GOD JUL OG GODT NYTTÅR!
Dette året har vore slitsamt, men kjekt. Då tenkjer me både på at me har fått på plass ein del nye ting i NATURSTIEN, men kanskje endå meir på alle dei nøgde gjestene. Kor mange tusen det har vore gjennom året, veit me sjølvsagt ikkje.
Dei siste par vekene har det vore lite besøk, naturleg nok, sidan folk strevar med andre ting i denne førjulstida. Men det er ingen grunn til å gløyma FATLANDSKOGEN, for betre avkopling i ein stressa dag finn du ikkje, enn ein rusletur her.
Sjå berre på bildeserien nedanfor. Gir det ikkje ro i sjela berre å sjå på den?
Det var Magne Djuve som hadde seg ein tur med fotoapparatet for nokre kveldar sidan, då snøen låg der kvit og fin, med null vind, og med alle lyslenkene som gav ei varm oppleving, bokstaveleg tala.
Me ønskjer deg og alle skogvandrarar ei fantastisk og magisk julefeiring, og eit framgangsrikt og spenstig nytt år!
Alle foto: Magne Djuve
21.12.2022









OPNINGA AV NATURSCENEN VAR SVÆRT VELLUKKA
Rundt 200 menneske, som i går tusla seg gjennom NATURSTIEN, lét så vel over opplevinga at det var mest så me ikkje tålte all skryten. Målet til alle var å komma seg opp til NATURSCENEN, som skulle innviast med ein liten konsert.
Men dei rusla seint, for det var faktisk mykje å sjå og oppleva på vegen. Dei som ikkje hadde vore her før, måtte få med seg mykje. Og dei som trudde dei var godt kjende her alleie, fann ut at det var komme mykje nytt i det siste. Pluss at det nå var blitt julepynta både her og der.
Alle kosa seg dessutan med å stoppa opp på tre stands som me hadde etablert oppover stien. Stand 1 forsynte folk med gratis gløgg og brus, pluss at dei selde velsmakande pølser. På stand 2 selde dei vaflar, lappar, kaker og kaffi. Og på stand 3 kunne du kjøpa juletre, bøker, og ikkje minst lynlodd. Alle inntektene går til vidare utbygging av NATURSTIEN.
Lynlotteriet var svært populært, for her kunne du vinna juletre, bøker, kransekaker, og meir. Diverre slapp me opp for vinstar, fordi folk kjøpte mykje meir lodd enn me hadde rekna med! Kinkig problem, nett det der.
Konserten, som bestod av ultralokale artistar, var svært populær. Det var ein del problem med lyd undervegs, men me lærte mykje om korleis det skal gjerast på neste arrangement.
Dette var ein kort omtale, av ein kjempekoseleg dag, også for oss som stod for all jobbinga!
Tusen takk til alle som bidrog! Og til publikum, som var så flinke å møta opp! Og som heldt ut i det iskalde vêret!
05.12.2022

Nissen spela trekkspel for unge og gamle gjester, men kanskje mest for dei aller minste. Foto: Sunniva Lind T Gjerde.

I dammen ser det ut til at både nøkken, fuglar og dyr kosar seg i førjulstida. Foto: Hildegunn Ruud.

DET LANGE BORDET vart i år julepynta litt tidlegare enn før, på grunn av denne opningskonserten.

Juletreet og det nye NISSEHUSET ligg midt i løypa.

I NISSEHUSET er det mykje rart å sjå for dei nissetøys-interesserte. Foto: Sunniva Lind T Gjerde.

Kva gjer ein for å få Vipps-nummeret tydeleg fram her i skogen? Lagar nummeret av bork sjølvsagt.

Folk ruslar oppover mot konserten, men stoppar gjerne opp og pratar.

Her ved lynlotteriet var det til tider mykje større kø enn dette.

Mykje gjævt folk var samla oppe ved scenen under sjølve konserten. Foto: Hildegunn Ruud.

Fatlands eminente visesongar, Kjell Rune Asmervik, slo an tonen. Foto: Fabian Ruud.

Audun Tvedten (sax) og Torvald Gjerde (piano) er ein god kombinasjon. Men ikkje eingong på Is-land hadde Torvald spelt med så is-kalde fingrar. Foto: Sunniva Lind T Gjerde.

Fatlandskogen jentekor i sving på scenen. Foto: Sunniva Lind T Gjerde.

