen naturskog er verneverdig.

Når du kjem ned til Kleivo, på sørsida av Høgåsen, går du gjennom denne fine naturlege portalen.

Nede ved Kleivo kan du velja om du vil snu nasen heimover att, eller om du vil vidare innover. Kanskje til Hjarta? Eller Såto? Eller Tjobergshaugen? Spør gjerne ugla om tips.

Når du kjem til toppen av Sydnessåta, må du skriva deg inn i boka. Skriv gjerne at det er HJORTESTIEN du prøver deg på i dag.

STEMMEN er viktig å ta vare på, ikkje minst fordi han ligg så lett tilgjengeleg for alle.

STEMHILDEREN er ei lun fin solhole om ettermiddagen.

Ungane i bygda var sjølvsagt svært forvitne då vraket av flyet vart funne. Faksimile frå Haugesunds Avis.

Høgåsen sett frå RAUALØO. HJORTESTIEN kjem opp på baksida, frå venstre.

Det store steinbordet.

Bursdagsfeiring i mai ved steinbordet.

Også ved Ådnaviksvatnet er det ein stem. Løypa til FLYPLASSEN vil gå over denne.

Hogsten i Høgåsen i 2019 tok for seg ein del vindfall, men også svært mykje fint skurtømmer.

Oddny og Ingemund tek ein pust i bakken, medan dei driv og ryddar området rundt STEMMEN.

Er det snø, så er HØGÅSVEGEN og GULLHAUG perfekt for ein skitur.
