Kva skjedde før nyttår? Klikk Aktuelt i 2024.  ------>

Fantastisk kjekt bilde av ei bursdagsfeiring i FATLANDSKOGEN på langfredag. Her har ein samla familie frå fleire vestlandskommunar, til ein trettenårsdag ved gapahuken ved Fatlandsvatnet. Foto: Berit Kristine Rolland.

KORT PÅSKEREFERAT
Me grunneigarane var sjuke gjennom heile påskeveka, og vel så det. Så me fekk dessverre ikkje oppleva alt folket og stemninga som var i skogen denne gongen. Men referata frå andre var veldig oppmuntrande, og inspirerande med tanke på å bli friske nok til ny innsats.
Det frivillige laget GULLHAUGKONSERTANE tok over ansvaret for kiosken og anna, og slik blir det sikkert for ettertida. Me gamle treng færre oppgåver, og sidan dei kommunale revestrekane livna til att på våren, saman med hoggormen, så er vel tida inne til å vurdera fleire nye tankar for oss.
På skjærtorsdag hadde laget påskekonserten sin. Det var ein suksess, med rundt 200 personar samla ved NATURSCENEN. Dessverre har me ingen bilde derifrå, men me trur at det var kjekt.
Me har nå bestemt oss for at sponsorpengar, som du og andre måtte vippsa (Vipps 72 44 33) til arbeidet med NATURSTIEN, også vil kunna brukast til vårplantinga på GULLHAUG. Iallfall denne gongen. Dette fordi kommunen framleis ikkje lar oss få tena pengar på denne delen av eigedommen vår, samtidig som me framleis lar folk få lov å bruka GULLHAUG relativt fritt. Den vesle pensjonen vår rekk ikkje til mange blomane åleine.
Den viktige delen av NATURSTIEN er faktisk ferdig, så det trengst ikkje så mykje pengar der framover. Men at folk ville reagera negativt dersom me lar GULLHAUG få gro att, er me nokså sikre på. Derfor trengst det pengar dei neste par månadene for å få hagen opp og stå. Så vurderer me vidare utover sommaren korleis me kan komma i mål med litt meir utover dette. Det avheng av kor lang og krokete den kommunale krokfoten blir i år.
Tusen takk til alle som bidrar! Både med pengar og med positive tilbakemeldingar! Det ligg an til å bli ein kjekk sommar denne gongen òg, trass i dei mørke kommunale skyene.
30.04.2025