Mange forsvann under konserten, på grunn av kulda, men dei fleste heldt ut til slutt. Konsert i skogen er nemleg veldig koseleg, trass alt.

Etter at folk var gått heim, var det stille i skogen. Og mørkt. Men veldig stemningsfullt her nede ved brua. Foto: Anna Gjerde.

Ikkje eit menneske å sjå lenger. Men det meste av pynten blir ståande til over nyttår, så det er duka for mange fine kveldsturar. Foto: Sunniva Lind T Gjerde.

KOM I FØRJULSSTEMNING I FATLANDSKOGEN!
Som du ser på plakaten her (klikk på han for å forstørra bildet), så er du velkommen til konsert i skogen søndag 4. desember.
Me prøver oss fram i år med eit opplegg som kanskje kan bli ein årviss tradisjon. Då er det viktig at du er med. Kom gjerne med forslag og idear til korleis det kan bli endå betre neste gong.
NB! Du berre må komma og sjå det nye nissehuset! Nissane har fått seg eit mykje større og finare hus enn det falleferdige dei hadde i fjor!
OBS! Ta med deg naboen òg, forresten! Og lommeboka! Me tek Vipps og kontantar.
23.11.2022
FATLANDSKOGEN FILEHARMONISKE ORKESTER
Vårt eige husork ... eh, skogorkester framførte i går laurdag Suite for trekkspel, keyboard og motorsag utanfor kulturhuset på Sæbøvik. Det kan vel kanskje kallast ein verdssensasjon? Iallfall har neppe denne besetningen vore brukt tidlegare.
Det var Kjell på motorsag, Arne på keyboard, og Torvald på trekkspel. Kjell hadde ikkje fått stemt motorsaga skikkeleg, men mykje lyd vart det likevel, og me hadde faktisk publikum. Sjå og høyr videoen nedanfor!
Høvet var sjølvsagt det som me har omtala nedanfor, at FATLANDSKOGEN hadde ein stand utanfor kulturhuset, medan julemessa gjekk føre seg inne.
Veldig mykje folk var innom standen vår, der me viste fram dei nye løypeskilta ved RAUALØO, pluss nokre nye dyr, pluss plakatar som fortel om kva som går føre seg i skogen for tida. Og pluss brosjyrar til dei som ville vita meir.
Kjell skar ut ein ny skarv med motorsaga, som du ser på videoen. Den skulle seljast til den første som ville betala 3 000 kroner. Skarven er nå seld, og pengane går til arbeidet i FATLANDSKOGEN. Kjell ville ikkje ha noko for arbeidet, og me takkar og bukkar for hans store sjenerøsitet!
20.11.2022
Video: Kurt Henriksen
FATLANDSKOGEN FLYTTAR TIL SÆBØVIK!
Dette høyrest vel smått utruleg ut, og det er det sjølvsagt òg. FATLANDSKOGEN blir naturlegvis verande der han er i dag.
Men i tidsrommet 11-16 på laurdag denne veka (19. november) skal Halsnøy Kulturhus ha julemesse, og då har dei vore så greie å be oss om å laga ein liten stand ute i Skomakarhagen, ved grillhytta.
Me vil gjerne på denne måten hjelpa til med å trekkja folk til messa deira, samstundes som me inviterer folk til å komma til FATLANDSKOGEN.
Har du vore i skogen vår før, veit du at der finst det mange dyrefigurar, utskorne med motorsag av Kjell Musland. Går alt etter planen, så blir han med oss på laurdag. Då vil han laga ein ny dyrefigur, mest truleg ein skarv, med motorsaga si, mens du står og ser på. Kanskje kan du kjøpa figuren? Eller kanskje blir det auksjon? På bildet ser du Kjell saman med bjørnen han laga i FATLANDSKOGEN for to og eit halvt år sidan.
Han har dessutan laga nokre nye figurar som skal plasserast ut i skogen nå med det første. Desse vil me ha med og visa deg på Sæbøvik.
Kva anna har me å by på? Det kom brått på oss dette, så me veit ikkje heilt enno.
Men Torvald vil ha med trekkspelet sitt, og Arne keyboardet, så nokre trudeluttar innimellom blir det. Og kanskje grillar me pølser til deg, eller steikjer vafler.
Velkommen skal du iallfall vera!
15.11.2022

