FATLANDSKOGEN
FATLANDSKOGEN er namnet me har gitt det flotte skogområdet innover den tusen mål store skogeigedommen vår her på Fatland, sør på Halsnøy, i Kvinnherad kommune. I FATLANDSKOGEN kan alle få lov å gå tur, også med rullestol og barnevogn, men berre til fots. Området er delt inn i fleire arenaer, kvar med sin fargekode, som du kan lesa om nedanfor.​​​​​​
Nissehuset
Nissehuset
Karolines Redesign
Karolines Redesign
Trekkspelnissen
Trekkspelnissen
HYPERAKTUELT
Klikk på bilda over for å sjå større versjon. Klikk på knappen til høgre for å lesa om: 
- 08.12: Fanastisk kjekt på førjulskonserten sist søndag!
- 26.11: Kjøp kristtorn og juletre, til inntekt for NATURSTIEN.
- 26.11: Ryddesalg på Fatland, heilt fram til nyttår.
​​​​​​​- 04.09: Heile 10 000 gjester siste året!​​​​​​​

NATURSTIEN gir deg aktivitet, underhaldning og lærdom, gjennom ein rusletur.

NATURSTIEN
er ein rullestol- og spaservennleg sti med fagleg, underhaldande og aktiviserande innhald. Om skogen, skogbruket, dyrelivet, plantelivet, friluftslivet, kulturlivet, folkehelsa, geologien, klimaet, miljøet og berekraft. 
Støtt arbeidet med NATURSTIEN!
Vipps 72 44 33 eller bankkonto 3525 24 89361.

RUNDLØYPENE gir deg mosjon og naturoppleving, i ditt eige tempo.

RUNDLØYPENE
FATLANDSVATNET RUNDT er ei kjapp og grei trimretta rundløype som tek 45 minutt. Eignar seg for familierusling med små ungar. Ikkje rullestol eller barnevogn. Gapahuk mot slutten av løypa.
HJARTESTIEN gir deg meir trim, om lag halvannan time. Fin rundløype for familierusling med større ungar. Midtvegs passerer du HJARTA, som er blitt eit eige turmål for mange. Ikkje rullestol/barnevogn. Gapahuk tidleg i løypa.
HJORTESTIEN er ein fin og rullestolvennleg veg den første kilometeren, med ulike kulturelle og aktiviserande objekt undervegs. Deretter blir stien mykje meir krevjande, gjennom hjorten sitt rike, over Høgåsen og rundt Nordåsen. Halvannan time må du rekna på rundturen. To gapahukar undervegs. 

Panoramaet på GULLHAUG er gull verdt.

GULLHAUG
er eit nydeleg punkt med panoramautsyn over halve Sunnhordland, berre 200 rullestolvennlege metrar frå RAUALØO. Her er det kapell, der du kan arrangera bryllaup eller gullbryllaup. Konsertar blir det arrangert av og til. Og det er planlagt hagerestaurant og gardsbutikk. GULLHAUG har eiga nettside på www.gullhaug.info.

TURLØYPENE er skilta med raudt, og dei går vidare, utanfor FATLANDSKOGEN.

ANDRE TURLØYPER PÅ HALSNØY
Dette er løyper som ikkje høyrer inn under konseptet FATLANDSKOGEN, for dei går langt utanfor vår eigedom. Men sidan nokre av dei mest spennande løypene/turmåla startar nett her, eller går tvers gjennom området vårt, gir me dei gjerne ein liten omtale på nettsida vår. 
RAUALØO er sentrum og startpunkt i FATLANDSKOGEN, og her finn du parkering, kart over området, brosjyrar, og skilt til arenaene. Les korleis du finn fram hit, og last ned kart over området.
Les meir om kven me er, kven som hjelper oss, kvifor me har laga til FATLANDSKOGEN, og kanskje litt til.
Og her kan du lesa om bygda som FATLANDSKOGEN høyrer til, ved å opna nettsida www.fatland.info.
​​​​​​​TIPS: Er du ny i FATLANDSKOGEN? Start då med å gå NATURSTIEN frå RAUALØO. Deretter går du FATLANDSVATNET RUNDT.
​​​​​​​​​​​​​​TIPS: Last gjerne ned turtipsbrosjyren vår, her. I den finn du både kart, ordensreglar og annan nyttig informasjon for turen din. Brosjyren finn du òg i postkassen ved RAUALØO.
​​​​​​​​​​​​​​TIPS: Nokre gonger i året sender me ut ein epost med info om kva som skal skje i skogen vår. Vil du stå på denne lista, sender du ein epost om det, til arne.gjerde@outlook.com.
VIL DU VERA SPONSOR?
Klikk knappen nedanfor for å få vita korleis du kan sponsa arbeidet vårt med vidare utbygging av NATURSTIEN. Du finn òg oversikt over alle som har sponsa oss fram til nå.
God grøn gåtur!
PS. Har du lyst til å gå i Fatlandskogen kvar einaste dag, utan å måtta køyra bil? Last då ned denne plakaten. Den fortel om kjempefine, solrike, byggeklare bustadtomter på Fatland.
NB! Alle skal få gå tur, både dei med hund, og dei med hundeskrekk. Berre hugs at i FATLANDSKOGEN er det bandtvang heile året!
www.fatlandskogen.no
Og hugs å skriva fatlandskogen med berre éin s, ikkje fatlandsskogen altså.
Denne nettsida nyttar ikkje cookies.