SÅ ØNSKJER ME ALLE EI FENOMENAL OG INSPIRERANDE JULEHØGTID!
TA GJERNE EIN JULERUSLETUR I JULELYSLØYPA I NATURSTIEN I KVELDINGA.
KANSKJE TREFF DU PÅ DENNE OG ANDRE SMÅ OG STORE NISSAR PÅ DIN VEG?

Motiv frå NATURSTIEN. Klikk på bildet for å sjå fleire slike motiv.

Julaftansmorgondikt
1) 
I dag så skal me telja ned
dei siste førjulstimar.
Me pynta nett vårt juletre,
og her sit eg og rimar.
 
2) 
Ei vestlandsgran, det må me ha
når jula er i emning,
for plasttre, det er ikkje bra,
det gir 'kje høgtidsstemning.
 
3) 
I Fatlandskogen styrer me,
her er 'kje plast å finna.
Her sel me berre ekte tre,
då kjem dei gode minna.
 
4) 
Og kristtorn har me, ganske visst,
den kan du ha på døra.
Kom hit og kjøp ein vakker kvist,
det er ‘kje langt å kjøra.


5) 
Dessutan har me ryddesalg
på ting me ikkje trenger.
Her leitar du, og gjer ditt valg,
då får me inn litt penger.
 
6)
Og kjem det inn ein liten slant
frå salget inni stien,
då er me ikkje raka fant,
og jobben mindre vrien.
 
7)
I kveld må du forsyna deg,
til magen byrjar bula,
for me vil gjerne ønskja deg
alt godt for denne jula!

Helsing små og store nissar i FATLANDSKOGEN!
RYDDESALGET GÅR VIDARE
På grunn av snøfallet måtte me omprioritera aktivitetane før konserten, så det annonserte ryddesalget var litt begrensa. Men me køyrer salg vidare utover vinteren, til lenge etter nyttår. 
Og nye ting blir lagt ut etter kvart som me ryddar meir. Du finn dei i buene ved dammen i NATURSTIEN, og kanskje også ved NATURSCENEN.
Per i dag ligg det framme bøker (nye og brukte), pynteting, kontorting, spiker, spikermaskin (2 stk), koffertar, ryggsekker, bilderammer, el-verktøy, motorsagsverd, PC-tilbehør, Roland pedalsett (midi) til orgel/keyboard, teltlavvo (ubrukt), vin-reol, glasbyggestein, stort glas-gevær som du kan fylla med vin og gi til ein jeger. Og mange andre saker av diverse slag og kvalitetar.
Inntekta går til vidare arbeid med NATURSTIEN.
 23.12.2023
RYDDESALGPOESI
Viss du er lur, 
så ta ein tur
i skogen inn. 
Der ting du finn
du kanskje treng? 
Og me treng peng!
Pølser, vafler, gløgg og kaffi går unna i kulden. Foto: Morten Nygård/Grenda.
Pølser, vafler, gløgg og kaffi går unna i kulden. Foto: Morten Nygård/Grenda.
Trekkspelnissen i aksjon ved Det lange bordet.  Foto: Morten Nygård/Grenda.
Trekkspelnissen i aksjon ved Det lange bordet. Foto: Morten Nygård/Grenda.
Egil med fela hadde gøymt seg i skogen ein stad, der det kom ljuvlege tonar frå.  Foto: Morten Nygå1rd/G1renda.
Egil med fela hadde gøymt seg i skogen ein stad, der det kom ljuvlege tonar frå. Foto: Morten Nygå1rd/G1renda.
Fire blide og forventningsfulle jenter.  Foto: Morten Nygård/Grenda. Foto: Morten Nygård/Grenda.
Fire blide og forventningsfulle jenter. Foto: Morten Nygård/Grenda. Foto: Morten Nygård/Grenda.
Folk samla seg etter kvart på tribunen ved Naturscenen.  Foto: Morten Nygård/Grenda.
Folk samla seg etter kvart på tribunen ved Naturscenen. Foto: Morten Nygård/Grenda.
Torvald (t.v.) og Arne var ansvarlege for arrangementet.  Foto: Morten Nygård/Grenda.
Torvald (t.v.) og Arne var ansvarlege for arrangementet. Foto: Morten Nygård/Grenda.
Huldrekoret song nydeleg, mens Ivan tende det første adventslyset.  Foto: Morten Nygård/Grenda.
Huldrekoret song nydeleg, mens Ivan tende det første adventslyset. Foto: Morten Nygård/Grenda.
Shantykoret hadde børsta støv av notane sine, og av seg sjølve.  Foto: Morten Nygård/Grenda.
Shantykoret hadde børsta støv av notane sine, og av seg sjølve. Foto: Morten Nygård/Grenda.
DESEMBER I FATLANDSKOGEN