LABYRINTEN
Nå er endeleg labyrinten på plass, klar til bruk for dei spreke. Her kan dei få prøva seg på labyrintorientering, ein kjekk variant av orienteringsløp.
Hugsar du det lange tauet som forsvann frå dette området i vår? Det kom aldri til svars att. I staden for tau har me difor laga gjerdet av hunbord, og det er sjølvsagt mykje tøffare, og ikkje minst meir høveleg i skogen.
På bildet legg Stig Johannessen siste hand/fot på verket, ved å leggja ut grus i heile labyrinten.
26.10.2022
GULLHAUG ER FRAMLEIS OPEN FOR DEG
Det er gufse vêr nå om dagane, og difor sjølvsagt langt færre som går tur i FATLANDSKOGEN. Men det er likevel folk der kvar einaste dag, og dersom sola tittar fram ei lita stund, kan det bli ganske mange bilar i løpet av dagen.
Tek du turen opp til GULLHAUG, vil du sjå at porten er heilt stengd, med stropper, og både ein og to bommar. Dette er ikkje for å halda deg ute, men for å sikra mot stormane som vil innfinna seg nå framover. Det er ganske stort vindfang i ein slik stor port.
Du er framleis velkommen oppom GULLHAUG, men du må bruka den vesle døra i gjerdet for å komma deg inn. Den finn du på høgre sida av porten. Hugs å lukka døra etterpå.
16.10.2022


NATURSCENEN TEK FORM
Det skjer alltid noko spennande i FATLANDSKOGEN, seier folk. Alltid noko nytt sidan sist me var her.
Det aller nyaste nå er at NATURSCENEN byrjar å nærma seg ferdig. Tidlegare brukte me namnet SKOGSTEATERET, i påvente av å finna eit endå betre namn. Det har enda med NATURSCENEN, sidan han ligg i NATURSTIEN, og dessutan midt i naturen.
Kva skal så denne scenen brukast til?
Det kan vera så mangt, sjølvsagt. Men at han høver godt for skuleklassar og andre grupper på inntil 60 personar, er heilt sikkert. Det kan vera ei teaterframsyning, eller eit foredrag, eller ein naturfagtime. Det kan vera framføring frå eit kor eller ei musikkgruppe. Og mykje anna.
Straum er lagt fram til plassen, så høgttalar er ikkje noko problem. Heller ikkje lys, om nokon skulle finna på å laga ei kveldsforestilling.
Tribunen har rundt 60 sitjeplassar, noko som er høveleg for dei fleste. Men skråningen bakom har plass til å laga minst 60 sitjeplassar til, dersom behovet skulle melda seg etter kvart.
Ein gong utpå hausten finn me kanskje på å ha ein liten opningsseremoni. Me har det iallfall i tankane.
05.10.2022 (bildet er oppdatert 16.10.2022)
MANGE GRUPPER VITJAR FATLANDSKOGEN
Gjennom september har mange grupper vitja oss, både frå Stord og Kvinnherad. Kanskje også frå andre kommunar, for me har vore på ferie i to veker, og då styrte fotfolket seg sjølve.
Månaden starta med ei gruppe på 44 frå Hagerupshuset på Leirvik. Her ser du eit lite galleri frå den dagen. Dei fekk guiding av Arne, og dei let voldsomt vel over turen og det dei fekk sjå og oppleva. På GULLHAUG stod Anna og tok i mot dei med vafler, noko dei sette umåteleg pris på.
Deretter bar det rundt i NATURSTIEN, med ein liten svipptur innom sagbruket vårt. Dagen vart avslutta med stort måltid ved DET LANGE BORDET. Veldig kjekt var det for alle, ikkje minst for Anna og Arne som var vertskap for så mange kjekke folk.
Det har vore minst to andre grupper òg frå Stord i september. Og om to dagar kjem endå ei gruppe derifrå. Så FATLANDSKOGEN har innteke Sommarøya med storm, ser det ut til.
27.09.2022

Først gjekk turen oppom GULLHAUG, og der vart det mykje fotografering av blomane.

Kjell Vestrheim var dugande turleiar for gjengen.

På rekkje og rad gjennom NATURSTIEN.

Det v ar populært å ta bilde av SVIN PÅ SKOGEN.

Ei gruppe slo seg ned her ...