FØRSTE STRONDALØPET VAR DEFINITIVT EIN SUKSESS
I går fann første Strondaløpet i historia stad, på det nye Red Barn Stadium i Fatlandskogen. Det er vårt uhøgtidelege namn på området rundt Raualøo. På engelsk sjølvsagt, i tilfelle det etter kvart skulle bli litt meir internasjonal swung over arrangementet. Namnet har ingen ting med Redd Barna å gjera, om du skulle tru det.
Området rundt løo har blitt oppgradert ein del i det siste, og det fungerte hundre prosent som planlagt. Det vil ikkje vera problem å takla 3-4 gonger så mange menneske her. Einaste ulempa er at me må sleppa bilane gjennom arenaen av og til, for området nede ved sagbruket må brukast til parkering.
Men altså Strondaløpet. Eit arrangement som Fatland Vel arrangerer, i samarbeid med Halsnøy o-lag. Fatlanskogen er for så vidt også med på lasset, ved å halda arenaen og andre  nødvendige ressursar.
Generalgeneral Kjell Rune Asmervik hadde eit 20-tals gulkledde ivrige funksjonærar med på laget. I tillegg var Røde Kors på plass, strategisk plassert berre nokre meter frå målgang. Staben gjorde ein framifrå jobb, og sanitetsfolka hadde heldigvis lite å gjera.
Det var 128 personar som fekk utdelt startnummer, ein fin framgang frå prøveløpet i oktober, som samla vel 70. Neste år bør det kunna bli endå ein liten auke. Ja, for mange uttrykte seg i nesten svulmande ord om det fine arrangementet, som dei slo fast måtte bli årvisst etter dette.
Etter premieutdelinga fekk Kjell Rune Asmervik og Marte Simonsen Reigstad utdelt Gullhaugmedaljen av Arne. Kjell Rune for sin mangeårige fenomenale innsats med å laga gode stiar i skogen. Og Marte fordi ho er den utan samanlikning ivrigaste brukaren av Fatlandskogen. 
Eit fleirfaldig hurra for dei!
Du kan lesa meir, og sjå massevis av bilde, i Grenda og Kvinnheringen sine flotte reportasjar. Viss du har abonnement, vel å merka.
07.04.2025
PÅSKEPROGRAMMET I ÅR
Også i år blir det påske i FATLANDSKOGEN. Viss verda står til påske, vel og merka. Og det plar ho vanlegvis gjera.
Klikk på programmet ved sida av, og les deg opp. Og veldig velkommen skal du vera, saman med familie og venner!
05.04.2025
NB! DET ER STOR SKOGBRANNFARE NETT NÅ! IKKJE BRUK OPEN ELD!
KOM PÅ STRONDALØPET!
Fatland Vel , i samarbeid med Halsnøy o-lag, arrangerer det første offisielle STRONDALØPET søndag den 6. april. Der må du komma, enten du er publikummar eller løpar.
Les meir på plakatar rundt om, og på Fatland Vel si Facebook-side. Eller berre klikk på plakaten ved sida av her.
Om du ikkje vil delta i løpet, så er det massevis av godsaker å få kjøpt i kiosken!
19.03.2025
TØMMERHOGST PÅGÅR VED HJORTESTIEN!!!
Gjennom heile mars, og ei veke eller to ut i april, vil det gå føre seg tømmerhogst på sørsida av bilvegen som går innover mot Høgåsen, i området frå ca 100 meter innom STEMHILDEREN, og inn til Åsabakken.
I denne perioden er det forbode å gå ut i terrenget på sørsida av vegen der hogstfeltet er. Du kan framleis gå på bilvegen innover, så HJORTESTIEN er absolutt ikkje stengd. Men ta omsyn når du ser skogsmaskinane, og følg instruksar på plakatar og frå hogstfolket.
Sikker avstand frå hogstmaskinen er 90 meter. Viss du går på bilvegen, og maskinen er nærmare enn 90 meter, må du passa på at maskinkøyraren ser deg og er obs på at du passerer.
Utover året, etter at hogsten er ferdig, er det sjølvsagt meininga å rydda opp i feltet. Ein del av feltet skal bli eit såkalla frøstillingsbestand, noko som betyr at det skal stå att nokre tre som feller frø. Ny skog skal så komma opp frå desse frøa.
Resten av feltet blir nok planta til, men mest truleg ikkje med gran denne gongen. Me har lyst til å prøva med lauvtre, kanskje helst hengebjørk, noko som vil gjera det til eit fantastisk flott felt å sjå på, og å gå i. Men detaljane om korleis dette feltet faktisk skal bli, ventar me med å planleggja til etter at hogsten er ferdig. Først når skogen er borte får me eit skikkeleg visuelt inntrykk av feltet. 
På grunn av klimaendringane vil kanskje ikkje grana klara seg like godt her hos oss i framtida, derfor er det lurt å satsa på nokre andre treslag òg, som me veit tåler det nye klimaet betre.
06.03.2025, oppdatert 10.03.2025 og 02.04.2025
05.04.2025: HOGSTEN ER NÅ AVSLUTTA, SÅ DET ER FRI FERDSEL ATT.
KJEM PUTIN TIL GULLHAUG TIL SOMMAREN?
Ja, dette har me lese, men du skal aldri tru på alt du les. Om du lurer på om det kan vera noko i dette ryktet, må du lesa her.
03.03.2025
KUNSTVERKET ER PÅ PLASS
Ja, det må med rette kunna kallast eit kunstverk, denne flotte teikninga som Anna og Arne fekk frå lokalavisa Grenda, som eit varig minne om at dei vart kåra til Årets namn 2024, for arbeidet med FATLANDSKOGEN.
Og på plass er kunstverket komme, på veggen heime i huset. 
Teikninga er laga av illustratør og karikaturteiknar Eivind Bøvor, og det er lett å forstå korfor Grenda nyttar han til denne jobben kvart einaste år. Ser du på bildet, er det utruleg kor mange typiske detaljar han har fått med.
Du kan lesa artikkelen om overleveringa på Grenda si nettside.
Me takkar av heile vårt hjarta! Takka går sjølvsagt til både Grenda og kunstnaren, men ikkje minst til alle kjekke kvinnheringar som har stemt på oss! Og kjekke kvinnheringar, dei er det mange av!
02.03.2025
VIL DU KJØPA EIN BIT AV GULLHAUG?
Nei, GULLHAUG er nok framleis ikkje til sals. Men sidan me treng eigenkapital til å gjera anlegget på GULLHAUG ferdig i år, så vil me selja den draumetomta som ligg rett på framsida av toppen. Altså, nede ved foten på vestsida, der den raude pila viser, med fantastisk utsikt utover fjorden.
27.01.2025
19.03.2025: NB! Draumetomta di er nå seld!
ÅRETS NAMN I KVINNHERAD!
Det var kjekt å opna Grenda i dag, for framsida viste at Anna og Arne har blitt kåra til Årets namn i Kvinnherad for året 2024. Dette for arbeidet med FATLANDSKOGEN og GULLHAUG
Hurra!
Først og fremst viser denne utmerkinga at folket i kommunen står fjellstøtt på vår side i arbeidet, trass i at kommunale byråkratar har hindra oss i å få til det viktigaste. Vårt håp er at også byråkratane ser at dette er noko folket vil ha, og at dei derfor bør vera meir hjelpsame i det vidare arbeidet.
Me rettar ei stor takk til alle som har stemt på oss! Og for alt skrytet som i etterkant har komme, både gjennom telefon, SMS, epostar og på sosiale media. 
Det varmar! Me ser at me har ikkje jobba forgjeves når folk er så positive. Og me ser at me må halda fram arbeidet, så langt kreftene og lommeboka held stand.
Ikkje minst må me også retta takka vår til dei som har foreslått oss som kandidatar. Utan å vera kandidat så kan du jo ikkje vinna, ikkje sant? Så forslagsstillarane er kanskje dei aller viktigaste når alt kjem til alt. Eit kjempestort hurra for dei òg!
Og hurra for Grenda! Du kan lesa meir om alt dette på Grenda si nettside, men berre viss du har eit abonnement som gir tilgang. Det er ein fenomenal artikkel Eli Hårklau har laga om oss, det seier alle!
31.12.2024
Til toppen