DESEMBERKOS I NATURSTIEN
Nå er NATURSTIEN pynta til jul. Iallfall delvis, for det blir meir pynting når sjølve jula innfinn seg. Men mellom klokka 15 og 23 kvar dag er det lys i dei mest brukte delane av stien, i heile desember og langt ut i januar.
Og hugs, det er ikkje hjortejakt i NATURSTIEN, jakta føregår mykje lengre inne i skogen. Sjå litt på bildeserien nedanfor, og ta turen sjølv. Ha med sitjeunderlag og passande turmat, pluss eit par remedier til å aktivisera ungane med, så blir kvelden heilt topp. Og lommelykt sjølvsagt, det er ikkje like opplyst heile vegen, det syter dagens straumprisar for.
04.12.2021

Anna og Arne ønskjer i desse dagar alle velkomne til den adventspynta NATURSTIEN! Foto: Vibeke Teigen.

Alle lysa får heile området til å skina, sjølv midt på svartaste vinterkvelden. Foto: Vibeke Teigen.
Nøkken stikk eit blåfrose hovud opp av isen nede til høgre.

Klart for familiekos rundt bålpanna. Tørr ved finn du inne i grisehuset. Foto: Vibeke Teigen.

Kostar du snøen av langbordet, kan du ha med deg ein gigantisk familie. Foto: Vibeke Teigen.

Ein ekstra dimensjon blir lagt til førjulskosen når ungane lagar snølykt. Eller snømann, for den del. Foto: Vibeke Teigen.

Enkelt å finna flotte fotomotiv på slike kveldar. Foto: Vibeke Teigen.

Juletreet er på plass. Nissetøys blir det òg etter kvart, men ikkje før det nærmar seg jul. Foto: Vibeke Teigen.

Til slutt ein rask tur oppom Gullhaug for å sjå på den store julestjerna. Ikkje berre lyser ho over bygda, men langt utover fjorden, heilt til Hidle. Foto: Vibeke Teigen.
NÅ KAN DU ENDELEG FÅ LOV Å SPONSA OSS!
FATLANDSKOGEN er grunneigarane Anna og Arne sitt prosjekt. Me brukar all tid og pengar som me kan avsjå til å gjera dette store prosjektet pittelitt meir ferdig for kvar dag som går.
RUNDLØYPENE har me likevel fått enorm hjelp til, frå FATLAND VEL. Den makelause leiaren Kjell Rune Asmervik står på seint og tidleg. Tek du ein tur gjennom HJARTESTIEN vil du sjå alle kloppene han har laga. Her kan du snart gå turrskodd heile året. Fantastisk!
Mange av brukarane i FATLANDSKOGEN spør rett som det er om dei kan få lov å støtta prosjektet med pengar, men me har heile tida sagt nei!
Nå har me likevel innsett at dersom me skal komma i mål med alt dette, som jo kostar svært mykje pengar, så treng me hjelp frå andre. Difor har me oppretta ein sponsorkonto der alle som vil kan gi sitt bidrag, stort eller lite.
Kontonummer for sponsorkontoen er 3525 24 89361. Du kan òg bruka Vipps nummer 724433.
Alt som kjem inn til denne kontoen framover vil gå uavkorta til arbeidet med NATURSTIEN Trinn2. Arbeidet er i full gang, og sjølve stien vil vera gåande før jul, dersom ikkje frosten øydelegg for oss. Til påske håpar me at det meste av innhaldet også skal vera på plass.
Tusen takk for alle bidrag!
24.11.2021