... og resten ved DET LANGE BORDET. Her var det mat og talar, med mykje skryt.

Her er heile gjengen samla til slutt, ved Raualøo. Foto: Bjørn Østrem.
ORGELKONSERT FØRSTKOMMANDE SØNDAG
Søndag 14. august klokka 1700 er det friluftskonsert på GULLHAUG. Då spelar organist Torvald Gjerde verk av Bach, Händel og andre komponistar, på det nye digitale kyrkjeorgelet i kapellet.
Du får stol å sitja på, og nokre får tak over hovudet i tilfelle regn, men vêrmeldinga er strålande førebels. Du sit altså ute, men det blir massevis av vellyd frå orgelet, over halve FATLANDSKOGEN.
Det er gratis inngang, men me har nett kjøpt nytt lydanlegg til kapellet, så me tek gjerne mot bidrag til å finansiera dette.
Kanskje blir det sal av kaffi og vaflar etter konserten. Me sel òg billege solbriller og regnponchoar, alt etter korleis vêret er.
Velkommen skal du vera! Ta med deg naboen òg!
09.08.2022
Trass i at det var kvelande varmt, og mange gav uttrykk for at dei difor ville prioritera andre ting enn konsert, var det rundt 50 frammøtte. Dei let veldig vel over kor flott konsert det var, og eit ørlite vindpust gjorde at det var ei behageleg oppleving.
KOSELEG MINNEKONSERT I REGN OG NORDVEST
Broder Torvald og familien kalla inn til minnekonsert ved kapellet på GULLHAUG i går kveld. Det var minnet etter Endre, son og bror, dei ville heidra. Familie og ein del venner var inviterte, men konserten var open for alle som ønskte å komma.
Vêret var av den ekle sorten, med regnbyer og nordvest bris, den dårlegaste vindretningen på plassen. Men likevel var det nesten femti sjeler som stilte opp. Dei gav etterpå uttrykk for at det hadde vore veldig kjekt.
Alle i familien er musikarar, på litt ulike instrument og nivå, så alle måtte sjølvsagt bidra til programmet. Musikken varierte frå barokk og folkemusikk på kyrkjeorgelet, til gammaldans på trekkspel og keyboard, og meir rockprega låtar med gitar og song. Pluss litt romantikk, der både song og fiolin var ingrediensar. Pianoet var med på dei fleste nummera. Noko for ein kvar smak altså.
Folk som var ute og gjekk i NATURSTIEN nytte visst òg musikken, sikkert fordi vinden førte tonane langt innover skogen.
Ved sida av ser du ein liten bildekavalkade frå konserten.
27.07.2022

Nokre telt var sette opp i full fart, slik at dei fleste fekk sitja under tak. Foto: Vibeke Teigen.

Torvald ønskte velkommen i regnvêret.

Endre sine sysken, f.v. Øystein Magnus, Leif Kristjan, Sunniva, Torvald (far) og Lilja Iren.

Somme stod rundt omkring ute, andre gøymde seg der det var råd.

Mot slutten song familiekoret. Foto: Vibeke Teigen.

Til neste konsert må me ha fleire boder av typen til høgre, dei står for både regn og vind.

NYTT DIGITALT KYRKJEORGEL PÅ GULLHAUG
I kapellet på GULLHAUG er det nå komme eit fantastisk flott digitalt kyrkjeorgel, av typen Viscount Chorum S40. Det er laga i Italia, og den siste månaden har det vore på tur rundt om i Europa, heilt til me endeleg fekk spora det opp og fekk det hit for nokre få dagar sidan.
Det var akkurat tidsnok til at det kunne takast i bruk på minnekonserten som me hadde på GULLHAUG i går, sjå eigen omtale.
Det er broder Torvald som eig orgelet, men tanken er at det skal stå i kapellet om sommaren, og så har han det heime i huset sitt om vinteren.
27.07.2022
KONGEHUSET
Ja, dette er namnet på den nye utedoen som du finn i NATURSTIEN. Ein majestetisk utedo, med andre ord. Lurer du på kvifor namnet er KONGEHUSET?
Vel, det er jo slik at i alle utedoar med respekt for seg sjølv, så heng det eit bilde av kongen. Gjerne kong Haakon, men iallfall ein norsk konge.
I FATLANDSKOGEN har me jo ord på oss for å gjerne gå eit steg lengre enn andre. Iallfall vil me gjerne ha det ordet på oss. Difor inkluderer me ikkje berre kongen, men heilt kongehuset.
På veggene er det altså bilde av både kongen, dronninga, kronprinsen, eks-prinsesse Märtha-Louise, Mette Marit, og kanskje nokre fleire. Dessutan teksten til både "Kongesongen" og "Kanskje kommer kongen".
Ja, kanskje kongen kjem? Han burde jo fått den store æra å opna etablissementet høgtideleg. Men han har travle tider, så me let det heller vera opp til han sjølv å finna eit tidspunkt å vitja oss på. Gjerne med heile familien, og hoffet attpå.
Ein dritstilig utedo, var det ein som sa ...
Sjølve huset er sett opp av Stig Johannessen, mens den kreative trolske dobenken er laga av Kjell Musland. Sistnemnde forærte oss gratis denne flotte innretninga, som takk for innsatsen me legg ned sjølve i FATLANDSKOGEN.
Tusen takk, Kjell! Du har sjølv gjort ein kjempeinnsats for oss alle, gjennom dei nydelege dyrefigurane du har laga.
10.07.2022