Førjulskonserten
Det var fantastisk kjekt å vera til stades på førjulskonserten me hadde ved NATURSCENEN søndag, seier folk. 
Ikkje minst var det stor stas at Morten Nygård frå Grenda var på plass og laga flott reportasje i avisa. Han har teke alle bilda som du ser ved sida av denne teksten som du les nett nå. 
I staden for at me skal fortelja meir om dette, bør du heller lesa oppslaget deira, som me har fått lov å linka til her. Dette nummeret av papiravisa har dei forresten sendt ut til alle husstandar. NB! Får du melding om at denne linken er usikker, skal du berre gå vidare, for sida er heilt trygg. Klikk på Avansert, eller anna alternativ du måtte få.
Like kjekt er det at Britt Iren Tjelle Østebø og mannen, Hans Ordin Østebø, har laga ein koseleg video. Den viser det meste av konserten, og du kan sjå og høyra videoen ved å klikka her.
Juletre, kristtorn og Karoline
Ved starten av NATURSTIEN (ved RAUALØO) står det nokre få juletre att, pris 350,-. Dessutan kristtornbukettar med fine bær, til 50,-. Pengane går til arbeidet med NATURSTIEN. På fine dagar, når ho trur at det kjem mange folk, vil nok Karoline ha varer i bua si ved RAUALØO.
Jul og romjul
NATURSTIEN vil framleis vera julepynta, fram til midt i januar. Du er velkommen til å rusla her når som helst. Spesielt er det fint utover ettermiddagen når det mørknar, i den julepynta "lysgata" vår. 
Etappe 3 er offisielt opna
Det tok berre eitt minutt etter konserten å erklæra Etappe 3 NATURSTIEN for oppfisielt opna. Dette fordi snøen gjorde sitt beste for å skjula heile stien. Men du kan ta ein tur og sjå sjølv, når det passar. 
14.12.2023
LITT INFO I NOVEMBER

Juletre og kristtorn til salgs
Det finst visst ikkje bær på kristtornen i år, ikkje nokon stad, seier dei. Men her i FATLANDSKOGEN sel me likevel kristtorn med massevis av raude fine bær! Det er fordi me dyrkar ein litt annan sort enn den som veks vilt heromkring.
Ved starten av NATURSTIEN kan du finna deg fine bukettar til berre 50 kroner. Dessutan finn du juletre (furu, sitkagran, og litt vanleg gran etter kvart) til 350 kroner, begge delar er godt under marknadsprisen. Ope heile døgeret, for du betaler jo med Vipps. Pengane går til å vidareutvikla NATURSTIEN.
Skund deg og finn kristtornbukettane før fuglane kjem deg i forkjøpet! Juletrea derimot, ligg vel nokolunde trygt.
Ryddesalget er i gang
Me klarte ikkje å venta lenger, så ein del av tinga på garden (kall dei gjerne for lopper) er alt på plass oppe i NATURSCENEN. Fleire ting kjem etter kvart, og me avsluttar ikkje før nyttår. Finn deg  ein godbit før det forsvinn! Betal med Vipps.
Karolines Redesign
Karoline set fram flotte varer i bua si ved RAUALØO på fine dagar, spesielt i helgene. Ver merksam på at i dsse dagar har ho mange populære ting som gjeld nett denne førjulstida, til dømes adventspynt, nissar, fuglekassar, lysande stjerner, og andre ting som du berre må komma og sjå sjølv.
Førjulskonsertmoro
Plakaten nedanfor gjeld framleis. Vêrmeldinga for søndag 3. desember ser veldig bra ut så langt. Vindstille, men litt kaldt i lufta, så kle deg godt. 
Etappe 3 blir ferdig til helga
Me har lova at Etappe 3 i NATURSTIEN skal vera ferdig og offisielt opnast under Førjulskonsertmoro på søndag. Sterke-Stig stilte opp for å hjelpa, sidan me definitivt trong litt hjelp. Og veit du kva? Han bar like godt ørnene opp til berghylla heilt åleine! Makalaus kar!
Me snakkast i FATLANDSKOGEN!
26.11.2023
Kristtorn og juletre finn du her.
Kristtorn og juletre finn du her.
Desse to krabatane kom på plass ved dammen i går.
Desse to krabatane kom på plass ved dammen i går.
Karoline hadde ope i dag søndag. Ho må stadig fylla på.
Karoline hadde ope i dag søndag. Ho må stadig fylla på.
Og trekkspelniissen kjem visst i år òg, til stor glede for alle, ikkje minst dei minste.
Og trekkspelniissen kjem visst i år òg, til stor glede for alle, ikkje minst dei minste.
Sterke-Stig i aksjon med den store ørna.
Sterke-Stig i aksjon med den store ørna.
Ved opninga av ballbingen. Juli 2023.
Ved opninga av ballbingen. Juli 2023.
Kiosken var open om søndagane i september. September 2023.
Kiosken var open om søndagane i september. September 2023.
OKTOBER-INFO

Hausten er turtid
Det er opp og ned med vêret nå om dagen, og sjølvsagt tilsvarande med tur-lystene, som gjerne varierer i takt med vêret. Men søndag var det nydeleg, og då tøste det med folk i skogen. Det ser ut til at hjortejakta ikkje skremmer nokon, og det er heilt som det skal vera.
Vil du utvikla bustadfeltet på Fatland?
Du veit kanskje at me har eit ferdig regulert bustadfelt, berre to minutt unna FATLANDSKOGEN? Nå er tida inne for å utvikla feltet, slik at folk som ønskjer det kan få lov å bu like ved dette fantastiske turområdet vårt.
Men så viser det seg at me er for gamle til å gjera jobben sjølve! Nå har me for så vidt endeleg fått tid, men me har ikkje krefter lenger for eit såpass krevjande arbeid. Skulle du vera ein som er såpass inne i bransjen at du har lyst til å overta, så sjå nærare på denne linken: https://fatland.myportfolio.com/bustadfeltet
Ballbingen kan brukast av alle
Ballbingen vår er endeleg ferdig! Det er eit fantastisk arbeid som er gjort av Fatland Vel, og spesielt må leiaren, Kjell Rune Asmervik, framhevast. Han har stått på seint og tidleg, og nå kan me alle hausta lønn for strevet hans.
Ballbingen kan brukast av alle, ikkje berre av lokale bygdefolk. Du passerer bingen på vegen opp til FATLANDSKOGEN, så berre ta ein stopp. Her kan du lesa om opningsdagen som me hadde i sommar: https://fatland.myportfolio.com/fatland-vel
Gullhaugkonsertane og førjulskonsert
GULLHAUGKONSERTANE er det frivillige laget som arrangerer konsertar på og rundt GULLHAUG. Det blir nok førjulskonsert i år òg, truleg første søndag i advent. Også i år vil konserten føregå ved NATURSCENEN inne i NATURSTIEN. Her er det lunare i den kalde årstida.
Di meir pengar som kjem inn på kontoen til GULLHAUGKONSERTANE, di betre artistar og opplegg kan ein klara å få til utover neste år. Så dersom du tippar, er det ein kjempegod idé å la din grasrotandel gå til GULLHAUGKONSERTANE
Berre klikk på denne linken, så ordnar du det i ein fart, ved å skriva inn GULLHAUGKONSERTANE i søkefeltet som kjem opp: https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen/finn-mottaker
10.10.2023
LITT HAUST-INFORMASJON

