SKOGEN
NATURSTIEN går gjennom FATLANDSKOGEN, der du finn dei fleste av treslaga me har her i landet.
Gjennom NATURSTIEN er det mange plansjar som fortel om treslaga. Plansjane har stor skrift, slik at dei er leselege for både unge og gamle. 
På Halsnøy er det eit uvanleg rikt planteliv, ikkje minst finn du svært mange treslag her. Det er naturleg å tenkja at dette har samanheng med at Halsnøy er ei øy, der Golfstraumen, som kjem rett inn Hardangerfjorden, deler seg og såleis omsluttar øya på alle kantar. Dette gir eit mildt, fuktig og skogvennleg klima gjennom heile året. 
Det er mykje flott skog innover frå Fatland, sett både frå skogbrukets og friluftslivets synsstad.
25.12.2023
SKOGBRUKET
FATLANDSKOGEN er ein skogeigedom, med eige sagbruk og produksjonshall for trevarer. Skogen på garden blir difor stelt omhyggeleg, med tanke på at det skal produserast kvalitetstømmer. 
Å selja rundtømmer er ikkje god butikk, ein vanleg skogeigar må difor alltid ha anna arbeid ved sida av. Målet vårt er derimot at neste eigar av eigedommen  vår skal kunna leva godt av å ta ut råvirke frå eigen skog, og så foredla dette på sagbruket og i verkstadhallen. Truleg kan det bli nokre fleire arbeidsplassar i tillegg.
Trass i at tømmerproduksjon er det primære for ein skogeigedom, har me lagt stor vekt på det som me kallar fleirbruksomsyn, altså at skogen skal gi meir enn berre tømmer. Friluftsliv, og informasjon om skog og natur, er viktige element for oss i denne samanhengen.
Det kan ofte sjå litt uryddig og sørpete ut under og etter at ein hogst er utført. Men med skikkeleg opprydding og tilplanting blir det fint att etter eit par år. I 2019 tok me i FATLANDSKOGEN ut bortimot 2000 m3 med tømmer, i Høgåsen, og rett vestom Skaret. 
Områda vart rydda, og vegane er nå mykje betre enn før, noko som òg er kjekt for friluftslivet. Allereie i 2023, berre fire år etterpå, er dette eit fantastisk turområde. Og mykje lettare tilgjengeleg enn før hogsten.
Det vart sett ut 11 000 granplanter, men ein god del åt hjorten opp, så i 2021 supplerte me med nokre tusen til. Det blir lenge til neste storhogst på eigedommen, for nå er aldersfordelinga av skogen perfekt. Det var nemleg eit overordna mål ved denne siste tømmerhogsten.
Galleriet her har samla nokre bilde omkring skogbruket i FATLANDSKOGEN. Det er langt frå full aktivitet her nå for tida, for når ein kjem i syttiåra er det viktigaste å leggja til rette for dei som skal overta og driva vidare om nokre år. Og skogbruk er ein langsiktig aktivitet. 
Bildeserien er lagt opp sånn nokolunde etter skogen sin livssyklus, med planting først, deretter skogkultur, etterfølgt av hogst, og foredling til slutt.
25.12.2023
PLANTELIVET
NATURSTIEN passerer gjennom ulike belte av jordsmonn (bonitet), slik at ein god del av plantemangfaldet er representert her. 
Plakatane gjennom NATURSTIEN fortel om ein del av dei plantane du passerer. Sidan det finst så utruleg mange plantesortar, har me først og fremst konsentrert oss om å informera om treslaga. Andre planter kjem me kanskje sterkare tilbake med seinare.
Plakatane er plasserte der dei naturleg høyrer heime, til dømes er plakaten om eika sett opp berre halvmeteren frå eit par fine eiker.
25.12.2023
DYRELIVET
Dyrelivet er godt illustrert ved plakatar og plansjar i NATURSTIEN, men først og fremst gjennom dei fenomenale utskjeringane i tre som er gjort av motorsagkunstnaren Kjell Musland.
Kjell har med motorsaga si laga alle dyreskulpturane gjennom NATURSTIEN, med berre to unnatak. Kvart av dyra hans er presenterte med sin eigen plakat, som fortel i grove trekk litt om dyret sine eigenskapar, og kor det er å finna.