MØBLEMENTET ER PÅ PLASS
Endeleg, vil nok dei lataste av oss seia. Endeleg er det råd å setja seg ned og kvila i gapahuken inne ved steinbrotet i HJORTESTIEN.
På bildet ser du dei pensjonerte snikkarane Evald Såtendal og Henrik Meyer Eide, som tek seg ein kaffikopp før dei går laus og lagar bordet som dei to trerøtene skal bera oppe.
Fullt møblert, kan ein nå seia om denne prangande gapahuken. Bålpanne skal vera på veg, seier dei i HAUG & HAMMAR, som er samarbeidspartnaren til grunneigarane på dette "etablissementet".
24.06.2022
PINSE PÅ GULLHAUG
Nett så stemningsfullt som dette var det på GULLHAUG i går kveld, pinseafta.
I dag er det pinsedag, og folk valfartar oppover til FATLANDSKOGEN, trass i at vêret innbyr til både hagestell, grilling, båtliv, og kanskje badeliv for dei tøffaste. Underteikna høyrer ikkje til i sistnemnde kategori.
Foto: Hildegunn Ruud.
PS. Hildegunn tok òg ein liten snapchat, som du kan sjå ved å klikka på GULLHAUG i menyen på toppen.
05.06.2022


KOSELEG 17. MAI PÅ GULLHAUG
Det var ein triveleg gjeng som samla seg på GULLHAUG utpå ettermiddagen. Fint vêr var det, og sola skein om kapp med alle som var der.
Eit par som kom ekstra på dagstur frå Ålgård, erklærte at dette var den kjekkaste 17. mai dei hadde opplevd i heile sitt vaksne liv. Og det utan at me hadde ein einaste programpost.
Det er rart kor mykje ei blid sol, kombinert med blide gjester, kan utretta.
31.05.2022
STØTT OPP OM ARRANGEMENTET I BYGDA DI!
Me har fått kritikk for at me inviterer folk til GULLHAUG i konkurranse med Fatland-krinsen sitt eige arrangement i grendahuset klokka 1300. Dette kjem av ei mistyding som me gjerne vil rydda opp i her.
Det har aldri vore meininga vår å sabotera bygdearrangementet, tvert om, me ville berre ha eit lite supplement utpå ettermiddagen. Me vil sjølvsagt at alle stiller opp på det tradisjonelle arrangementet i si bygd.
Har du ikkje ein slik tradisjon i di bygd? I så fall er du nok velkommen til grendahuset på Fatland klokka 1300. Her får du kjøpa betasuppe og ymse anna godt. Kanskje det kan bli ein ny tradisjon for deg, å ta heile nasjonaldagen på Fatland?
Dersom du har krefter att etter bygdearrangementet, er du velkommen til Gullhaug.
Når me nedanfor skriv at me skal kanskje (!) ha litt pølser, is, brus og pizza, så er det meir for ettermiddags-snacks å rekna. Du får ikkje eta deg mett hos oss, og me set ikkje fram korkje vått eller tørt før i 16-17-tida. Nettopp fordi me ikkje vil konkurrera med bygda vår. Men dørene opnar me klokka 1500.
I dag tidleg sende me ut hundreogfemti epostar, med invitasjon til venner og kjende, og der står det til slutt dette: "Men hugs å gå på tilstellingane i di eiga bygd først. Og så kjem du eventuelt innom oss etterpå."
Diverre har denne passusen falle ut i teksten vår nedanfor, noko me seier oss svært leie for. Som plaster på såret, og for å visa at me støttar bygda sitt arrangement, så overfører me i kveld nokre tusenlappar til grendalaget her i bygda.
16.05.2022 21:08