Godt besøk
Folk går jamt og trutt i Fatlandskogen. Ei røff vurdering tilseier at siste året har det vore meir enn 10 000 gjester. Det må seiast å vera fantastisk bra, tatt i betraktning at ingen massemedia fram til i dag har skrive om konseptet vårt, og at me heller ikkje sjølve har drive aktiv marknadsføring. Men å vera abonnent i Treskoposten og Jungeltelegrafen ser ut til å ha hatt svært stor effekt. Det kjem grupper frå heile distriktet, og dei bed ofte om få oss som guide ein times tid.
Kiosk om søndagen
Mange kjem oppom Gullhaug og spør om ikkje kiosken er open. Som ei prøveordning vil me difor halda kiosken open kvar søndag i september klokka 1300-1500. Då kan du kjøpa kaffi, vaflar, pølser, is og brus. Men er vêret altfor dårleg, held me stengt, for då er det ikkje så kjekt der oppe på toppen.
Hjortejakt
I tidsrommet 1. september til 23. desember er det hjortejakt. Du kan likevel gå tur i Fatlandskogen, men er du av den forsiktige typen bør du gå i tidsrommet 0900-1700 (0900-1600 i november/desember), for då held jegerane seg heime. Heimom Fatlandselva/Kjekaelva er det ikkje jakt.
Torsdag er turdag
Det er ikkje berre Fatland aktivitetshus som har valt torsdagane som sin turdag i veka, også andre grupper legg visst opp til same dagen. Torsdag er altså ein dag du gjerne kan treffa litt folk i Fatlandskogen, så kanskje me skal vurdera etter kvart å ha spesielle opplegg for denne dagen? Kom gjerne med tips.
Karolines Redesign Shop
Karoline har ofte bua si ståande ved Raualøo på laurdagar og søndagar, når det er fint vêr. Der kan du kjøpa fine ting som ho har laga.
Naturstien vidare
Etappe 3 av Naturstien vil me gjera klar utover hausten, og kanskje også det grunnleggjande for Etappe 4 i vinter. Då er løypa komplett, iallfall så langt det gjeld underlaget, med ei lengde på 1800 meter. Men me slit med både helsa og økonomien, så det vil nok gå seinare enn før. Me håpar likevel at det ikkje skal stoppa heilt opp.
Førjulskonsert
I fjor hadde me ein førjulskonsert første søndagen i advent, for å feira opninga av Naturscenen, og imponerande 200 gjester var innom denne dagen. Denne konserten vil me prøva å ha som tradisjon kvart år, men frå nå av i regi av det frivillige laget GULLHAUGKONSERTANE (les meir her). 
04.09.2023
Besøk av kols-gruppa ved LHL-laget på Stord. Juni 2023.
Besøk av kols-gruppa ved LHL-laget på Stord. Juni 2023.
Porten opp til kiosken. August 2023.
Porten opp til kiosken. August 2023.
Torsdag er turdag. April 2023.
Torsdag er turdag. April 2023.
Arne tek ein pust i bakken under arbeidet med Etappe 3 i NATURSTIEN. Foto Anna Gjerde. April 2023.
Arne tek ein pust i bakken under arbeidet med Etappe 3 i NATURSTIEN. Foto Anna Gjerde. April 2023.
SOMMAR I FATLANDSKOGEN
I juni har det vore roleg i skogen. Slik var det også i fjor, dette er ein månad når folk har mykje å ta seg til, både i hagen, ved båten, og på stranda. I år var det nok ekstra lite freistande å gå til skogs på grunn av den intense varmen og tørken.
Men dei siste par åra har det auka på ein del med folk juli, og slik blir det sikkert i år også. Mange kjem heim på ferie, og dei blir gjerne tatt med hit av slekt og venner, som vil visa fram ein av attraksjonane me har i kommunen. For det må me vel seia at FATLANDSKOGEN har blitt.
Nytt av året er eit frivillig lag som heiter GULLHAUGKONSERTANE. Fem søndagar på rad, frå og med 16. juli, vil det vera ettermiddagskonsert på GULLHAUG. Sjå plakaten her ved sida av.
Gå gjerne inn på www.gullhaug.info for å lesa meir om konsertane og laget.
NB! Me har 60 sitjeplassar under tak, så det blir konsertar uansett vêr.
11.07.2023
Sjå referat frå konsertane her.

