DET LANGE BORDET
Dette bordet er 14,03 meter langt, og det skal vera det lengste bordet i Norge der ingen plankar er skøytte. Så dette er ein attraksjon.
Bordet er laga av tre-toms granplank, plassert oppå fire solide granrøter. Det er benker rundt heile bordet, med plass til 60 personar totalt.
Det er Anna og Arne som har laga bordet, men på grunn av storleiken måtte dei sjølvsagt ha hjelp med arbeidet. Arild Landa var med på å kløyva stokkane opp til plank, og Kjell Musland var med og monterte det. Desse to skal ha sin solide del av æra for at det vart eit slikt gasta bord til slutt
Slå deg gjerne ned ved bordet når det er ledig plass. Men dersom ein klasse eller ei større gruppe vil slå seg til her for ein time eller meir, må du ha løyve frå oss. Ta kontakt med Arne (938 17 200 eller ARNE.GJERDE@OUTLOOK.COM) eller Anna (99 24 25 36). Førebels er det gratis å bruka DET LANGE BORDET.
​​​​​​​NISSEHUSET er laga hausten 2022 av Stig Johannessen. Det er plassert like ovanfor bordet. Sommarstid kan det bli brukt til andre føremål.
25.12.2023
DET LANGE MAIBORDET. Mai 2020.
DET LANGE MAIBORDET. Mai 2020.
DET LANGE JULEBORDET, med juletreet. Desember 2022.
DET LANGE JULEBORDET, med juletreet. Desember 2022.
Og rett ovanfor bordet og juletreet står NISSEHUSET. Desember 2022.
Og rett ovanfor bordet og juletreet står NISSEHUSET. Desember 2022.
Det nye NISSEHUSET er eit flott tilskot ved DET LANGE BORDET. Desember 2022. Foto: Sunniva Lind T Gjerde.
Det nye NISSEHUSET er eit flott tilskot ved DET LANGE BORDET. Desember 2022. Foto: Sunniva Lind T Gjerde.
I den vesle "sofakroken" står bålpanna og syter for varme og kaffi. Eller kanskje grilla pølser. Desember 2021.
I den vesle "sofakroken" står bålpanna og syter for varme og kaffi. Eller kanskje grilla pølser. Desember 2021.
"Sofakroken" er populær om sommaren òg. September 2022.
"Sofakroken" er populær om sommaren òg. September 2022.
Hagerupshuset på Stord var på vitjing i FATLANDSKOGEN i september 2022.
Hagerupshuset på Stord var på vitjing i FATLANDSKOGEN i september 2022.
I dammen ved sida av DET LANGE BORDET er det mange dyr. Oktober 2022.
I dammen ved sida av DET LANGE BORDET er det mange dyr. Oktober 2022.
Det er eit koseleg område bordet og dammen ligg i. August 2022.
Det er eit koseleg område bordet og dammen ligg i. August 2022.
Her ser du fem skrattande julegriser som gler seg til jul.
Her ser du fem skrattande julegriser som gler seg til jul.
Svinevisa står klar på veggen, for dei som elskar å syngja.
Svinevisa står klar på veggen, for dei som elskar å syngja.
Folk i alle aldrar storkosar seg med dei lystige svina. Men dei fleste vegrar seg for å stikka seg fram på denne måten.
Folk i alle aldrar storkosar seg med dei lystige svina. Men dei fleste vegrar seg for å stikka seg fram på denne måten.
SVIN PÅ SKOGEN
Etter det Kjell Musland seier, så må dette vera den største attraksjonen i NATURSTIEN. Og sidan det er han som har laga dei flotte grisene, må me nok høyra på han.
Her kan du ta bilde av venner du måtte klara å lokka til å stikka hovudet ut gjennom holet. Kanskje kan det bli julekort til vinteren? Som du kanskje sender til folk som ikkje visste at vennene dine har svin på skogen?
Det står oppslått eit eventyr om dei tre grisene, og korleis dei hamna langt inne i skogen. Og ei vise om korleis dei opplever å vera der. Du ser dei tre versa på bildet. 
Huset rundt grisene er laga av Kjell og Arne.
25.12.2023
PS. Det er faktisk eitt vers til på denne Svinevisa. Men du må nok ta ein tur i NATURSTIEN viss du vil vita kva det går ut på.
NATURSCENEN
Omsider har me fått laga ein skikkeleg scene i NATURSTIEN. Den heiter sjølvsagt NATURSCENEN. Scenen vart opna med flott opningskonsert, med ultralokale artistar, søndag 4. desember 2022. Over 200 kom innom, og dei stortreivst.