Slik kan me gjerne dekka opp til deg, for 60 personar, når me ein gong får lov til det.
KOM GJERNE OPPOM GULLHAUG PÅ 17.-MAI
Heilt sidan årsskiftet for halvtanna år sidan har målsetnaden vår vore å bli ferdig med så mykje på GULLHAUG at me kunne ha opningsfest på 17. mai i år.
Men det blir diverre ikkje noko av. Dels fordi ein del ting går seinare enn planlagt, noko som først og fremst dårlegare helse får ta skulda for.
Dessutan har me fått endå meir byråkratisk trøbbel. Det er visst ikkje alle instansar som synest det er veldig samfunnsnyttig det me driv på med i FATLANDSKOGEN.
Men me kjem til å planta og rydda ein del på GULLHAUG før 17. mai. Så alt skal bli litt finare. Men langt frå ferdig, me må nok ta ein del av sommaren i bruk til dette.
Og så skal me setja opp det store selskapsteltet vårt, sjå bildet nedanfor. Og me skal dekka eit demo-bord til den finaste festen du har sett i eit telt. Og me skal kanskje ha litt pølser, pizza, is, brus og slikt, som me deler ut gratis, så langt lageret rekk.
Du må gjerne gi nokre kroner til sponsorkontoen for NATURSTIEN, som det skal jobbast ein del med i sommar, men det er heilt frivillig. Uansett vil me gjerne fortelja deg litt om korleis det heile er tenkt å bli, både her og der i FATLANDSKOGEN.
Har du tid og lyst utpå nasjonaldagen, så stikk gjerne oppom GULLHAUG ein tur. Me vil ha ope frå klokka 1500 og utover nokre timar. Ganske uformelt blir det altså, men sikkert veldig koseleg, uansett vêr.
Men hugs at me har ikkje toalettfasilitetane på plass, slik me hadde planlagt. Kyrkjeorgelet har heller ikkje inntatt kapellet, det skjer først ein god månad seinare, når broder Torvald kjem heim frå Island.
Sjølve opningsfesten må me altså ta litt seinare. Dersom me får dei løyva som me treng. Får me dei ikkje, veit me ikkje heilt vår arme råd lenger.
Men altså, kom innom på 17. mai, er du snill. Og sjølv om motgangen vår har vore stor, skal me likevel ropa tre gonger tre hurra den dagen! For deg! Og for nasjonaldagen!
Litt musikk i teltet kan det kanskje òg bli ...
14.05.2022
PS. Nå har me forresten planta i rundkøyringa ved RAUALØO. Det blir veldig fint i år, som det var i fjor.
Velkommen til Fatlandskogen, i strålande sol!
Bilane kom og gjekk i løpet av dagen, men det kunne vera opp mot 30 bilar samstundes.

Det lange påskebordet i låg morgonsol, klar til invasjon av svoltne turgåarar.
Dette bordet var oftast oppteke, her av nokre med solbriller, som hevda at dei var medlemmar av den italienske mafian, på påsketur i Fatlandskogen.
Agnes og Tiril leitar etter påskeegg andre påskedag, men det såg nokså støvsugd ut rundt om.
Mykje god påskemat vart fortært rundt dette bordet, som kan ha 60 til bords samstundes.
Mange tok turen oppom Gullhaug for å sjå kor langt me er komne med arbeidet der.

Stor interesse var det for Solkroken, med den halvferdige talarstolen. Til nasjonaldagen må nok den vera klar.

Ei lita flaggstong pyntar opp på den bortimot ferdige utsiktsplassen på toppen. Også denne må vera klar på nasjonaldagen.