Karolines Redesign Shop. April 2023.
Karolines Redesign Shop. April 2023.
Anna pussar den nye Etappe 3 i NATURSTIEN. April 2023.
Anna pussar den nye Etappe 3 i NATURSTIEN. April 2023.
Og Torvald vaskar og pussar GULLHAUG, så det blir gullande reint til 17. mai. April 2023.
Og Torvald vaskar og pussar GULLHAUG, så det blir gullande reint til 17. mai. April 2023.
Inne i kroken til høgre kan du lesa Sigvald si spennande skildring av denne geologiske godbiten. April 2023.
Inne i kroken til høgre kan du lesa Sigvald si spennande skildring av denne geologiske godbiten. April 2023.
Det er stadig skilt som må bytast ut, fordi dei tærest av sol og regn. April 2023.
Det er stadig skilt som må bytast ut, fordi dei tærest av sol og regn. April 2023.
Tek du deg ein tur i HJORTESTIEN, må du nok bøya deg ned for å komma gjennom Porten te' hjorten. Ver glad for at me ikkje har ein sti som heiter KAMELSTIEN, for då måtte du kanskje ha krope gjennom eit nålauge! April 2023.
Tek du deg ein tur i HJORTESTIEN, må du nok bøya deg ned for å komma gjennom Porten te' hjorten. Ver glad for at me ikkje har ein sti som heiter KAMELSTIEN, for då måtte du kanskje ha krope gjennom eit nålauge! April 2023.
MAI I FATLANDSKOGEN
Etter den forrykande påskeveka, med tusenvis innom skogen vår, har det naturleg nok vore mykje rolegare, i det kalde vêret som har vore. Men folk er det likevel i skogen kvar dag, og framover i mai har me litt av kvart me vil fortelja deg om.
Karolines Redesign Shop
Ved RAUALØO står det framover ei lita salsbu, der Karoline Bøthun Johannessen sel mange fine redesign-artiklar til gode prisar. Det er flotte ting ho har laga, som eignar seg svært godt rundt huset ditt, nå når du skal shina opp hagen til nasjonaldagen. Berekraftig og ressursvennleg. Eit slags mini-shoppingsenter à la Fatlandskogen. Betal med Vipps.
Det lange mai-bordet
Den første mai satsar me på at mai-bordet blir dekka og pynta, med grønt, og sjølvsagt med raudt, kvitt og blått. Det vil stå der ut månaden. Bruk bordet til picnic når du skal ha ei kosestund med familie eller venner.
Friluftsgudsteneste på GULLHAUG
Etter forslag frå soknerådet blir tradisjonen med friluftsgudsteneste på GULLHAUG teken opp att. Som tidlegare er det Kristi himmelfartsdag (18. mai) som er dagen. Og det blir noko så spenstig som grillkyrkjekaffi etterpå. Det må du få med deg! Nærare informasjon kjem når det nærmar seg.
Nasjonaldagen på GULLHAUG?
Det er viktig at du på 17. mai stiller opp på det arrangementet som bygda di har for dagen. Men har du overskot etter det, så kan du gjerne komma til GULLHAUG i femtida om ettermiddagen. Som i fjor blir det då høve til å kjøpa kaffi og kaker. Og lynlodd naturlegvis. Litt musisering vil det nok bli, for å skapa koseleg stemning. Mellom anna vil Torvald og Arne gjerne framføra Gullhaugvalsen som duett med trekkspel og keyboard. Er vêret dårleg, vil me nok avlysa. Følg med på denne sida, og på plakatar og i sosiale media.
Den geologiske godbiten
Sigvald sin geologiske godbit i NATURSTIEN er nå offisielt på plass. Her kan du lesa  om og studera den fantastisk spennande geologiske formasjonen, som viser fleire bergarter samla på ein stad, pluss at du får sjå tydeleg kva prosessar denne bergnakken har vore gjennom ein gong i tida, lenge før du og dinosaurane vart fødde.
Etappe 3 er under arbeid
Anna og Arne har siste veka grusa Etappe 3 i NATURSTIEN. Den går i ein trekant frå Stemkrysset, til Stemhilderen, og sørover derifrå, og så tilbake til Stemkrysset. I mai og juni vil denne stien bli supplert med ulike objekt, slik at til sommaren kan me rekna Etappe 3 som ferdig. Då er det berre Etappe 4 som står att før NATURSTIEN er komplett. Vonleg skjer det mot slutten av 2024. 
I bildegalleriet ved sida av kan du sjå litt av det som skjer for tida.
30.04.2023
VEGEN ER FERDIG TIL FLYPLASSEN I ARNEVIK
Ja, du las rett, me har fått ein flyplassveg i FATLANDSKOGEN. Denne går frå gapahuken inne ved steinbrotet i HJORTESTIEN, og 700 meter nordover i skogen, inn på garden Arnevik.
Me får vera ærlege og seia at det er ikkje ein ordinær flyplass me snakkar om. Rett nok har det landa eit fly der, men berre éin gong, og det kom aldri i lufta att. For det er snakk om ei tragisk flyulukke, i januar 1954, og flyet styrta nett der. Den eine av dei to som var ombord omkom. 
