NB! Det er ikkje tillate å køyra bil lengre inn enn til og med parkeringsplassen rett før STEMKRYSSET. Men det er unnatak for grunneigarar, og for turkøyring med eldre og funksjonshemma, og for andre med spesialløyve.
FØRSTE ETAPPEN: INN TIL ÅSABAKKEN
Første kilometeren endar opp inne i Åsabakken, som er ved foten av Høgåsen. Denne etappen er bygd som bilveg, av god standard. Denne etappen kan gjennomførast av alle, også med elektrisk rullestol og barnevogn. Det finst mange stopp undervegs, også fleire kulturminne, og gapahuk.
Frå gapahuken er det merka ein 700 meter lang sti til den såkalla FLYPLASSEN, der det i 1954 fall ned eit fly, der ein person omkom. Sjå eigen presentasjon lengre nede på denne sida.
Sist oppdatert 26.12.2023
Klikk på første bildet for å sjå større versjon. Høgrepil går til neste bilde.
AVSTIKKAREN TIL FLYPLASSEN
Frå gapahuken i HJORTESTIEN går det ei 700 meter lang merka løype mot nord, til plassen der eit fly styrta i 1954. Ein av dei to som var ombord, omkom i ulukka.
Sigvald Robberstad har merka denne stien frå FATLANDSKOGEN, fram til "flyplassen", som ligg på Cathrin Svåsand og André Isdal sin eigedom. Som grunneigarar vil dei gjerne sjå på denne spesielle plassen som eit lokalt kulturminne som det er verdt å ta vare på.
Løypa frå gapahuken vår forsvinn ut av FATLANDSKOGEN etter berre nokre få meter, så me har berre ein plakat ved starten av stien. Men vidare langs stien har Sigvald sett opp info-plakatar om kva du kan sjå undervegs.
Mellom anna så spaserer du over ein demning rett nedanfor Ådnaviksvatnet. Denne er av same typen som den me har i NATURSTIEN i FATLANDSKOGEN, og han er like fin som den, minst. Begge desse demningane er automatisk freda kulturminne, sidan dei er så gamle.
Ta gjerne denne spennande avstikkaren inn i Arnevik-skogen. Du får meir info om flyulukka når du kjem fram. Til FLYPLASSEN. Dette er definitivt eit viktig kulturminne, ikkje berre for bygda vår, men for heile distriktet.
Om du vil lesa litt meir om flyulukka, kan du sjå kva Kristian hus har skrive her og her. Den første av desse finn du òg i boka Halsnøy 2014.
06.01.2024
PS. Også i Arnevik-skogen finn du ein flott gapahuk, med nydeleg utsikt over Ådnaviksvatnet. Ta til høgre på traktorvegen som flyplass-stien kryssar, for å komma til gapahuken.