FATLANDSKOGEN
FATLANDSKOGEN er namnet på den tusen mål store fantastiske skogeigedommen vår her på Fatland, sør på Halsnøy, i Kvinnherad kommune. I FATLANDSKOGEN får alle lov å gå tur, også med rullestol og barnevogn, men berre til fots. Området er delt inn i fleire arenaer, sjå nedanfor. Ta gjerne med hunden, men hugs at her er det bandtvang heile året. Hundeskiten tar du sjølvsagt med deg heim i pose.
Framsidebilde: Det er tid for konsert i skogen att. Her er Egil Vaage med fela si under fjorårets førjulskonsertmoro. Foto: Morten Nygård/Grenda.
HYPERAKTUELT
Klikk på dei aktuelle bilda over for å sjå større versjon.
Klikk på knappen 'Les meir' til høgre for å lesa om desse sakene:
NATURSTIEN
er ein rullestol- og spaservennleg sti med fagleg, underhaldande og aktiviserande innhald. Om skogbruket, dyrelivet, plantelivet, friluftslivet, kulturlivet, folkehelsa, geologien, klimaet, miljøet og berekraft. Fleire bålpanner i vinterhalvåret.
Støtt arbeidet med NATURSTIEN!
Vipps 72 44 33 eller bankkonto 3525 24 89361.
RUNDLØYPENE
FATLANDSVATNET RUNDT er ei kjapp og grei trimretta rundløype som tek 45 minutt. Eignar seg for familierusling med små ungar. Ikkje rullestol eller barnevogn. Gapahuk mot slutten av løypa, med bålpanne.
HJARTESTIEN gir deg meir trim, om lag halvannan time. Fin rundløype for familierusling med større ungar. Midtvegs passerer du HJARTA, som er blitt eit eige turmål for mange. Ikkje rullestol/barnevogn. Gapahuk tidleg i løypa, med bålpanne.
HJORTESTIEN er ein fin og rullestolvennleg veg den første kilometeren, med ulike kulturelle og aktiviserande objekt undervegs. Deretter blir stien mykje meir krevjande, gjennom hjorten sitt rike, over Høgåsen og rundt Nordåsen. Halvannan time må du rekna på rundturen. To gapahukar undervegs, begge med bålpanne.
GULLHAUG
er eit nydeleg punkt med panoramautsyn over halve Sunnhordland, berre 200 rullestolvennlege metrar frå RAUALØO. Her er det vakker hage, og kapell, der du kan arrangera bryllaup eller gullbryllaup. Gulhaugkonsertane er eit frivillig lag som har populære konsertar her. Og så er det eit turmål i Fjelltoppjakten.
ANDRE TURFORSLAG PÅ HALSNØY
Dette er ulike turopplegg som ikkje høyrer inn under konseptet FATLANDSKOGEN, for dei går langt utanfor vår eigedom. Men sidan nokre av dei mest spennande turane startar her, eller går tvers gjennom området vårt, gir me dei gjerne ein liten omtale på nettsida vår.
DEI LILLA LØYPENE er avstikkarar frå dei blå rundløypene ovanfor. Dei er opparbeidde av Fatland Vel, og dei går inn i naboskogane, altså utanfor FATLANDSKOGEN. Desse turstiane kan du bruka til å skapa variasjon i turkvardagen din. Fleire alternativ gir fleire opplevingar. Les meir på Fatland Vel sin konto på Facebook.
RAUALØO er sentrum og startpunkt i FATLANDSKOGEN. Her finn du parkering, kart over området, brosjyrar, og skilt til turstiane.
Les meir om kven me er, kven som hjelper oss, kvifor me har laga til FATLANDSKOGEN, og kanskje litt til.
Og her kan du lesa om bygda som FATLANDSKOGEN høyrer til, ved å opna nettsida fatland.info.
TIPS: Er du ny i FATLANDSKOGEN? Start då med å gå NATURSTIEN frå RAUALØO. Deretter går du FATLANDSVATNET RUNDT.
TIPS: Last gjerne ned turtipsbrosjyren vår, her. I den finn du både kart, ordensreglar og annan nyttig informasjon for turen din. Brosjyren finn du òg i postkassen ved RAUALØO.
TIPS: Nokre gonger i året sender me ut ein epost med info om kva som skal skje i skogen vår. Vil du stå på denne lista, sender du ein epost om det, til arne.gjerde@outlook.com.
VIL DU VERA SPONSOR?
Klikk knappen nedanfor for å få vita korleis du kan sponsa arbeidet vårt med vidare utbygging av NATURSTIEN. Du finn òg oversikt over alle som har sponsa oss fram til nå.
God Grøn Gåtur!
PS. Har du lyst til å gå i Fatlandskogen kvar einaste dag, utan å måtta køyra bil? Last då ned denne plakaten, som fortel om kjempefine, solrike, byggeklare bustadtomter på Fatland.
NB! Alle skal få gå tur, både dei med hund, og dei med hundeskrekk. Berre hugs at i FATLANDSKOGEN er det bandtvang heile året! Og at det ikkje skal liggja hundeskit att langs stien!
fatlandskogen.no
Namnet Fatlandskogen skal skrivast med berre éin s, ikkje Fatlandsskogen altså.
Arne har forresten sin eigen vesle blogg, sjå den her.
Denne nettsida nyttar ikkje cookies.