Sigvald Robberstad har merka denne løypa frå FATLANDSKOGEN, fram til "flyplassen", som ligg på Cathrin Svåsand og André Isdal sin eigedom. Som grunneigarar vil dei gjerne sjå på denne spesielle plassen som eit lokalt kulturminne som det er verdt å ta vare på. Ein veldig god tanke, som me støttar fullt ut.
Løypa frå gapahuken vår forsvinn ut av FATLANDSKOGEN etter berre nokre få meter, så me har berre ein plakat ved starten av løypa. Men vidare langs løypa har Sigvald sett opp info-plakatar om ditt og datt som du kan sjå undervegs. 
Mellom anna så spaserer du over ein demning rett nedanfor Ådnaviksvatnet. Denne er av same typen som den me har i FATLANDSKOGEN, og han er minst like fin. Også den er eit automatisk freda kulturminne.
Ta turen så snart du kan! Dette er spennande! Du får meir info om flyulukka når du kjem fram. Til FLYPLASSEN.
19.04.2023
PS. Om du vil lesa litt meir om denne hendinga, kan du sjå kva Kristian hus har skrive her og her.
23.04.2023
Her startar Flyplassvegen. I bakgrunnen ser du den første av Sigvald sine infoplakatar. April 2023.
Her startar Flyplassvegen. I bakgrunnen ser du den første av Sigvald sine infoplakatar. April 2023.
Og denne første plakaten fortel om stemmen som du skal gå over litt lengre framme. April 2023.
Og denne første plakaten fortel om stemmen som du skal gå over litt lengre framme. April 2023.
Her er Cathrin på FLYPLASSEN og viser fram ein del av motoren. Denne har lege der heile tida frå 1954. Ho har også skaffa seg propellen, frå museet, og kanskje fleire interessante ting. Foto: Kristian Hus.
Her er Cathrin på FLYPLASSEN og viser fram ein del av motoren. Denne har lege der heile tida frå 1954. Ho har også skaffa seg propellen, frå museet, og kanskje fleire interessante ting. Foto: Kristian Hus.
Den raude kula viser kor FLYPLASSEN er. Løypa frå FATLANDSKOGEN startar omlag ved bokstaven "n" i "Fatland".
Den raude kula viser kor FLYPLASSEN er. Løypa frå FATLANDSKOGEN startar omlag ved bokstaven "n" i "Fatland".
HJELPE MEG FOR EIN PÅSKEFEST I SKOGEN!
Det har krydd av folk i FATLANDSKOGEN i heile påskehelga. Ein nabo som har god oversikt over trafikken, seier at han trur det har vore rundt tusen gjester kvar dag på dei beste dagane. Det er i så fall godt over det me hadde venta.
For Arne var det litt spesielt, kan ein trygt seia, å ha hundrevis av gjester på feiringa av 75-årsdagen sin på onsdagen. Det var veldig kjekt, og metoden kan anbefalast på det varmaste til andre. Les forresten den koselege reportasjen i Kvinnheringen (betalingsmur).
Denne gongen var det medlemmer av Gjerde-familien som stod for alt arbeidet. Dei fortener stor takk og ros for ein kjempeflott innsats, og for at dei spanderte fleire dagar av påskeferien sin for at folk skulle få det kjekt i skogen! Neste gong må me nok finna andre til desse oppgåvene.
Me vil òg retta ei stor takk til alle som stilte opp med kaker til kafeen! Det vart rikeleg med kaker, så nokre er frosne ned til bruk ved neste høve.
Så vil sjølvsagt Arne takka alle som var med på bursdagen hans, og alle som gav han noko, anten det var på eine eller andre måten! Spesielt stor takk til Egil Vaage, som stilte opp og underheldt med fela si!
Til slutt vil me takka alle gjestene våre, som våga å tru på oss, og på at me hadde fått til noko som var verdt å oppleva! Det er ikkje måte på skryt me fekk, frå folk som ikkje hadde vore her før. Og også frå dei som er her ofte, fordi dei har funne sitt skogparadis her på Fatland.
Nedanfor ser du eit lite bildegalleri frå helga. Mest frå bursdagen til Arne, som har teke desse bilda. Det vart naturleg nok lite tid å gå rundt i skogen og fotografera. Han hadde problem med kameraet, som gjorde at alle bilda vart overeksponerte. Men med litt fiksing på datamaskinen, vart dei til nød brukande likevel.
10.04.2023
Mykje bilar var det kvar dag, her er den minste parkeringsplassen i ferd med å fyllast opp, tidleg på dagen.
Mykje bilar var det kvar dag, her er den minste parkeringsplassen i ferd med å fyllast opp, tidleg på dagen.
Etter kvart byrja gjestene å siga inn. NATURSCENEN var klar med snittar og kaker til gjestene.
Etter kvart byrja gjestene å siga inn. NATURSCENEN var klar med snittar og kaker til gjestene.
Gjestene samla seg dels rundt dei fire 10-mannsborda me hadde, men like mykje likte dei å sitja på tribunen.
Gjestene samla seg dels rundt dei fire 10-mannsborda me hadde, men like mykje likte dei å sitja på tribunen.