Scenen er 3x5 meter stor, og det er straum (32A) lagt fram hit. Dermed kan både musikkinstrument og mikrofonar nyttast. Bygget er laga av Stig Johannessen.
Tribunen har så langt plass til rundt 100 personar. Men ved å setja ut benker og stolar kan me nok få plassert rundt 150. 
Dette er sjølvsagt ein fin rasteplass for turgåarar, når det er dårleg vêr. Det står ei lita bålpanne utanfor, og det ligg ved inne under tak.
Men elles er det jo tanken at skuleklassar, lag, turgrupper og andre skal kunne framføra sine ting her. Anten til seg sjølv, eller til eit større offentleg publikum.
Hugs berre å be om løyve først. Ring Arne (938 17 200 eller ARNE.GJERDE@OUTLOOK.COM) eller Anna (99 24 25 36).
Inntil vidare så kostar det ikkje noko å bruka NATURSCENEN.
25.12.2023
Masse folk var møtt fram til opningskonserten. Desember 2022. Foto: Hildegunn Ruud.
Masse folk var møtt fram til opningskonserten. Desember 2022. Foto: Hildegunn Ruud.
Fatlandskogen jentekor, kan me kanskje kalla dei. Her i sving på scenen under konserten. Desember 2022. Foto: Sunniva Lind T Gjerde.
Fatlandskogen jentekor, kan me kanskje kalla dei. Her i sving på scenen under konserten. Desember 2022. Foto: Sunniva Lind T Gjerde.
Når scenen er lyssett, ser det flott ut i vinterkvelden. Januar 2023. Foto Hildegunn Ruud.
Når scenen er lyssett, ser det flott ut i vinterkvelden. Januar 2023. Foto Hildegunn Ruud.
LABYRINTEN
Labyrint-orientering er ein artig minivariant av orienteringsløp. Det passar for alle, i alle aldrar. Fleire kan konkurrera, eller du kan prøva deg på dette åleine, utan å tenkja på tidtaking og slike kompliserte saker.
I kassen som plakaten står på, finn du kart over labyrinten. Inne i labyrinten er det 7 postar som du skal oppsøkja i den rekkefølgja dei viser på kartet. Finfin familietrim.
Labyrinten er laga av Stig Johannessen.
25.12.2023
KONGEHUSET
Dette er den mest majestetiske utedoen i heile kongeriket, seier folk. Og det skal visstnok vera heilt konge å sitja der.
Namnet? Vel, på alle skikkelege utedoar skal det vera eit bilde av kongen. Hos oss er det bilde av alle i heile kongehuset. Namnet gjorde då seg sjølv eigentleg.
Den trolske dobenken er laga av Kjell Musland, som faktisk har donert oss meisterverket. Tusen takk, Kjell!
Om det er parkett på golvet? Naturlegvis!
25.12.2023
KONGEHUSET smyg seg fint inn i granskogen. Juli 2022.
KONGEHUSET smyg seg fint inn i granskogen. Juli 2022.
KONGEHUSET er som henta frå eit eventyr, med både kongar og troll involverte. Juli 2022.
KONGEHUSET er som henta frå eit eventyr, med både kongar og troll involverte. Juli 2022.
Her står Kjell sjølv, etter å ha inspisert den flotte dobenken han har laga. Juli 2022.
Her står Kjell sjølv, etter å ha inspisert den flotte dobenken han har laga. Juli 2022.
Stig ryddar området som me håpar skal bli fugledyrehage etter kvart. Mai 2023.
Stig ryddar området som me håpar skal bli fugledyrehage etter kvart. Mai 2023.
Berghøne.
Berghøne.
Emu.
Emu.
FUGLEDYREHAGEN
Dersom alt går etter planen vidare framover, vil det til sommaren 2024 komma noko som me kallar FUGLEDYREHAGEN, som eit eige objekt i NATURSTIEN.
Det blir ein liten inngjerda hage, med sjeldne fuglar, og kanskje nokre dyr. Me ser etter kvart kva me får til. Dette blir eit samarbeidsprosjekt med Hanne og Stig Johannessen, som har drive med slike fuglar i mange år.
Førebels er det ein del problem å finna ut av, spesielt kanskje med Mattilsynet. Reglane for å halda dyr, og ikkje minst å flytta dei til ein ny stad, er blitt ganske strenge.
Veit du kva ei berghøne er? Det er ein fugl i fasanfamilien, som høyrer til i Asia.
Eller ein emu? Emuen er verdas nest største fugl, like høg som eit vakse menneske, sjå bildet til høgre. Og han finst berre i Australia.
Men altså, kanskje snart også i FATLANDSKOGEN
25.12.2023
Back to Top