
Så fin vil me gjerne at hagen skal vera i år òg. Minst!
SPONSORMIDLAR OGSÅ TIL PLANTING PÅ GULLHAUG
Ingen har tidlegare fått lov å sponsa arbeidet vårt med GULLHAUG. Dette fordi den arenaen er meint å bli ein del av inntektsgrunnlaget på garden.
Men nå har me bestemt oss for å bruka noko av desse pengane på vårplantinga på GULLHAUG, iallfall for denne våren. Det har samanheng med kommunale ugagnskråker som er på ferde att, slik at me neppe nokon gong kjem til å få lov å driva noka næringsverksemd på GULLHAUG i det heile.
I staden for å la denne flotte haugen gro att, slik kommunen og helsetilstanden vår nett nå legg opp til, vel me å heller seia at også i år er GULLHAUG å rekna som del av NATURSTIEN. Folk som går tur stikk uansett gjerne oppom for å sjå den flotte hagen på GULLHAUG. Nå kan dei føla at dei har vore med på å laga det fint, fordi dei har gitt nokre kroner til innkjøp av blomar, gjødsel, mm.
Me kan vel leggja til at sjølve NATURSTIEN på mange måtar er ferdig nå. Traséen gjennom dei fire etappane, på til saman knappe to kilometer, er fullført. Det står att å laga fleire objekt og opplevingar langs stien, særleg i etappe 4. Men dette er arbeid som skal gjerast gjennom dei neste åra, og som ikkje hastar veldig.
Gir du pengar til Vipps 72 44 33 nå framover, så skal du sjå kor flott hagen på GULLHAUG blir også i år! Tusen takk!
30.04.2025
VIL DU SPONSA OSS?
Me bruker det meste av det me personleg måtte ha til overs, både av tid og pengar, på å leggja til rette i FATLANDSKOGEN, og mange spør om å få lov til å sponsa dette arbeidet.
Skulle du vera ein av desse, kan du senda ein slant (stor eller liten) til Fatlandskogen sponsorkonto, som er 3525 24 89361, eller Vipps 72 44 33.
Alle sponsormidlar går til vidare utbygging av NATURSTIEN.
01.11.2023

OFFENTLEGE SPONSORAR
Fram til i dag har desse institusjonane gitt tilsegn om tilskot:
- SMIL-midlar i landbruket: 40 000 (2020), les meir her.
- Fjelberg Kraftlag-stiftinga: 300 000 (2021), les meir her.
- SMIL-midlar i landbruket: 75 000 (2021), les meir her.
- SIM sitt miljøfond: 185 000 (2022), les meir her.
- Haugaland kraft: 10 000 (2022)
- Statskogmillionen: 5 000 (2022), les meir her.
- SMIL-midlar i landbruket: 60 000 (2023), les meir her.
05.11.2023
PRIVATE SPONSORAR
I tillegg har private, gjennom sponsorkonto og Vipps, støtta oss slik:
- Privatperson: 20 000 (2021)
- Privatperson: 10 000 (2021)
- Privatperson: 5 000 (2021)
- Andre privatpersonar fram til 13.07.2022: 24 571
- Andre privatpersoner resten av året 2022: 28 149
- Andre privatpersonar i 2023: 75 966 *)
- Bygger'n Teigen: 3 stk benkebord til NATURSTIEN (2023)
Me er umåteleg takksame for alle bidrag!
09.01.2024
*) I denne summer er også med bruttoinntekter for lynlotteri gjennom året. Ein del utgifter har det vore her, som burde vore trekt frå.