Utsikta frå utsiktsplassen er det ikkje noko å seia på.
FOR EI PÅSKEVEKE I FATLANDSKOGEN!
Det har vore strålande turvêr, og mellom eitt og to tusen menneske har vore innom FATLANDSKOGEN i løpet av veka. Alle var svært nøgde med opplevinga, og "alle" ville komma tilbake. Ja, somme var her faktisk fleire dagar på rad.
Nedanfor ser du ein liten bildeserie, der bilda stort sett er tekne siste dagen. Det var for travelt til å prioritera fotografering dei andre dagane. Men mange har delt bilda sine på sosiale medier, og det er kjekt.
Bilda nedanfor viser i liten grad personar, berre korleis FATLANDSKOGEN og GULLHAUG tok seg ut tidleg på dagen.
20.04.2022
PÅSKEHAREN LEGG UT EGG
Også i år vil påskeharen vera på ferde i FATLANDSKOGEN, men berre i NATURSTIEN.
Frå og med skjærtorsdag til og med påskedag legg han ut påskeegg i hytt og vêr. Du treng ikkje leita lengre enn 5 meter frå stien.
Viss du skulle vera så heldig å finna eit slikt påskeegg, så seier han: Versågod, egget er ditt!
NB! Det er berre lov å ta eitt egg kvar dag! Tek du fleire, blir påskeharen sur! Tips heller ein venn om kor dei kan finna egg.
10.04.2022 Foto: Hildegunn Ruud





FLEIRE DYR OG FUGLAR I NATURSTIEN
I dag monterte me opp tre nye objekt i Trinn2 av NATURSTIEN. Fleire vil komma dei neste dagane.
Det er sjølvsagt motorsagkunstnaren og -entusiasten Kjell Musland som har laga desse tre du ser her: ramnen, tiuren og pusekatten. Sistnemnde er vel vanlegvis eit husdyr, men ordet skogskatt finst jo, så du kan gjerne treffa på ein katt og to i skogen òg.
På nedste bildet ser du at det kan vera mange på tur i FATLANDSKOGEN på fine dagar nå om våren. Denne dagen noterte me 17 bilar på parkeringsplassen ved RAUALØO, pluss nokre rundt om elles.
Plassen ved RAUALØO er normalt tenkt for 12 bilar, så det blei litt overfylt her. Men hugs at det er ein større parkeringsplass 100 meter lengre inne.
09.04.2022
FIN FORLENGING AV STIEN
Gjennom vinteren har me jobba traust og trutt med det me kallar Trinn2 av NATURSTIEN, så nå kan du rusla minst dobbelt så langt som før. Mykje arbeid har det vore, for terrenget var litt ruskete, kan ein seia.
Mykje arbeid står att òg, forresten. På det øvste bildet skal det komma mange fleire utskorne dyr og fuglar, som Kjell Musland har fiksa med motorsaga si.
Og på det nedste ser du korleis me skal laga til skogsteateret vårt. Scene skal vera heilt til venstre, og tribunen kjem oppover til høgre, som du ser. Her kan det vera fint for skuleklassar å ha naturfagtimane sine.
Ta deg ein rusletur og sjå.
17.03.2022
DA KJEME SEG PÅ VIKJO
Ja, det skreiv dei titt og ofte i bladet Sunnhordland før i tida. Eller Vikalappen, som avisa gjerne vart kalla.
Men da kjeme seg i FATLANDSKOGEN òg!
Dette skiltet ved starten av NATURSTIEN er unekteleg litt meir prangande enn det pusleskiltet som var før.
Og med skogvaktaren ved sine føter, så ser det faktisk fantastisk koseleg ut i skumringa.
10.03.2022
NESTEN NESTEN FERDIG
Denne flotte gapahuken inne ved steinbrotet i HJORTESTIEN, på veg mot HØGÅSEN, har stått nesten ferdig i snart eit år.
Men i går jobba dei pensjonerte snikkarane Henrik Meyer Eide (t.v.) og Evald Såtendal full dag og vel så det, med å skjera til og montera blytunge blåfrosne plank, som grunneigaren køyrde opp til dei.
Veldig flott vart det til slutt, for det er flinke folk dette her.
Nå manglar det berre møblar inne, og torv på taket, så er alt komplett. Dette skal visst vera rett om hjørnet, seier Hans Kristian Grønseth, primus motor i HAUG & HAMMAR, som har ansvaret for å få desse tinga på plass.
10.03.2022