Jublianten stilte i det finaste fritidsantrekket han kunne finna i skapet sitt. Foto: Torbjørn Aarsland.
Jublianten stilte i det finaste fritidsantrekket han kunne finna i skapet sitt. Foto: Torbjørn Aarsland.
Til tider var tribunen heilt full av gjester. Her halvfull, men med kø framfor maten.
Til tider var tribunen heilt full av gjester. Her halvfull, men med kø framfor maten.
Sola gjorde det svært triveleg å vera i denne solhola, som er skjerma for det meste av vind.
Sola gjorde det svært triveleg å vera i denne solhola, som er skjerma for det meste av vind.
Egil Vaage hadde teke med seg hardingfela, for å setja ein ekstra spiss på festen. Det klarte han med glans!
Egil Vaage hadde teke med seg hardingfela, for å setja ein ekstra spiss på festen. Det klarte han med glans!
Ikkje nok med det, men han syng òg, den karen. Her syng han til jubilanten, ein hyllest som han har skrive sjølv! Tusen takk, Egil!
Ikkje nok med det, men han syng òg, den karen. Her syng han til jubilanten, ein hyllest som han har skrive sjølv! Tusen takk, Egil!
Kvar natt hadde påskeharen vore på ferde og lagt ut gule godteposar, som ungane skulle finna.
Kvar natt hadde påskeharen vore på ferde og lagt ut gule godteposar, som ungane skulle finna.
Det yrte av ungar i området rundt NATURSTIEN, frå ganske tidleg på morgonen.
Det yrte av ungar i området rundt NATURSTIEN, frå ganske tidleg på morgonen.
Somme brukte til og med hund for å snusa opp godteriet. Då byrjar det å bli avansert!
Somme brukte til og med hund for å snusa opp godteriet. Då byrjar det å bli avansert!
Dei som fann noko, var svært stolte over å visa fram fangsten.
Dei som fann noko, var svært stolte over å visa fram fangsten.
Torunn fortel om kva godt du kan få kjøpa.
Torunn fortel om kva godt du kan få kjøpa.
Og Sunniva lurer fælt på kva ho skal velja, frå det velsmakande kakebordet.
Og Sunniva lurer fælt på kva ho skal velja, frå det velsmakande kakebordet.
Andre verkar meir målbevisste.
Andre verkar meir målbevisste.
Tiril og Hildegunn sel lynlodd til tre gjester med vinnarinstinktet på plass.
Tiril og Hildegunn sel lynlodd til tre gjester med vinnarinstinktet på plass.
Til slutt må alle luffa heimover att, etter ein fantastisk dag i FATLANDSKOGEN.
Til slutt må alle luffa heimover att, etter ein fantastisk dag i FATLANDSKOGEN.
Øyvind ryddar plass til fleire bilar på parkeringsplassane.
Øyvind ryddar plass til fleire bilar på parkeringsplassane.
Endeleg har gauken komme til FATLANDSKOGEN.
Endeleg har gauken komme til FATLANDSKOGEN.
GOD PÅSKE!
Som du ser av plakaten her, og av tekst lengre nede på sida, så er du velkommen i FATLANDSKOGEN i påskeveka! Så langt ser vêret ut til å bli veldig bra, og det betyr i så fall at det kjem mykje folk.
Det er svært viktig å parkera med omsyn, slik at alle får plass! Følg skilt om parkering, og parker berre på oppmerka felt A, B og C. Og parker berre på tvers av vegretningen, elles tek du opp plass for fleire bilar.
Og parker berre på høgre sida av bilvegen innover. Ikkje på venstre, og ikkje i rundkøyringa eller krysset inn til sagbruket! Det skal vera snuplass for vogntog og bussar.
I påskeveka får du lov til å parkera inne på sagbruksområdet òg. Då skulle me kanskje ha plass til nærmare 100 bilar totalt.
Som du ser av bildet så har me dei siste dagane utvida parkeringsplassane litt. Det er Øyvind Gjærde som stiller opp med gravemaskinen. Tusen takk til deg, Øyvind!
På det andre bildet har gauken òg omsider gjort sitt inntog i NATURSTIEN. Som vanleg er det Kjell Musland som står for utforminga av fuglen.
Hjarteleg velkommen skal du vera!
01.04.2023
TUR-ORIENTERINGA ER I GANG
Sigvald Robberstad melder at nå er tur-orienteringa i gang for 2023. Det same er Åsatrimmen
I år er tur-orienteringspostane lagde i området sørover på Halsnøy. Det betyr at FATLANDSKOGEN ligg som eit smørauge midt i dette området. Parkering ved RAUALØO vil då vera naturleg for ein god del av postane.
Ansvarlege for opplegget i år som dei siste åra, er Halsnøy o-lag, i samarbeid med Haug & Hammar
Tilboda er opne for alle, både store og små, unge og eldre. Deltakarkort og tur-o-konvoluttar er tilgjengelege i butikkane Buketten på Sæbøvik, og Anne Maries Blomster på Husnes.
Tek du ein tur gjennom rundløypene våre, vil du heilt sikkert treffa på ein eller fleire av tur-o-postane. Då er det frykteleg dumt å ikkje ha klippekortet og kartet med seg.
Så løp og kjøp!
27.03.2023

