Løypene er merka med raude T-ar eller store raude "prikkar".

TURLØYPENE OG ANSVARLEGE
Halsnøy turlag vart nedlagt då "misjonsgjerninga" deira var fullført. Ansvaret for å halda vedlike dei mange merka TURLØYPENE vart overlate til Halsnøy o-lag, som har gjort framifrå jobb seinare. Spesielt må nemnast Sigvald Robberstad sin målretta innsats gjennom mange år. 
Halsnøy o-lag har for så vidt framleis eit ansvar, men i dag deler dei det med Haug & hammar, som er turlaget ved Fatland aktivitetshus
Turløyper startar naturleg nok på fleire punkt rundt på øya (sjå kartet nedst på sida), men fleire av dei viktigaste tek utgangspunkt i FATLANDSKOGEN. Difor er RAUALØO ein naturleg startplass for desse. 
Særleg kan nemnast løypene til Sydnessåta (Såto), Tjobergshaugen, Trollåsen og Svanevik. Sjå kart under FINN FRAM i menyen.
TURLØYPENE er merka med raude T-ar eller raude prikkar i terrenget,  og dei er skilta med raude bokstavar innanfor FATLANDSKOGEN. I områda som ligg utanfor FATLANDSKOGEN er dei skilta slik dei alltid har vore, men også der er raudfargen gjennomgåande.
Desse løypene har naturlegvis då fargekode raud i FATLANDSKOGEN.
21.05.2022
KULTURMINNE
Det er mange kulturminne rundt på Halsnøy, og TURLØYPENE legg ofte stader vegen innom desse. 
Av dei kulturminna som kan nåast lett med RAUALØO som utgangspunkt må nemnast bronsealdergrava på Sydnessåta, folkeborga på Tjobergshaugen (frå folkevandringstida), og dei utallige gravrøysene på Sydnes, som du når ved å følgja løypa til Trollåsen (sjå om kulturløypa nedanfor).

Olav på Sydnes er utruleg flink til å ta vare på kulturminne. Denne steingarden ligg langs kulturløypa.

Rett etter starten på kulturløypa passerer du det som kanskje er lengste langgrava i Norge. Her fortel Sigvald om grava under ein kulturdag som Kvinnherad kommune arrangerte her for nokre år sidan.

KULTURLØYPA PÅ SYDNES
Kulturløypa på Sydnes har eigentleg utgangspunktet sitt på ferjekaien på Sydnes, der det er parkeringsplass. Og viss føremålet ditt er å gå gjennom kulturløypa steg for steg, med tanke på å få med seg informasjonen som blir gitt gjennom løypa, bør du starta der.
Men det er ingen ting i vegen for å gå denne løypa frå RAUALØO i FATLANDSKOGEN. Du startar då med å gå mot Trollåsen, og vestom Dottatjødno kjem du inn på kulturløypa, som du kan gå den eine eller andre retningen. 
21.05.2022​​​​​​​
TUR-ORIENTERING
Tur-orientering har i alle år vore ein populær aktivitet på Halsnøy, og det er området i og rundt FATLANDSKOGEN som oftast står sentralt i dette konseptet. 
Halsnøy o-lag er ansvarlege, saman med Haug & hammar
RAUALØO er ofte eit naturleg utgangspunkt for denne folkelege trimvarianten, men nett i 2021 har dei lagt litt om og fokusert på eit område som ligg nord for FATLANDSKOGEN.

Ungane jublar når dei får auge på ein tur-orienterings-post.

Idyll i Ådnaviksvatnet.
Idyll i Ådnaviksvatnet.
Informasjon finn du vonleg når du treng det mest.
Informasjon finn du vonleg når du treng det mest.
Iglatjørna.
Iglatjørna.
I Narravika er det råd å klatra for dei spreke. Her er det dessutan massevis av fornminne.
I Narravika er det råd å klatra for dei spreke. Her er det dessutan massevis av fornminne.
Utsikt mot vest (Sæbøvik til høgre), frå toppen av Tjobergshaugen.
Utsikt mot vest (Sæbøvik til høgre), frå toppen av Tjobergshaugen.
Bakom Tjobergshaugen. På toppen ligg restar etter ei bygdeborg frå folkevandringstida.
Bakom Tjobergshaugen. På toppen ligg restar etter ei bygdeborg frå folkevandringstida.
Gapahuken sørom Dottatjødno.
Gapahuken sørom Dottatjødno.
Frå Skaret og sørover er Kjell Rune i full gang med å leggja ut hundrevis av meter med klopper. Anna beundrar verket hans.
Frå Skaret og sørover er Kjell Rune i full gang med å leggja ut hundrevis av meter med klopper. Anna beundrar verket hans.
Når du nærmar deg Iglatjødno, kjem du til Hjarta, som folk kallar dette svært populære turmålet. Foto: Kjell Rune Asmervik.
Når du nærmar deg Iglatjødno, kjem du til Hjarta, som folk kallar dette svært populære turmålet. Foto: Kjell Rune Asmervik.
Gode råd på vegen får du, før du klyv opp til Såto.
Gode råd på vegen får du, før du klyv opp til Såto.
Og når du er på toppen, skriv du deg sjølvsagt i boka.
Og når du er på toppen, skriv du deg sjølvsagt i boka.
Her har visst fotografen hamna i bakleksa. Det er den kondisen, veit du.
Her har visst fotografen hamna i bakleksa. Det er den kondisen, veit du.
BILDESERIE
Ta ein titt på denne bildeserien, som viser diverse tilfeldige plasser rundt om i turløypesystemet. 
Klikk på eit bilde for å forstørra det, og bruk hørgrepiltasten for å sjå neste.
KART OVER TURLØYPENE PÅ HALSNØY OG FJELBERGØYANE
Kartet nedanfor viser kor på Halsnøy og Fjelbergøyane du finn merka turløyper. Løypene er innteikna berre som illustrasjonar, så dei ser ikkje nett slik ut. Meir info finn du på nettside/Facebook for den einskilde lokalitet, dessutan på kart som vanlegvis er oppslått ved starten av kvar løype.
Ein del info finn du òg på nettsida visitsunnhordland.no, men kanskje aller mest på tursti.kvinnherad.no.
Viss du høgreklikkar på kartet nedanfor, kan du lasta kartet ned og lagra det. Deretter kan du skriva det ut og ta det med deg ut om du vil.
Turkart på papir, som omfattar Halsnøy og Fjelbergøyane, kan du kjøpa i nokre butikkar.
21.05.2022
SLIT DU MED Å KLYVA OPP PÅ SYDNESSÅTA FRÅ VESTSIDA?
Viss du har høgdeskrekk, så går du heller opp til Såto frå austsida, for der er det ikkje så bratt.
Og viss du vil komma over skrekken din, kan du ta ein titt på denne. Det er slett ikkje sikkert at det hjelper, men er du ei geit, så ser du iallfall kva teknikk som kan brukast.
Tilbake til toppen