OG DET VART LYS ...
Litt feil kanskje å henta eit sitat frå den gongen Gud skapte verda, det var kanskje ei endå større hending. Men i dag kom det iallfall lys i bua på GULLHAUG.
Og det var stor stas. Skryt frå både den eine og den andre over kor flott det vart.
10.03.2022
VALFART TIL GULLHAUG
Nå er terrassen på toppen av GULLHAUG godt brukande, og på fine dagar fer veldig mange opp dit for å sjå den flotte utsikten.
Her er ein nydeleg blekkstille dag mot slutten av februar. Tre fiskebåtar har funne fram til to av dei beste fiskeplassane me hadde då eg var ein gutalarv, som gjerne var på sjøen og fiska saman med kameratane mine.
Dei to til venstre held seg ved Lambaskårsflua, og den til høgre på Skallen, eller Skadl, som me brukar å seia. Dette er sikkert nett like gode fiskeplassar i dag, iallfall etter bildet å dømma.
06.03.2022


TOPPTERRASSEN PÅ GULLHAUG
Sakte men sikkert tek denne terrassen form, saman med den vesle bua.
Bildet er teke på sjølvaste julaftan, og som du ser så var det i år ein fantastisk flott julekveld.
Mange naboar og turgåarar gler seg hemningslaust til dei skal kunna komma opp hit til sommaren, setja seg på terrassen, og bestilla ein drink frå "baren", som dei kallar denne bua.
Om me lever så lenge, så får me sjå kva det endar opp med.
29.01.2022
TRIPP TRAPP
Folk skryter veldig over kor fint og lett det er å gå i HJARTESTIEN nå, etter at Kjell Rune i lang tid har jobba seint og tidleg, ja, til alle døgerets tider. Han har laga klopper, trapper, hjarte, og kven veit kva det neste blir.
Nå treng du ikkje gå og vassa gjennom myrene med høge slagstøvlar, du kan gå heilt greitt i joggeskor, også om vinteren. Om sommaren kan du sikkert gå i lakkskor, men det prøver me heller ut når så langt kjem.
Denne flotte trappa har han laga øvst i Lindhovdedalen, rett nord for Sydnessåta.
28.01.2022


GJER DØRI HØG, GJER PORTEN VID
Ja, slik song me før i tida, og kanskje ein sjeldan gong framleis. Men i RAUALØO er det faktisk det motsette som skjer.
Rett nok blir porten like vid som før, men betydeleg lågare, som den observante turgåaren sikkert allereie har sett. Den gamle stygge garasjeporten er borte, og skikkelege låvedører blir sette inn i kveld.
Kveld, ja. Det er Stig Johannessen du ser på bildet, som monterer låvedørene. Han jobbar best etter at det har blitt bekmørkt. Me kan vel ikkje seia "når sola går ned i vest, arbeider den late best" heller til han. For han startar jo ikkje før etter at sola har gått ned.
Meir seriøst; som tidlegare nemnt er det meininga å laga eit lite ultralokalt gardsmuseum inne i bygningen. Det kjem til å ta noko tid, men kanskje er det på plass om eit år eller så.
25.01.2022
FUGLEDYREHAGEN
Som du kanskje veit er me allereie godt i gang med Trinn2 (av 3 trinn totalt) i NATURSTIEN. Traséen er på det næraste ferdig, og dersom det ikkje blir for kaldt framover, vil du i løpet av januar kunna ta han i bruk. Etter kvart vil så dei ulike objekta bli bygde opp langs stien.
Og dersom alt går etter planen vidare framover, vil det til sommaren komma noko som me kallar FUGLEDYREHAGEN, som eit eige objekt i NATURSTIEN.
Det blir ein liten hage, med sjeldne fuglar, og kanskje nokre dyr. Me ser etter kvart kva me får til.
Veit du kva ei berghøne er? Det er ein fugl i fasanfamilien, som høyrer til i Asia.
Eller ein emu? Emuen er verdas nest største fugl, like høg som eit vakse menneske. Og han finst berre i Australia.
Men altså, snart også i FATLANDSKOGEN.
07.01.2022

Berghøne.

Emu.

Slik såg det ut i NATURSTIEN i jule- og nyttårshelga då me gjekk inn i året 2022, med opplyste område over alt, og til dels med snø som ungane kunne kosa seg med. Sjå meir frå 2021 ved å klikka på knappen nedanfor. Foto: Vibeke Teigen.