Her studerer Anna ein av årets tur-o-postar. Denne ligg midt i ei av rundløypene våre.

GULLBRYLLAUP PÅ GULLHAUG
Ja, me har snakka om det lenge. At gullbryllaup på GULLHAUG skal bli favorittarrangementet vårt. Og nå har det altså skjedd.
Den 10. mars hadde me gullbryllaup i kapellet, der Bente og Per Ove Kviteberg sa ja til kvarandre på nytt, etter femti års betenkningstid.
Arrangementet var fantastisk, seier både gullbrureparet og dei 10 gjestene. 
Synest du det høyrest spennande ut? Og aldri så lite freistande? 
Då han du lesa meir her.
21.03.2023
Foto: Atle Helland
DET BLIR PÅSKEFEST I NATURSTIEN!
I påskeveka i fjor var det flott vêr for det meste, og då var det naturlegvis massevis av folk i NATURSTIEN og elles i FATLANDSKOGEN. På nokre av dagane var det faktisk altfor få parkeringsplassar.
Blir det like fint i år, reknar me endå meir folk. For nå er FATLANDSKOGEN endå meir kjend mellom folk, over eit endå større distrikt. Difor byrjar me allereie å førebu oss.
Det eine er at me ryddar opp i stor stil inne på sagbruksområdet. Ved å stilla dette området til disposisjon for parkering i påskeveka, vil me meir enn dobla parkeringsarealet. 
Ver merksam på at det berre er i påskeveka du kan parkera ved sagbruket!
Det andre er at me vil pynta litt til påske. Det lange påskebordet vil bli dekka opp, slik det har blitt dei to føregåande åra. Og Nissehuset blir gjort om til Hønsehuset.
Det tredje er at lommeboka skrik etter pengar nå. Etter at Arne pensjonerte seg ved nyttår, har inntektene hans slutta å komma. Dermed er det ikkje så mykje anna enn arbeid og materialar me grunneigarane kan bidra med framover. Viktig det òg, sjølvsagt, men det trengs ein god slump pengar i tillegg. 
Etter nyttår har det komme veldig lite inn på sponsorkontoen vår. Me vil takka av heile vårt hjarte dei som faktisk har sendt oss pengar, også alle dei som gav i fjor er me svært takksame overfor. Me fekk gjort mykje i fjor for dei pengane.
Men me har så mykje me vil gjera i år òg. Etappe 3 i NATURSTIEN har me byrja på, og LABYRINTEN, STEMMEN og STEMHILDEREN er allereie på plass der. Men me vil gjerne ha resten av denne etappen ferdig også dette året.
Difor blir det frå og med onsdag i påskeveka, til og med påskedag, ein liten stand i NATURSTIEN. Altså frå og med 5. til og med 10. april. 
Her vil me mellom klokka 1400 og 1600 kvar dag selja vaflar, kaker, kaffi, og ikkje minst lynlodd. Kanskje andre ting òg. Inntektene går uavkorta til arbeidet med Etappe 3. Har du vinstar du gjerne vil gi bort, tek me imot med takk. Verdien bør vera rundt 100 kroner.
Det vil seia, på onsdagen fyller Arne 75 år! Den femte april.
Den dagen vil han feira i skogen, saman med alle gode venner av FATLANDSKOGEN. Og då blir sjølvsagt all servering gratis, så langt lageret rekk av kaker og andre godsaker! Det skulle tatt seg ut om han tok betaling frå gjestene på bursdagen sin. Då hadde han sikkert komme i avisa. Og der har han vel aldri vore før.
Men lynlodda må du naturlegvis betala for. Fest & basar, med andre ord!
Dette skal bli kjekt! Me snakkast i NATURSTIEN under påskefesten, om ikkje før!
12.03.2023
PS.  Prosjektet med FATLANDSKOGEN vart starta opp av Anna og Arne straks etter at landet vart stengt ned, for nøyaktig tre år sidan, på dagen i dag den 12. mars. Det har vore korona-prosjektet vårt seinare. Påskefesten er difor treårs-jubileumsfest samstundes!
PS2. Også i år skal me få besøk av påskeharen. Han vil ikkje leggja ut egg, slik han har gjort før, for egga kostar flesk, seier han. I staden legg han ut gule posar, med mykje velsmakande innhald i, langs NATURSTIEN. Også dette blir visstnok frå onsdag til påskedag.