UTSIKTSPUNKTET GULLHAUG
"Me skal koma um inkje so braatt" skreiv salig Ivar Aasen. Me gjer hans ord til vårt, når me som grunneigarar må vedgå at den fysiske tilstanden på lekamen ikkje er som før, og at ting difor tar tid. Noko me visstnok har sagt fleire gonger før.
Men me gir ikkje opp, og noko lite skjer det heile tida, så me tenkjer seriøst på å komma i mål til slutt med prosjektet vårt på GULLHAUG.
Nett nå reiser det seg ein flott platting oppå sjølve utsiktspunktet Gullhaug. Arne, med sin etterkvart dårlege balanseevne, gjer ikkje så mykje av dette, bortsett frå å skjera til og montera golvborda. Som Anna på førehand har olja, inne i treverkstaden vår, der det er avfuktingsanlegg.
Sjølve konstruksjonen er det det Arne Ragnar Johnsen som monterer. Han er ein flink og dreven snikkar, som nett har pensjonert seg. Men ikkje meir enn at han likar å vera med litt på Gullhaug-prosjektet. Tusen takk til han for det!
Føremålet med dette arbeidet er først og fremst å sikra området med rekkverk, slik at ingen dett utfor. Men naturlegvis blir det òg fantastisk kjekt med eit stødig golv å opphalda seg på.
05.11.2021
TRINN2 AV NATURSTIEN ER I FULL SVING
Endeleg kan me seia at arbeidet med Trinn2 i NATURSTIEN er i gang for alvor. Fram til nå har det vore gjort ein heil del arbeid med planlegging og førebuing, men først denne veka byrja det å skje noko ute i marka.
Arild Landa er etter måten ung og sprek framleis, så han har felt ein del tre innover til venstre i bildet, som du ser. Her skal det lagast ein sti gjennom skogen, bort til ein gammal traktorvegstubbe, som me held på å oppgradera. Desse to til saman utgjer traséen for Trinn2.
Etter helga kjem så Øystein Thormodsæter med gravemaskin for å gjera ein del tilpasningar på traséen, før me to gamlingane (Anna og Arne) går i gang med å leggja duk og køyra ut grus.
Trinn2 skal bli minst like fin å gå på som Trinn1 er. Og iallfall halvparten av stien skal bli rullestolvennleg, kanskje heile, det avheng av kor langt pengane rekk.
Tusen takk til Fjelberg Kraftlag stiftinga, som gav oss 300 000 blanke kroner til Trinn2! Ved hjelp av denne kjært mottekne gåva håpar me å kunna visa fram eit resultat til påske.
03.11.2021

SEINT MEN GODT - FOR KAPELLET
Ting tar tid, det er vel eit kjent ordtak for alle, men spesielt for oss litt oppi åra. Rom vart ikkje bygd på éin dag, er eit anna. Begge desse kan passa godt når det gjeld kapellet på GULLHAUG.
Framover går det likevel, smått om senn. Og ferdigdato er sett førebels til rundt jul, men sidan kapellet truleg ikkje skal brukast før 17. mai neste år, er me ikkje redde for at det kan vanka dagbøter her.
Som du ser av bildet så er spesiallaga blyglas nå på plass. Fint montert av Kjell Musland, som Arne no har døypt om til Kjell Kapell.
Nett nå held same to karane på med å laga inngangsdør til kapellet. Arne skjer og høvlar materialane, av fin raud lerk. Og kapellmeisteren monterer, sidan han er den som er avgjort stødigast på labben.
Det er kjekt, beintfram!
18.09.2021
SKOGSTIEN ENDRAR NAMN TIL NATURSTIEN
Frå september 2021 endrar SKOGSTIEN namn til NATURSTIEN. Dette har samanheng med at skogselskapet har gjort dette for alle sine skogstiar over heile landet.
Les meir om dette under NATURSTIEN i menyen.
07.09.2021


