Kart over arenaer og trasear finn du i ein brosjyre i postkassen på RAUALØO. Ta den med deg i skogen.

LØYPA
​​​​​​​Løypa eignar seg spesielt godt for trim, men også for familierusling med litt større ungar.
Det som særpregar løypa er at ho er lett og fin å gå, ikkje minst på grunn av alle kloppene og trappene over våte myrområde.  
Du startar ved RAUALØO, og så følgjer du skilta for HJARTESTIEN innover mot nordaust. Altså forbi Stemkrysset, vidare innover til Skaret ved Midtåsen.

Bruk gjerne kartet til venstre. Klikk for å sjå ein større versjon. Ved å høgreklikka på det, så kan du lasta det ned. 
Kartet er laga av Arne Gjerde, som har copyright. Du kan likevel bruka og distribuera det fritt, så lenge du ikkje endrar på noko av innhaldet, og så lenge føremålet med bruken/distribusjonen din ikkje på nokon måte strir mot føremålet til FATLANDSKOGEN
Det er ikkje lov å fjerna copyright-informasjonen på kartet.
Elles finn du eit større kart under RAUALØO i menyen.
GALLERI
Nedanfor ser du ein del bilde frå HJARTESTIEN. Rekkefølgja er slik du går gjennom løypa.
17.02.2023
Jakthytte.
Jakthytte.
Ved KLEIVO har det laga seg ein fin portal.
Ved KLEIVO har det laga seg ein fin portal.
På oppturen er det godt å få kvila på ein av benkene som er sett ut. Her ved KLEIVO. Februar 2023.
På oppturen er det godt å få kvila på ein av benkene som er sett ut. Her ved KLEIVO. Februar 2023.
Ved SKARET har du valet mellom å gå mot nord, eller å følgja HJARTESTIEN mot sør.
Ved SKARET har du valet mellom å gå mot nord, eller å følgja HJARTESTIEN mot sør.
Sørover frå SKARET er det berre lett og fint å gå. Februar 2023.
Sørover frå SKARET er det berre lett og fint å gå. Februar 2023.
Flotte lange klopper har Kjell Rune laga til på fuktige plassar.
Flotte lange klopper har Kjell Rune laga til på fuktige plassar.
I farta til hjarta. Og HJARTA er jo det store målet for veldig mange. Februar 2023.
I farta til hjarta. Og HJARTA er jo det store målet for veldig mange. Februar 2023.
Midt utpå ei dau og plantefattig myr finn du det, sjølvaste HJARTA. Men sjå den fantastiske grøne småskogen bakom! Februar 2023.
Midt utpå ei dau og plantefattig myr finn du det, sjølvaste HJARTA. Men sjå den fantastiske grøne småskogen bakom! Februar 2023.
På HJARTA kan eit forelska par ta seg ein svingom, for eksempel. Spelemannen vil det òg vera plass til. Sydnessåta i bakgrunnen. Februar 2023.
På HJARTA kan eit forelska par ta seg ein svingom, for eksempel. Spelemannen vil det òg vera plass til. Sydnessåta i bakgrunnen. Februar 2023.
HJARTA har etter kvart blitt berømt over heile landet. Juni 2021. Foto Vibeke Teigen.
HJARTA har etter kvart blitt berømt over heile landet. Juni 2021. Foto Vibeke Teigen.
Ny benk i HJARTESTIEN. April 2022.
Ny benk i HJARTESTIEN. April 2022.
Du kan gå i joggesko gjennom heile HJARTESTIEN, heile året rundt. Februar 2023.
Du kan gå i joggesko gjennom heile HJARTESTIEN, heile året rundt. Februar 2023.
Informasjon ved Iglatjødno.
Informasjon ved Iglatjødno.
Ro og fred ved Iglatjødno.
Ro og fred ved Iglatjødno.
Imponerande ingeniørkunst av Kjell Rune. Han likar å bera stein den karen.
Imponerande ingeniørkunst av Kjell Rune. Han likar å bera stein den karen.
Eitt av Kjell Rune sine sju underverk. Februar 2023.
Eitt av Kjell Rune sine sju underverk. Februar 2023.
I krysset LINDHOVDEDALEN kan du dra i fleire retningar, mellom anna ned til Svanevik. Februar 2023.
I krysset LINDHOVDEDALEN kan du dra i fleire retningar, mellom anna ned til Svanevik. Februar 2023.
Netting oppå kloppene gjer at du ikkje sklir og brekker lårhalsen. Februar 2023.
Netting oppå kloppene gjer at du ikkje sklir og brekker lårhalsen. Februar 2023.
Ved SÅTEFOTEN får du nye val.
Ved SÅTEFOTEN får du nye val.
Anten HJARTESTIEN heimover, eller ein svipptur opp på SÅTO.
Anten HJARTESTIEN heimover, eller ein svipptur opp på SÅTO.
Her kan ein seia som Henrik Wergeland: Nu hvil dig borger! Det er fortjent. Februar 2023.
Her kan ein seia som Henrik Wergeland: Nu hvil dig borger! Det er fortjent. Februar 2023.
Mjuke og gode stiar, som du ikkje får gangsperr av ein gong. Mykje betre enn all verdens medisinar for kroppen. Februar 2023.
Mjuke og gode stiar, som du ikkje får gangsperr av ein gong. Mykje betre enn all verdens medisinar for kroppen. Februar 2023.
Dette bassenget har skaffa vatn til alle på Fatland frå tidleg på 1980-talet. I dag er det hovudbruket som eig det.
Dette bassenget har skaffa vatn til alle på Fatland frå tidleg på 1980-talet. I dag er det hovudbruket som eig det.
Rett ovanfor SINSENKRYSSET ligg denne svære rotvelta. Slik ho ligg no er ho ikkje til fåre for nokon.
Rett ovanfor SINSENKRYSSET ligg denne svære rotvelta. Slik ho ligg no er ho ikkje til fåre for nokon.
ANSVARLEGE
HJARTESTIEN er ei løype som grunneigar Anna og Arne Gjerde har ansvaret for, sidan dette er ein del av konseptet FATLANDSKOGEN. Dei tek seg av skilting og informasjon i løypa, og dei plasserer også ut nokre nye objekt og aktivitetar i ny og ne.
Men FATLAND VEL, gjennom den fantastiske samarbeidsavtalen vår, har hatt oppgåva å opparbeida stien, og å få på plass alle dei grunnleggande tinga, slik at løypa er godt framkommeleg året rundt. Gode joggeskor er eit godt fottøy for turen, for du kan gå ganske tørrskodd det meste av året.
Leiaren, Kjell Rune Asmervik, har åleine gjort ein fenomenal innsats, ved å bera ut plank og bord, og så snekra saman alle kloppene og trappene i løypa. Frå tidleg morgon til seine kvelden har du kunna treffa på han her, gjennom 2021 og 2022.
Me er han veldig stor takk skuldig!
17.02.2023

Her er Kjell Rune i kjent stil, der han ber ut plank, for å laga fleire klopper lengre sør enn HJARTA, som du ser i bildet.

Tilbake til toppen