Mon tru om det er slik Arne vil stilla opp i NATURSTIEN den femte april? Møt opp, så finn du det ut. Klikk på bildet for å sjå kor stor Arne er blitt! Bildet er frå kapellet på GULLHAUG. Foto: Anna Gjerde.

HJORTESTIEN ER ENDELEG GANGBAR
Det er lenge sidan me byrja å snakka om HJORTESTIEN, men først nå er han ferdig skilta heile vegen. Anna og Arne har tatt seg saman og fått det på plass.
Denne løypa er kanskje den mest krevjande av dei tre rundløypene våre. Første etappen er enkel, for den går på bilveg, inn til steinbordet i Åsabakken. Den andre etappen har bratt stigning, så her treng du kanskje kvila på vegen. Den tredje etappen er ganske flat og fin å gå. Og den fjerde, heimover att frå Skaret, er berre unnabakke.
Les meir under HJORTESTIEN i menyen på toppen. Der finn du også bilde frå løypa.
Du må berre prøva denne løypa. Her er det berre hjorten som har vore før deg!
God tur!
16.02.2023
LIVET I FATLANDSKOGEN
Dei som er litt oppe i åra hugsar vel gammalvalsen Livet i Finnskogen, komponert og framført av trekkspelkongen Carl Jularbo. Underteikna spelar framleis den av og til, når fingrane ikkje er altfor stive. Kanskje burde me laga ein tekst som byter ut Finnskogen med Fatlandskogen?
Ein skulle vel tru at det ikkje er særleg liv i FATLANDSKOGEN nå om dagen, sidan vêret helst har vore pottesurt etter nyttår. Og dei aller verste dagane kan du gjerne få ha for deg sjølv, om du skulle finna på å ta turen. 
Men jamnt over, og særleg nå i februar, så er det faktisk ein del folk som går tur. På laurdagar og søndagar kan det vera folk som oppheld seg i mange timar, gjerne ved ei av bålpannene, og det synest me grunneigarane er fantastisk kjekt.
Det er bålpanne på tre stader (tørr ved er på plass): 
NATURSTIEN, ved DET LANGE BORDET
- FATLANDSVATNET RUNDT og HJARTESTIEN, i gapahuken ved vatnet 
- HJORTESTIEN, oppe ved steinbrotet (rullestolveg heilt fram)
Veldig koselege og vakre bilde kan ein laga om vinteren òg. Du ser nokre få av dei her.
Nyt dagane!
14.02.2023
PS. I dag var me på framsida av VisitNorway sin Instagram-konto, sjå her. Så HJARTESTIEN byrjar kanskje å bli internasjonalt kjend etter kvart?
NATURSCENEN er kanskje på sitt spenstigaste når det ligg snø rundt i terrenget. Januar 2023. Foto Vibeke Teigen.
NATURSCENEN er kanskje på sitt spenstigaste når det ligg snø rundt i terrenget. Januar 2023. Foto Vibeke Teigen.
Carl Jularbo som ung. Han skulle me gjerne hatt på NATURSCENEN! Foto: Ukjent/Wikipedia.
Carl Jularbo som ung. Han skulle me gjerne hatt på NATURSCENEN! Foto: Ukjent/Wikipedia.
Gapahuken oppe i HJORTESTIEN er kanskje litt undervurdert av mange. Men utruleg lunt og koseleg er det her. Og rullestolen køyrer du heilt opp, og rett inn. Januar 2023.
Gapahuken oppe i HJORTESTIEN er kanskje litt undervurdert av mange. Men utruleg lunt og koseleg er det her. Og rullestolen køyrer du heilt opp, og rett inn. Januar 2023.
Frå gapahuken ved FATLANDSVATNET RUNDT kan du sitja og studera svanene på isen. Januar 2023. Foto Hildegunn Ruud.
Frå gapahuken ved FATLANDSVATNET RUNDT kan du sitja og studera svanene på isen. Januar 2023. Foto Hildegunn Ruud.
Ikkje gløym å ta turen oppom GULLHAUG viss vêret er fint. Bruk den vesle porten til høgre. Januar 2023.
Ikkje gløym å ta turen oppom GULLHAUG viss vêret er fint. Bruk den vesle porten til høgre. Januar 2023.
GULLHAUG er berre gullhaug, meir er det ikkje å seia om det. Bortsett frå at utsikten er formidabel i sånt vêr. Januar 2023.
GULLHAUG er berre gullhaug, meir er det ikkje å seia om det. Bortsett frå at utsikten er formidabel i sånt vêr. Januar 2023.
NY FLOTT VEGVISAR FOR RUNDLØYPENE
Mange er det som har stått ved RAUALØO og klødd seg i hovudet. Og spurt seg sjølve eller andre om kor dei skal gå for å finna denne vidgjetne HJARTESTIEN
Det står jo skilt om dette, men ikkje alle har enno blitt vane med å lesa skilt, dei liker helst å berre gå i veg. Difor har me gjort litt for å informera betre.
Denne staselege vegvisaren, med retningspil for alle dei tre RUNDLØYPENE våre, står nå plassert rett ved parkeringsplassen. Og den som ikkje no klarar å sjå kva retning dei skal gå i, må snarast gå til optikar.
Det er Kjell Musland som har laga skilta. Sjølvsagt, hadde eg nær sagt. Og sidan dette var rett før jul, og han var i julestemning, og me bedyra at me hadde vore snille heile året, og han faktisk trudde på oss, så gav han skilta til FATLANDSKOGEN. Heilt gratis!
Tusen takk, Kjell! Endå ein gong!
23.01.2023
GODT NYTT ÅR!
Klikk på knappen 'Aktuelt i 2022' viss du vil sjå deg tilbake på året som gjekk.
Godt nytt år, ja. Me hadde eit godt år i fjor i FATLANDSKOGEN, då skjedde det mykje. Men året 2023 teiknar diverre ikkje like godt førebels. 
Det er kanskje ikkje vanleg å starta eit nytt år med så pessimistiske tonar, spesielt når me har så mykje me vil ha gjort framover. Men problemet er pengar. Eller rettare, mangel på slike.
Nå ved nyttår sluttar eg, Arne, å jobba, og datafirmaet mitt har eg alt lagt ned. Sidan eg blir 75 til våren er det sanneleg på tide. "Alle" seier at eg fortener det no. Og takk for det, eigentleg!
Men så er det nå eingong slik at utan jobb og kundar, så sluttar pengane å komma inn. Tidlegare har me brukt alt av tid og pengar som var til overs, på å utvikla FATLANDSKOGEN. Nå blir det ingen pengar til overs i det heile.
Dessutan har det vore svart hav i det siste, når me har prøvt å få pengar frå fond og stiftingar. Me vil prøva litt til, men dersom det er like svart utover vinteren og våren, så vil det skje svært lite nytt dette året.  Me jobbar med ein plan som kanskje kan gi resultat på litt sikt. Men førebels må arbeidet diverre gå på sparebluss.
Men du må gjerne gå tur nå om dagane, sjølv om vêret vekslar stadig. Når det er kuling og iskaldt rundt om, er det gjerne heilt vindstille i FATLANDSKOGEN. Nyttårsdag var eit typisk døme på dette, der folk koste seg i sola i skogen, mens det var iskald vind på GULLHAUG.
Bilda ved sida av her, viser litt om korleis det er i NATURSTIEN nå om dagane. Lysarrangementet vil stå oppe iallfall til og med kommande helg. God tur!
03.01.2023
Ulven, som Kjell Musland har laga nyleg, er kommen i sitt rette element.
Ulven, som Kjell Musland har laga nyleg, er kommen i sitt rette element.
Denne ugla er no på plass. Ho er den einaste dyrefiguren som ikkje er laga av Kjell, men derimot av sjølvaste verdsmeisteren i motorsagkunst. Han heiter Oliver Vogt.
Denne ugla er no på plass. Ho er den einaste dyrefiguren som ikkje er laga av Kjell, men derimot av sjølvaste verdsmeisteren i motorsagkunst. Han heiter Oliver Vogt.
Den lange blyanten har flytta på seg i det siste. Men han er framleis av tre. Og tre meter lang.
Den lange blyanten har flytta på seg i det siste. Men han er framleis av tre. Og tre meter lang.
Kan du høyra ei knappe... eh ... furunål falla? Foto: Magne Djuve.
Kan du høyra ei knappe... eh ... furunål falla? Foto: Magne Djuve.
Nissane er framleis på plass i huset sitt, men verre er det med peparkakehjarta. Dei har nemleg fuglane ete opp! Foto: Magne Djuve.
Nissane er framleis på plass i huset sitt, men verre er det med peparkakehjarta. Dei har nemleg fuglane ete opp! Foto: Magne Djuve.
DET LANGE BORDET har ikkje blitt kortare, og det er framleis ingen som har funne eit lengre bord her i landet!
DET LANGE BORDET har ikkje blitt kortare, og det er framleis ingen som har funne eit lengre bord her i landet!
Tilbake til toppen