HØGÅSEN - UTSIKTSPUNKTET FOR DEI NEST SPREKASTE
Dei sprekaste går jo på Såto, sjølvsagt. Men dersom du føler at Såto er litt ambisiøst for nett deg, skal du heller prøva deg på Høgåsen. Dit er det kortare, og ikkje fullt så bratt.
Du går inn til enden av HØGÅSVEGEN, og så følgjer du skiltinga vidare. Gå gjerne inn på menypunktet om HØGÅSVEGEN på denne sida og les meir.
Og når du er kommen opp, så er denne 7-manns utsiktsbenken fantastisk å slengja seg ned på. Og berre nyta utsynet over Sunnhordlandsbassenget. Pluss mat og drikke, som du har med deg i sekken.
Det har vore så som så med skiltinga opp til Høgåsen, men nå er det skilta skikkeleg. Til topps, og vidare ned til Kleivo på sørsida, for dei som vil ha ein liten rundtur.
Den nydelege verneverdige naturlege blåbærfuruskogen på sørsida er åleine vel verdt ein spasertur. Og i heile området her oppe er det tusenvis av revebjøller nå om sommaren. Utruleg vakkert!
16.07.2021
HJARTA ER DET NYE TURMÅLET PÅ FATLAND
Kjell Rune er ikkje typen som gir seg på halvvegen. Det målretta arbeidet hans med å laga klopper i FATLANDSKOGEN, har resultert i dette enkle, men på kort tid svært populære objektet. Som folk berre kallar for Hjarta.
Sjølv om det er sommar og varmt og ferie og hagetid og badetid og ferietid og alt det der, så er det kvar einaste dag folk som ruslar i Fatlandskogen. Gjerne heile familiar som slår seg til i mange timar. Og altså, Hjarta er blitt eitt av dei måla dei gjerne set seg for turen.
Lurer du på korleis du kjem dit, så er svaret at det ligg like ved Iglatjødno. Start ved RAUALØO, så går du inn til Stemkrysset og vidare opp til Skaret. Derifrå går du sørover mot SYDNESSÅTA.
Gå inn på punktet RAUALØO på menyen. Der finn du kart som viser kor du går. Og du kan gjerne gå motsett veg, altså frå SYDNESSÅTA og nordover.
God tur!
14.07.2021 (Foto: Kjell Rune Asmervik)


KAPELLET REISER SEG
Nå er kapellet flytta opp til GULLHAUG der det høyrer heime. Tett tak er det iallfall blitt, men så mykje meir kjem det kanskje ikkje til å skje nå i juli.
På bildet ser du Kjell Musland (t.v.) og Arne Ragnar Johnsen, to spreke snikkarar. I tillegg var Øyvind Gjærde på plass med gravemaskinen sin. Utan hjelp frå desse tre ungdommane i sin beste alder (dvs. pensjonistalderen), ville kapellet aldri komme opp.
Grunneigaren sjølv er noko ute av slag for tida, så kan kunne berre peika og kjefta. Men det var behov for det òg innimellom.
07.07.2021
GJERDE LAGAR GJERDE
Ja, slik kan det kanskje seiast. For Arne vil nå framover sommaren og hausten laga gjerde rundt heile GULLHAUG. Det er ein enorm jobb for ein gammal mann.
Først og fremst skal gjerdet halda hjorten ute, frå det som er meint å bli ein flott stor hage. Men også folk skal jo helst halda seg borte på dei tidspunkta når hagen ikkje er open.
For folk vil det sjølvsagt bli mange høve til å komma inn, og førebels er det fritt fram for alle. Målet er framleis å få til ei offisiell opning av hagen på 17. mai neste år.
Opning for folk, altså. Hjorten må nok framleis berre stå og betrakta det heile på avstand.
13.06.2021


GAPAHUKEN VED STEINBROTET
Nå skjer det endeleg litt meir med den flotte muren oppe i brekka ved steinbrotet. Grunneigar har ansvaret for å byggja opp muren og å halda trematerialan, mens HAUG & HAMMAR syter for å få gjort resten av arbeidet. Dei har engasjert Arne Ragnar Johnsen til å gjera det mest fagmessige arbeidet. Godt samarbeid og framifrå lagånd.
Så utpå sommaren, når tørkeperioden er forbi og regnet pøsar ned att, kan det vera råd å komma seg inn under tak her. Og det blir bålpanne, og kos, og alt som høyrer med.
02.06.2021
KAPELLET ER UNDERVEGS
Ja, du las rett. Me er i ferd med å laga eit lite kapell som skal stå rett på nordsida av GULLHAUG. Med fin utsikt utover fjorden.
Du trudde kanskje at det skulle heita "det lange kapellet" eller noko slikt, men her er det nesten det motsette som er tilfelle. Bygget er på berre skarve 15 kvadratmeter, men stort nok til dei føremål det er tenkt å tena.
På bildet viser Kjell stolt fram dei bitane som me har fått til så langt. Når resten av puslespelet også er på plass, flytter me heile greia frå saga og opp dit det skal stå. Til sommaren ein gong er det kanskje tid for å prøvekøyra kapellet, i ein eller annan samanheng.
20.05.2021


Talarstolen er klar, for den som vil halda talen for dagen.

