
Anna og Arne har stilt seg opp på Gullhaug i sentrum av den store julestjerna, som du vinterstid kan sjå heile natta, langt utover fjorden.

Dette er frå ein dugnadsdag på fellesområdet, i juni 2014. Alle generasjonar deltok.

Kjell Rune i kjend stil, der han passerer HJARTA i HJARTESTIEN. Med materialar på aksla, klar til å laga nye klopper lengre framme ein stad. Det er ein imponerande innsats han legg for dagen. Burde ikkje snart kongen komma med ein av medaljane sine?

Her er litt av turgjengen på veg innover mot FATLANDSKOGEN.

Her er Kjell og Arne i ferd med å montera DET LANGE BORDET. Det var mykje for tungt for éin gammal mann, så det måtte to slike til for å få jobben gjort. Den eine rett nok sprekare enn den andre, men me nemner ikkje namn.

Ville ikkje dette vore den ideelle plassen for GULLPARKEN?

Dette bildet er vel kanskje ikkje ferskvare, men det illustrerer godt korleis redaktøren kjenner seg til sinns. Ung og vakker.