Alt skal vera kortreist her i FATLANDSKOGEN, og Kjell, som bur på Seimsfoss i Kvinnherad, er naturlegvis ikkje noko unnatak.
Ugla og ørna er ikkje laga av Kjell, men av Oliver Vogt, som er verdsmeister i motorsagkunst! Han er tyskar, og slik sett ikkje heilt kortreist. Men sidan han har slått seg ned på Jørpeland, får me rekna han som kortreist nok.
25.12.2023
FRILUFTSLIVET
I tillegg til skogbruket, så er det friluftslivet FATLANDSKOGEN er etla til. Det er her du lever det beste livet, ute i Guds frie natur, i alle slags vêr. 
Me kan gjerne gi deg info om dette, men det er viktigare med sjølve opplevinga. Dei mange aktivitetane som det er og blir lagt opp til, både i NATURSTIEN og dei andre arenaene våre, må berre prøvast.
Tur-orientering er ein populær familieaktivitet, og det finst kvart år postar i og rundt FATLANDSKOGEN. Det er Halsnøy o-lag og Haug & Hammar som administrerer dette opplegget, som gjerne blir kunngjort rundt påsketider. Då kan du kjøpa materiellet du treng på visse plassar på øya.
25.12.2023
KULTURLIVET
Mange former for kultur blir presenterte i NATURSTIEN, mellom anna prøver me småningom på å få på plass nokre element som viser litt ultralokal historie. 
Dessutan har me litt ville tankar om å laga til eit lite gardsmuseum, som viser korleis denne landbrukseigedommen har endra seg opp gjennom dei siste 70 åra. Kanskje kan me få det til innan få år.
Og sjølvsagt er det vel kultur, når Kjell Musland lagar slike fantastiske figurar langs løypa? Og når låvenissen i RAUALØO viser seg fram med det same han høyrer ordet "jul"? Og når han spelar julelåtar frå låvedøra si, eller ein annan stad i NATURSTIEN?
Og NØKKEN i dammen er som henta rett ut frå Asbjørnsen & Moe si eventyrbok.
Og kva med friluftsgudstenestene som er årvisse på Fatland? 
Ved DET LANGE BORDET vil det dessutan frå tid til anna bli skipa til kulturelle arrangement av ymse slag, både av oss og av andre. For ikkje å snakka om kva NATURSCENEN kan brukast til.
Kulturminne finn du ein del av rundt i FATLANDSKOGEN, fleire av dei finn du etter kvart i NATURSTIEN. Resten finn du kanskje andre stader i FATLANDSKOGEN.
25.12.2023
FOLKEHELSA
Å vandra i skog og mark er godt både for kroppen og sjela, det veit alle. Det er difor ikkje unaturleg at me også har dette som eige tema i NATURSTIEN
Førebels finn du ikkje så mykje konkret informasjon om temaet gjennom plakatar. Men det er lagt opp til ein del aktivitetar som både får kroppen til å røra på seg, og tankane til å sviva bort frå den vanlege tralten.
Mange seier at dei kjenner seg som eit nytt og betre menneske etter ein rusletur i NATURSTIEN.
25.12.2023
GEOLOGIEN
I FATLANDSKOGEN er det ein veldig interessant geologi som du kan studera på nært hald. 
Du tenkjer kanskje at gråstein er berre gråstein, men om du fortel det til naboen vår, Sigvald Robberstad, så får han vatn på mølla. Han er den udiskutabelt beste hobbygeologen her i bygda, og nå har han laga ein liten stand i NATURSTIEN, som viser og informerer om denne lokale geologien.
Me har sett at folk som i utgangspunktet ikkje har hatt det minste av interesse for geologi, har fått eit heilt anna syn etter å ha prata med Sigvald.
25.12.2023
MILJØ - KLIMA - BEREKRAFT
Dette temaet kjem til å komma meir med i NATURSTIEN etter kvart som me skrir litt lengre framover i terrenget, og på kalenderen. Då snakkar me utover i 2024 og 2025.
Førebels vil me berre minna om at skogen nok er den desidert viktigaste positive faktoren i samfunnet vårt når det gjeld miljø, klima og berekraft.
Visste du til dømes at ein reknar at skogen i dag tek opp rundt halvparten av all CO2 som me slepper ut? 
Tenk då korleis verda hadde vore utan skogen!
25.12.2023
Tilbake til toppen