Båden hanen og bjørnen stiller sjølvsagt med sløyfe.
DET LANGE MAIBORDET
Nå er endeleg DET LANGE MAIBORDET pynta. Lenge etter første mai, då det eigentleg burde vera på plass, for å feira arbeidarane i FATLANDSKOGEN. Men likevel i god tid før den syttande.
Sidan nasjonaldagen berre er éin dag lang, let me like godt bordet stå pynta frå i dag av og ut heile mai. Det gir stemning i skogen, saman med omkringståande bjørker og seljer, der lauv og gåsungar sprett om kapp med sola nett nå.
Det blir nok amputert feiring av den store dagen i år òg, ser det ut til. Men har du ingen betre planar, så ta familien med på piknik i SKOGSTIEN, og slå dykk ned ved DET LANGE MAIBORDET. Bunad er ingen hindring. Innan dagen kjem, skal det vera benker rundt heile bordet.
Men hugs å halda avstand dersom det er fleire grupper som kjem dit samstundes!
09.05.2021

GULLHILD INNTAR PODIET
At den nye bestyrarinna på GULLHAUG heiter Gullhild, er vel berre naturleg. I dag vart ho høgtideleg innsett i stillinga si, av Kjell og Arne. Eit skikkeleg staskvinnfolk er ho, og ho smiler til alle som tek turen oppom, og viser fram gulltanna si.
By the way, nå er det sett straum att på det elektriske gjerdet på Gullhaug. Knoppane sprett på dei to hundre metrane med hekk som vart planta sist haust. Og dette veit sjølvsagt hjorten å nytta seg av, han trur at me har planta hekken berre for hans del. Men straum frå Fjelb ... eh ... Haugaland Kraft skal nok få han på andre tankar.
22.04.2021
DUGNAD I OMRÅDET RUNDT STEMMEN
Oddny og Ingemund, gode naboar på Fatland, har teke på seg å rydda området rundt Stemmen. Det er den gamle demninga frå 1800-talet som ligg rett innom Stemkrysset.
Her ser det ganske rotete ut, etter hogsten for få år sidan. Men meininga er at det skal bli fint på begge sider av "elva", som me kallar denne bekken som renn frå Fatlandsvatnet og ned til sjøen.
Med to slik iherdige og ihuga sjeler trur me at det skal bli skikkeleg fint etter kvart. Og då er tanken å planta litt opp gjennom skråningen. Ikkje gran denne gongen, men kanskje litt ulike lauvtre. Eller kanskje ein frukthage? Me får sjå.
Og langs elva kan det bli eit fint område, med bord og benker. Til hugnad for både vaksne, og ikkje minst born, som kan segla med borkebåtar, slik me gamle gjorde i vår barndom.
16.04.2021

NY UTGÅVE AV BROSJYREN 'TURTIPS MED KART'
Som sikkert dei fleste som går i FATLANDSKOGEN har fått med seg, så kan du i postkassen på RAUALØO finna deg ein liten brosjyre, som inneheld litt info og tips, pluss kart over området og løypene.
Denne brosjyren har nå fått ei oppshining, slik at han er endå meir praktisk og oversiktleg enn før. Mellom anna er kartet over heile området sett opp rett under bildet av skogen, slik du ser han frå RAUALØO. Nett slik du ser på bildet her.
Når det så står namn på åsane på bildet, er det lett å sjå nedover mot kartet og finna dei same åsane att der. Kartet er nå snudd mot aust, i staden for mot nord, slik at det er mykje enklare å få oversikt der du står på startstreken.
Gå og finn deg denne nye og oppdaterte utgåva med ein gong! Det er meldt strålande turvêr framover.
Du kan forresten lasta ned brosjyren her.
12.04.2021
BLYANTEN ER PÅ PLASS
Oppe mellom to tre heng han. Iallfall førebels.
Kva han peikar på? Nei, sanneleg. Det burde jo vera ei kjempestor kladdeblokk eller noko slikt. Me får sjå kva det kan enda opp med ein vakker dag.
Føremålet med blyanten er eigentleg å visa eit produkt som blir laga av tre. Fleire slike kjem truleg på plass etter kvart.
09.04.2021


NORGES LENGSTE BLYANT
Me har som kjent Norges lengste bord utan skøyt her i FATLANDSKOGEN. Men me stoppar ikkje der, for nå kjem òg Norges lengste blyant i SKOGSTIEN!
I mars var det sjølvaste Nøkken me presenterte. Pluss det lange påskebordet. Men no i april er det altså berre ein ussel blyant.
Til gjengjeld så er blyanten heile tre meter lang!!!
Kanskje er han på plass til helga som stundar til. Som du ser så er han iallfall på beddingen nede på sagbruket vårt, nesten heilt klar. Det er berre målinga som må tørka litt først.
07.04.2021
DEN LANGE FREDAGEN VED DET LANGE PÅSKEBORDET
I dag er det langfredag 2021, og det har sikkert vore 300 menneske i FATLANDSKOGEN i løpet av dagen. Det var mykje skryt å høyra, både av det lange påskebordet, og av det me elles har fått til så langt. Våre forsiktige innvendingar om at det ikkje er så mykje som er klart enno, og at det meste står att å gjera, vart bryskt avfeidde. Det er kjekt å få skryt på sine gamle dagar, særleg sidan skryten ikkje verka å vera av den amerikanske sorten.
Utpå dagen kom det på plass eit par stylter ved SVIN PÅ SKOGEN, og dei fekk veldig fort bein å gå på, for å seia det slik. På bildet demonstrerer Steinar stort talent. Fleire stylter skal komma i løpet av dei neste dagane. Lengdehoppgropa var òg flittig i bruk.
Og ikkje minst vart kvar ein stein og tuve dei næraste 3-4 metrane frå SKOGSTIEN støvsugd etter påskeegg. Fleire hadde vore heldige og funne seg eitt. Dette verkar å vera den nye nasjonalsporten på Basarholmen.
02.04.2021


DET LANGE PÅSKEBORDET
Nå er DET LANGE BORDET pynta ferdig til påske, og nokre få benker er endeleg komne på plass.
Pynten ordnar altså me. Og ved til bålpanna forsyner du deg med i grisehuset. Maten må du derimot syta for sjølv.
Du er hjarteleg velkommen!
Men hugs å halda koronaavstand dersom mange kjem samstundes!
31.03.2021
NØKKEN ER ENDELEG SJØSETT
Nå er NØKKEN kommen på plass i dammen ved DET LANGE BORDET i SKOGSTIEN. Ser han ikkje skummel ut?
Det var liksom han vakna og fekk liv med det same han kom ned i sitt rette element. Du kan faktisk sjå at han stortrivst.
At han har ord på seg for å lokka folk ut i vatnet, for så å drukna dei, skal du ikkje høyra på. Med hovudet litt på skakke ser han jo så snill ut at "du kan ta han på auene".
Vågar du å prøva?
29.03.2021


VÅRLOTTERIET TIL FATLAND VEL
Trekning er nå føreteken, og på Facebook kan du kan lesa kven som vann, sjå her.
28.03.2021
FATLAND ØLEN sponsar FATLAND VEL!
PÅSKEHAREN ER PÅ FERDE
Som du ser av plakaten til høgre så er påskeharen veldig aktiv i år. Han driv på fram til og med påskeafta, og kanskje endå litt lenger, med å gøyma påskeegga i FATLANDSKOGEN.
Ver merksam på at kvar person kan berre ta maks to påskeegg i løpet av heile påskeveka. Dette fordi ikkje nokre få skal kunna gå kvar dag og støvsuga området for påskegg. Då blir påskeharen sur, for då blir det lite å finna for andre.
Men han seier at dersom du finn meir enn to, kan du gjerne tipsa ein venn eller ei venninne om kor dei kan leita for å finna seg eit egg.
Og kven veit, kanskje vankar det då litt "finnarlønn"? Eller tipsprovisjon, som det heiter på forretningsspråket.
24.03.2021
